tirsdag 28. juli 2015

Svarte uslepne diamantar - Black rough diamonds ♥

Eg kan ikkje få betre medisin enn denne herlige naturmedisinen i form av svarte herlige nøster som kravla rundt med på stuegulvet ♥♥♥

Må berre dele nåkken bilde med dåkke av disse svarte skattane våre...

I går var dei allereie to veker!! Tida flyge og tida går frå kos til "kultkos"...

Ekkje dei herlige vel!!? 
Klem -Anja-


I can`t get any better medicine than this natural medicine in the form of black lovely pupps crawling around with me on the floor ♥♥♥

Yesterday they were already two weeks!! The time fly and now it goes from cuddle to "happycuddle" ...

They are lovely!!

Hug -Anja-

søndag 26. juli 2015

Sunnmøre i mitt hjarte

Eg veit kvar eg bur og eg veit kva vi har å forhalde oss til...vill og vakker natur, mykje drittver som er gløymd etter ein solskinnsdag der gradestokken næra seg og kanskje smyge så vidt over 20 grader ein flott julidag!!... Eg kan sjølvsagt velgje kvar eg vil bu, kan som fleire til tide ønske å flytte til eit litt mildare klima, men eg får heller kle på meg ullskjorta i "sommarvarmen" å nyte den vakre naturen for det kan ein berre ikkje bytte vekk!
Ikkje langt unna Geiranger no...
I år blei det ikkje sommar på hytta foreløpig men det er lov å håpe på ein liten tur som dei 20 siste åra, men det har bitt Sunnmørsk sommar ♥ Jaggu ikkje dumt med kortreist sommar sjølv om veret ikkje er det ein helst foretrekke...Vi tok oss ein todagers i hunderfossen slik at det har blitt gjort har sagt det til barna i fleire år at det skal vi prøve å få til, men vi kjøre forbi kvar gang.
På veg heim kjørte vi om Vågå, Lom og Geiranger!!...Eg fikk igjen ei inderlig ro når eg kjørte over Strynefjellet og skjønna ikkje kvifor vi ikkje nytta denne vegen oftare, så no trur eg vi legg om reiseruta til hytta ;) Vi var så heldig å få fint ver i Geiranger så vi kosa oss med utsiktsstopp og russling mellom dei vakre husa nedi sentrum...

Første utsiktsstopp...Så kom ein turist som ville ta bilde av oss alle ;)
 
 Ååååå hjelpes - mamma og pappa!!... 

 Sååå mange fine og sjarmerande hus!!...

 Geiranger sjokolade er til å bli sjarmert av både eksteriør og interiør...det er like herlig som sjokoladen!! Å ja, det blei med litt forskjellig heim ;)
Herligste trollskattane ever!!...

Veldig fin tur og herlig å ta seg tid til å sjå og nyte Sunnmøre...noko vi skal bli enda flinkare til ;) Vi har iufattelig mange og flotte skatta rundt oss ♥♥♥
Takknemlig for meir påfyll i minnebanken...
Klem -Anja-

Hunderfossen

Fine daga i Hunderfossen for ei veke sidan!!...Ja her har det vore andreting som har opptatt meg enn dataen :) Men her kjem det litt frå parken...det var supert søndagen då vi kunne sitte å sjå på barna som sprang frå ende til mål om att og om att for å "rafte"!! Eg måtte oppi extra gigante og trudde eg aldri skulle kome meg gjennom det, slikt lika eg ikkje...
Veldig fint på barnas hotell så alt i alt ein hyggelig todagers ;) Ikkje minst heimvegen via Geiranger!!
Det finaste med Hunderfossen er fortsatt "trollet"...
Bilda er sjølvsagt tatt UTAN blitz!...
 Litt så her føle eg meg ofte...
"Hovudet under arma og arma i fatle!"



 Barna på egenhand og dei storkoste seg tur etter tur ;)
 Her springe dei til neste tur...
 Eit troll med tre hovud!!...Ja kjenne meg igjen i det også eg, steik hadde det berre funka å satt "det" i sollys...
Denne var kjenn å ta om igjen og om igjen når det var laaaaange køer over alt mandagen...
Så har eg litt bilder tatt med mobilen..
 Gjett kor eg er!?...Klarte til og med å smile litt!!.....jada, det var før det begynte å gå nedover ;)
 Inne i energihuset...

No kan vi veffal hake ut Hunderfossen, for no har vi vore i parken med barna ;)
-Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...