fredag 24. juli 2015

Prosjektet rulla

...ja det gjer faktisk det, det rulla framover sjølv om det aldri rulla like fort som eg ønska så går det faktisk framover!! 
Naboen kom bortom då vi var nesten ferdig med taket med dei første orda "dåkke står på dåkke"! Ja, sei eg forsiktig og undra meg litt for eg syns eg får gjort lite. Men, det har vel med problemstillinga "Anja må endre tankesettet sitt frå før skade til no i etterkant" for eg trur fortsatt at eg skal få gjort like masse og like fort no som før...

Men når det er sagt og eg tenke meg om har vi fått gjort litt ymse...i går blei taket på hunderommet ferdig lagt og behandla, så i dag står flislegging for tur og då må eg pendle heile greierne over på gubben... Skulle gjerne likt å kunne gjere det sjølv, men får innsjå mine begrensingar i ei litt dårlig kroppslig periode ;) Her er det snakk om prioritering og då er hunderommet viktigst å få ferdig :)))
Gårsdagens snappa...først måtte eg kome igang, så blei det tak og til slutt behandla med beis...Håpa sjølvsagt at dei firbeinte blir nøgd med farge og materialval, håpe dei ikkje ligge der å gremma seg over dårleg hobbyhandtverk :))
Elles er eg inga beautyqueen så derfor drit eg i sensurering, retusjering, ja og sminke det skal "handywoman" huske neste gang!!...åååå raud er sjølvsagt min farge... NOT!! ;)

Pappa var bekymra for om eg var blitt for dårlig etter den lille økta i går kveld... Nei, var faktisk verre før eg begynte og det er heilt sant!! 
...Det vise igjen at det ikkje er vits i å legge seg ned!!!... Det bør vi alle tenke på før vi legge oss ned å syns synn på oss sjølve ;) Kroppen har godt av å vere i aktivisering uansett kva forfatning ein er i...

Så gleda eg meg stort til ting tek form, og skal prøve å halde utålmodigheita mi i sjakk!!
-Anja-

2 kommentarer:

  1. Kor kjekt opg spennende...hihi,skjønner godt du syns det går for sakte men det får ta den tiden det tar og plutselig e dokke i hus!!!!
    Toveklem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for det Tove!! :) Ja, alt går liksom sakte, men ein må berre ta den tida ein treng!!...........sjølv om det er kjedelig å "innrømme" ;)
      Klem

      Slett

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...