mandag 13. juli 2015

Utstillingsglede

...glede for å vere på utstilling, glede for at eg etter dei siste dagers verk klarte å springe i ringen!, glede for å vere ilag med andre hundefolk og ikkje minst glede over at valpekjøpera gjer det bra i ringen og vil vere med vidare...

Ute i god tid etter ei våkenatt der "Sky" har vore litt urolig og eg var spent på om eg kunne reise på utstilling. Tim Are kunne ikkje bli med på utstilling for han måtte vere heime å tørke valpane om dei kom.
Eg og Katja kjørte avgårde med "Keesha" og "Bobby" :)
Inne i Tresfjorden møtte vi Sølvi og Jarle med "Chico".


Meget godt fornøgd med dagens resultat for dommar Harto Stockmari frå Finland. 
- Kvasneset`s Himmelens Diamant "Chico" 1BHK cert,BIR, BIG og BIS4!!
- Kvasneset`s In Long December Night "Bobby" 1bhk valp 6-9 mnd., BIR, BIG2
- Kvasneset`s In Case of Christmas "Keesha" 1btk valp 6-9 mnd., BIM.
 Keesha og Bobby...
 Chico her til bedømming...
BIR & CERT - Kvasnesets Himmelens Diamant og BIM & CERT - Black Flat's Dame Zara
 Katja fikk låne Kjersti si Wilma i barn og hund...der viste dei seg bra og blei nummer 2!!...
 Her har "Chico" vunne gruppa!!...
 "Bobby" i gruppefinalen og blei nummer 2!!
"Chico" blei nummer 4 i best in show finalen!!..

No gleda vi oss over at eit nytt lite kull med svarte skatta er på veg her på Kennel Kvasneset. Med ei våkenatt til er fødselen no igang...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...