tirsdag 14. juli 2015

Eit døgn med nye svarte skatta

Eit døgn er gått sidan første av dei fire kom til verda...og her ligge eg og Tim Are å høyre på dei herligste lydane. Det skal seiast at i natt var dei herlige men litt irriterande for søvn har det ikkje blitt dei tre siste døgna. Natt til søndag (før utstillinga)begynte allerede Sky å bli veldig urolig, så natt til mandag var blokkinga i full gang og eg la meg rett ved kassa, her låg eg med ei hand på ho heile tida, om eg ville ha pause litt så stod ho over meg...jaja handa måtte berre over kassekanten nesten eit flashback frå spebarnsperioda, men då var det veffal sprinkla i senga så litt betre for handa ;)
 Tim Are venta i spenning på første valpen...og endelig får han tørke den ♥♥♥
Kl. 10.02 kom første tispa og brukte tid så barna også fikk sett fosterblæra med vatnet som sirkulerte rundt. Tim Are: "Åj ligge den inne i ei boble?" Før ho var heilt fri var ho borte på patten å fikk dei første dråpane...
10.27 kom ein nydelig gutt.
10.45 kom ei tispe til...så no håpte vi berre på ein gut til ;)
Det tok si tid med den siste, Sky fikk god pleie, fikk godt med energi, hønsekraft og litt hønsekjøtt...
Tim Are er så flink å ta seg av både Sky og valpane, ja Katja også men ho er nok ikkje like oppslukt som minsten ;) så kjem det frå han: Tur ho Sky blei litt stolt for ho fikk eit par unga, meeeen det kommer til å bli eit helsikke styr for ho!! :))

Vi var ute å gikk nåkken runde og småsprang litt for å få betre rier. Eg fekk lagt ut litt bilder frå dagen før og spist litt.
Etterkvart var det på tide å få ut den siste, vi vil jo gjerne at han ikkje ligge for lenge så vi kanskje mista han. Så heldigvis kl. 13.23 kom siste gutten att fram...
 Her er bilde av tispe nr. 2 og av alle mett og god...
Puppies born today ♥ two boys and two girls. Sky is tired and she can relax when Tim Are take care of the puppies, and now she sleeps well in his lap...

Herlig berre å nyte roa ved kassa når alt er overstått. Tim Are satt ilag med Sky og ho var så sliten at ho sovna på fanget hanna, og ho sov tungt...
Etterkvart blei de middag laga av gojenta vår og servert av Timmen ;)
 Katja laga mat og la på tallerken, Tim Are serverte med ein Bon Appetit...

På kvelden var Tom valpepassar og då tok eg og barna oss ein herlig sykkeltur, godt å få lufta hovudet.
Ut på sykkeltur og nedom Devoldfabrikken for å sjå skuta som låg der...
Ein av mine desidert største blomsterfavorittar Lavendel ♥♥♥
 Avslutta med tur rundt Vassetvatnet...

På nytt blei det ei våkenatt med lyda frå valpa som har kome i trangsteg, vil fram til matfatet eller berre ligge der mete og drøymer...Om ein er litt trøtt spilla ingen rolle når det belønnast med herlige svarte diamantar ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...