torsdag 16. juli 2015

Steik kor heldig eg er!!

I kveld var både eg og barna steike heldig som fekk med oss papsen på sykkeltur!!! :)
Klar for sykkeltur...og ikkje lenge etter start møtte vi denne skjønningen...
 
Skattane mine i farta...mange fleire bilder litt lengre ned ;)

Elles måtte eg her ein dag berre ein tur innom legevakta...for i lengre tid har eg hatt problem med ankelen når eg går spesielt på fjellet, i skauen og i trapper, ja innimellom så eg nesten ikkje klare å gå...Så kom eg på at skal eg klare og ha sjans på å nå ein fjelltopp eller to i haust så måtte eg få bukt med problemet, men ingen lege før eg var ferdig med hundeutstillinga søndag... Teipa, støtte og smertelindring i form av gele og tabletta fikk meg gjennom utstillinga, ja ja på eit litt mindre elegant vis men eg kom meg gjennom da ;)

Då eg kom til lege burde eg nok ta opp problemet med ryggen/hofta, men vil jo helst vente med den til eg skal på Ullevål, så tok det som har mindre med ryggen å gjer. Egentlig lite å klage over der legen konstaterte betennelse i nedre del av foten...Eg fikk beskjed om å følge kuren og ikkje belaste foten så mykje, ja kva er det? Inntil smertegrensa......då måtte eg flire litt for det ana eg ikkje kva er. Så dermed bruka eg foten til det huslige og småtterier, så har tura blitt til sykkeltura :) Nedturen er at den tidligare så fancy sykkelen min har sånn liggestilling som er for mykje til at ryggen min og den nerveskada foten takla stillinga... 
Tom meinte eg måtte sjekke om dei har ny sykkel på sporten. Så sykla eg forbi sporten i dag og der stod Arne ute og spør om han har ein betre egna sykkel!? Nope.....men han kunne få skrudd på ein vippegreier på rattet og vips betre stilling. 
Ut litt seinare på dagen i dag og der var sykkelen klar med nesten perfekt stilling!!! Min kjære ler godt og syns sykkelen var fin, kjøpte seg "setemjukar" og nye dingsa til handtaka til min gamle sykkel...
Så får sei TUSEN TAKK til min kjære som tek min gamle medan eg fekk meg ny ❤️

Firerbanden på sykkeltur i kveld ♥♥♥ steik kor kjekt det var å få med seg Tom på tur, ja det syns han sjølv også!! Sååå får vi vel berre sjå i morra kor kjekt han syns det er...så får eg berre minne han på kor kjekt det er på tur ilag, og etter eit par tura merka ein lite til problem med setemuskulaturen ;)


Steik kor kjekt å få deg med ut på tur kjære!!...
Ved Vassetvatnet er "gjengen" samla til sykkelselfie 
 Roser i solnedgang...
 Skjønneste Katja...skatten min ved Vassetvatnet ♥♥♥
PÅ heimvegen ein liten stopp for barna lurte på om vi hadde ein hemmelighet på ganga... ;)

No kan eg sykle, avlaste foten og ikkje få så vondt i ryggen!! Samtidig har eg fått beskjed frå mi kjære søster at det er godt for ei dårlig hoft å sykle...høyrest bra ut dette, når skrotten er skral og hjelpemidla god tenke eg kor heldig eg er når situasjonen først er som den er...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...