lørdag 7. september 2019

Eg stille på val fordi...

...Eg meina at vi alle kan vere med å gjere ein forskjell - "Saman for menneske og miljø"..! 

Eg har ikkje kjennskap til alt så eg vil vere med å lytte på gruppemøta i tillegg også til dei andre partia. Ein del sake må eg vere ærleg på at eg ikkje har så mange meiningar om, men ønska å høyre fleire side av same sak slik eg på eit godt grunnlag kan gjere meg opp ei meining. Det er viktig at det i sake blir fatta riktig beslutting på eit godt grunnlag...
Men, der mine hjartesake kjem opp skal eg veffal prøve å gi mi stemme der den trengs. 


Det er ikkje berre naturen eg brenn for, men at kvart barn skal bli sett og møtt der dei er. Dette er viktig for oss alle, barna i dag er framtidas resurs...!!


✓ Vi vil ha eit samfunn der unge ikkje blir sjuke av prestasjonsjag og kjøpepress. 
✓ Vi vil ha eit levande lokalsamfunn der færre er einsame og vi har meir tid til vennar og familie. 
✓ Ungane skal kunne leike trygt ute i frisk luft. 
✓ Vi skal framleis kunne gå tur i gammal skog og ha fisk i fjorden. 
✓ Dyra i havet skal ikkje kvelast av plast.


Kan her nemne nokre saka som gjer at eg stemme Venstre: 
Til meir kjærleik vi kan få i samfunnet til betre vil det bli...
Elsk det du kan så mykje du berre klare 

Dess meir glede, god energi og kjærleik vi kan spre - betre vil det bli for både den som gir, får og oppleve...

Her burde vi fått inn betre tilbod i kommuna til både unge og eldre. Det er viktig at hjelpa er der når det trengs og spesielt i akutte situasjonar...
Det er godt å høyre at psykiatrisk helsearbeidar står på trappene til Sula ungdomsskule.
Eg skulle gjerne sett at tilbodet til dei unge styrkast enda meir!!

Å ta vare på barna som både er på flukt, og ikkje minst kvart eit barn i kommuna er utrulig viktig. Eg meine at alle barn skal bli sett og høyrt der dei er. 
Gode oppvekstvilkår er viktig, ein god og trygg barnehage, ein skule med fagleg kompetanse som ser barna og deira utfordringar...
Det å få eit miljø der vi kan leve på lag med dyra, og at det blir godt tilrettelagt for hund er viktig for dyrevelferden.
Samtidig som eg kan vere ei stemme for dyra så vil eg ha ein god diskusjon for å ha felles gode rammer.
Samfunnet har god nytte av hundane å då må vi passe på at dei har ein god plass elles i samfunnet, og at dei får utfalde seg som hundar skal.
Samtidig må vi alle som dyreeigera ta omsyn til dei rundt slik at vi ikkje er til stor sjenanse for andre...

Her kjenne eg hjartet dunka litt ekstra hjå meg! Å her er det i tillegg nokre fjordar som eg ønska skal få puste vidare i dei komande generasjonane...
Dei fleste har sikker skjønt både her i kommuna, på blogg, Facebook og Instagram at eg brenne for fjordane våre!!
Mykje kan eg sei og skrive om dette her - men du kan berre gå til mitt siste innlegg så ser du ein del.
Stemme du Venstre/MDG så skal eg veffal stå på for at vi skal ha reine fjordar og få kloakken ut mot havet...!!

Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko..!!
Å med det meia eg at vi alle kan gjere ein liten innsats for at vi til slutt kan få eit betre miljø...

No bur eg ikkje ein stad der ulven leve så eg burde kanskje haldt meg nøytral der, men hjartet mitt sei at eit land skal bære sine rovdyr med stoltheit. Ein natur er ikkje så vill og vakker utan rovdyra, og vi skal med det prøve å ha ein sunn bestand.
No har eg hytte på austlandet å der kan det kome streifulv...men, skal eg vere heilt æleg så er eg meir redd for å møte dei store "trehovud kyrne" som går i utmarka der enn ein ulv...
Kva ville Afrika vore utan alle sine dyr???

Å støtte opp om folk som ønska å bidra til fellesskapet gjennom å starte eigne bedrifte er viktig!!

Sist men ikkje minst må vi ta vare på våre eldre, dei må få den omsorgen og oppfølginga dei har krav på. På lik linje som med barna meina eg at alle skal ha rett på å bli sett og hørt.
Eg vil at alle SKAL ha ein god og trygg kvardag den siste fasa i livet 
♥ 


Det eg tenke er litt leit med valkampen er at det kjem mest frå sentralt hald...eg skulle ønske at den lokale politikken kom betre fram. Det er det som skjer lokalt som ein bør engasjere seg i, og det er her vi kan påvirke korleis vi ønska å ha det!!...

Eg har tidligare engasjert meg i diverse sake og det er sjølvsagt sake som ligg hjartet nærast og slik vil det nok alltid vere.
Så om nokon skulle vere i tvil om det eg dele er "valflesk" så kan eg sette strek over det for det er kun nokre få månader sidan eg sa ja til å stille på liste å det på eit parti eg ikkje har stemt på før!! Jepp, eg måtte no sette meg skikkeleg inn i kva parti i kommuna eg har størst rot i mine hjartesake. Då fann eg vegen til Venstre som set barn, natur og kvar einskild menneske høgt...


Eg kan vise til litt engasjement med tanke på naturen og eit visst kloakkanlegg...her har eg vore engasjert sidan 2015 lenge før eg våren 2019 sa ja til å stille på liste så "valflesk" er det ikkje ;) 


Mykje er bra med det bildet her..! 
Begynne med det eg lika minst å det er at teksten er på bokmål så fann eg det også på nynorsk...å når det no er gløymt så kan eg kome med det som er bra ;) 
Naturen og den fantastiske utsikta frå Skårasalen, det at turen tok eg ilag med mine to barn der eit av dei tok dette bildet, hundane som du knapt ser, kjerringa er det faktisk også noko bra med...!
Ho er fullspekka av engasjement for det ho brenne for, staheita har ho henta frå gudane veit kvar, energien henta ho frå naturen og hjarte banka for dei som kanskje ikkje klare å snakke for seg sjølv...

Eg trur det bli lit annleis å gå til valurnene i år...for ikkje berre står eg på ei av listene og ønska å bidra der eg kan, men eg skal for første gang stemme VENSTRE!!
Tør å tenk nytt du også...
Godt val..!!! 
Klem -Anja-

fredag 6. september 2019

Høyr på meir...

 ...enn dei som berre ropa høgt og trur dei veit!!
Lettare å lese dei bilda som er heilt nede i dette innlegget her...å der står også litt ang Sula..!
Artikkel i Sunnmørsposten onsdag 04.09.2019...


Som «politikar» synes eg at ein må begynne å sette seg godt inn i sake før ein busa ut med påstandar... 
For eg har lagt merke til at det ofte berre er å rope å vere bastant nok, skrive hardt nok for så gjenta det mange nok ganga slik ein trur det sjølv, og så trur folk det du sei «til slutt»...eller om folk ønska å lytte på dei som har satt seg inn i sakene så skjøna dei at alt ikkje er like «enkelt» som det er sagt. 

Heilt sidan eg begynte å sette meg inn i denne «drittsaka» i 2015 har folk blitt villeda!! Det er berre å bruke ordet «renseanlegg» så tek folk det for god fisk. Å ja fisken vil bli betre om vi verkeleg får ei ordning på dritten vår, men då må vi for all del gjere det på skikkeleg vis. 
Då eg prøvde å få folk til å skjønne at det kun var snakk om eit silanlegg i starten å inga reinsing så rista ein del folk på hovudet til meg å sa at det blir betre enn det som er. Først etter at fleire begynte å engasjere seg med ei gruppe på Kvasnese begynte fleire å skjønne at det ikkje var heilt tull det eg sa...
Lesarinnlegg frå Jan Arne Sletta (H) i Sulaposten torsdag 05.09.2019...

 Det eg synes er litt trist å lese er at du (Jan Arne Sletta - H) som politikar går ut med så feil informasjon...!! Det er ikkje reisning på den måten du skriv så ver så snill å slutt å mat folk med det...ser ut som ein bruka reinsing til si nytte der det trengst!! 

1. Det lønne seg nesten aldri å ta forhastande slutningar... 

2. Det blir ikkje mindre tettstad til Ålesund om du legge det til for eksempel Sandvika å vi får pumpa vatnet ut til havet. Eventuelt kan det også leggast på Hessa...for Ålesund har enda større problem (trudde nesten ikkje det var mulig) med avløp enn det Sula har. 

3. Det er opp imot (det er ein lang veg dit) 85% av det FASTE AVFALLET som blir tatt ut!! Men då må vi huske at det faste blir meir og meir finmalt til lengre det blir pumpa. Når vi har hovudtyngda av befolkninga i Langevåg har dritten ein lang veg å løyse seg opp på.
Det er ikkje det faste som blir kjørt vekk vi er redd for, men det som går ut i fjorden å forureinsa og øydelegg den. 

4. Kva er fantastisk for miljøet å pumpe avfallet rett i ein av verdas vakraste fjordar!? Blir det som eg har skjønt så vil eg tru at vi er med på å lage til Noreg historias største miljøsynd!!! Litt trist når nokon frå Sula skal få namnet sitt i historiebøkene på denne måten «desse var med på å legge delar av fjordNoreg dødt..!»(?) 

5. Kostnadsoverslaget er for meg fortsatt svevande å dermed vanskeleg å forespeile til innbyggjerane...

6. Fotavtrykket vil nok vere både hard og vondt for ei heil bygd med fleire..!!! 

7. Det må vi uansett kva og korleis vi bygge! For krava endra seg etterkvart (på lik linje som med renovasjon etc. for ting helde seg ikkje likt over fleire tiår). Det kan ikkje vere slik som når vi har bygd skular at dei alt er sprengt når dei står ferdig. 

8. Det er vel heilt rett at det skal delast prosentvis etter innbyggjerane. 

11. Her må «vi» slutte å bruke feil ord...septiktanken på Sunde fungera som eit silanlegg der det faste ligg igjen i tanken som blir tømt og vatnet går i Storfjorden!! Det viL faktisk sei at alt av urin, antibiotikarestar, kjemikalier, bakterier etc går rett i fjorden - altså ALT som vi tøme ned i vasken, toalett og slukar. 
Men vi er no så heldig at berget av dritt på botnen ved fergekaia ikke fortsette å vekse og samtidig sleppe vi å sjå kammaren flyte rundt. Men alt det farlege i avfallet som vi ikkje ser renne fortsatt rett ut i fjorden! 

Det er nesten litt skremmande å lese konklusjonen din om reisning...du kan ikkje skrive slikt utan å bli motsagt, eg veit ikkje kvar du vil med villedinga di men bra er det ikkje. Du skrive at det er bra for fjordsystemet vårt!! Ja det er bra for Borgundfjorden som blir betre på sikt etter at vi har starta raseringa av Storfjorden rett ved opninga til Hjørundfjorden «Verdas vakraste fjord»!! 
Du skriv at det blir så bra det vi sleppe ut at det spilla ingen rolle kva fjord vi sleppe det ut i, så kan vi vel berre fortsette å bruke Borgundfjorden?? 
Men for å vere heilt ærleg trur eg vi alle skal sjå at vi som ligge rett ved ope hav burde sjå det som ei plikt å få dette rett ut dit, i havet!! 

Setninga om at det er biologisk nedbrytbart...kva hald har du i dette? Har du kjennskap til kjemikaler å korleis dette skal kunne takast ut av vatnet? Har du høyrt om antibiotikaresistens som trua frå fleire kantar?? 
Du veit at for at vi skal ha ein god nok reinseprosess så må det kjemikalier til i ein omfattande prosess som vi her «på berget» ikkje har vore innom å tenkt å sjå på ang kostnadar. Så då trur eg nokre meter med ekstra rør for å få det ut i havet er småpengar å rekne... 
Eg trur også det er på tide vi alle dreg opp rullegardina i denne saka å begynne å bruke dei rette ressursane vi har for å kunne ta ei riktig avgjerelse til det beste for naturen vår, miljøet i fjorden, for vår eigen del og ikkje minst dei komande generasjonane... 

Det her var akkurat som å lese FRP sine uttalelsar om å få Sula ut av Årim utan å ha sett på korleis dei skal handtere det og ikkje minst kva kostnadane vil bli. Ein må tenke her som med reinseanlegget at eit samarbeid ofte kan vere billigare enn å stå for alt aleine. Vi treng ikkje vere så bastant utan å ha sett på kva det vil bety for dei som faktisk skal betale for dette!! Vi må huske at uansett kven som har renovasjonen så er vi alle underlagt dei same krava frå det sentrale hald...det viktigste er om vi kan samarbeide om å finne dei beste løysingane for innbyggjerane, enn å berre kome med påstandar som ikkje helde mål.


Sletta skreiv stem med hovudet og ikkje med hjartet...
Eg meina heilt klart her skal vi bruke hovudet å stemne for parti som evna å sette seg inn i store og svært viktige sake for oss og komande generasjonar!! Stem med hjarte for oss som bur her, og ikkje minst stem for det aller vakraste av Noreg har å by på
Det er greit å kunne gå til val på det vi kan klare å gjere, ikkje eit luftslott som ikkje har rot i grunnen



Eg har ikkje noko ønske om å bli sett på som å rope høgt, men eg det kan berre ikkje la dette forbigå i stillheit no rett før valet!!
Eg og fleire med meg har brukt ein del tid å satt oss mykje inn i den saka her...


Elles er det no viktig for oss alle at vi bruka personar som har dette som fag eller har eit brennande ønske om at dei rette "forhalda" må fram i lyset... 
Mulig eg ikkje har fullstendig kontroll på alle tal etc. men eg har veldig god kontroll på kva alle fagfolk rundt om i landet har sagt til meg i telefonar etc. 

Ja, det har også blitt nokre innlegg her på bloggen om ein del dritt..!!!

Vi må tenke oss om!
Reinseanlegg
Åsså litt meir dritt
Er det mulig eller berre eit ønske?
Antibiotika-resistente bakteriar
Tidenes spleisefest ved fjorden!?
Alt ein skal lese
Vedrørande reinseanlegget på Sunde 
Formannskapsmøte mars 2016
Mitt brev til Fylkesmannen
Ope møte om arbeid med nytt reinseanlegg
Ta vare på fjordane  saman er vi sterkare
Kommunestyre Sula Kommune 14.02.2018
På tide å få opp augene!
Engasjer dåkke NO!...
Plasthall med dritt!??
Undring kring informasjonsmøte
Kommunestyremøte 22.03.2018 
Spåmann!?
Kvifor må...

Eg håpe framover at kvart parti vil ha folk som set seg inn i dei forskjellige sakene som verkeleg har betydnning for innbyggjerane slik at dei veit kva som eigentleg er rett!

Det her var berre ei lita utblåsing frå ei som har hjarte for naturen  samtidig står eg for det eg sei, men har ikkje akkurat peiling på slike «politikergreier» (enda)...men engasjement er det nok av 

No meir enn nokon gong er naturen, miljøet og framtida avhengig av deg!! Vis at du bryr deg for framtida vår..!!
Stem grønt 
Klem -Anja-


Artikkel i Sunnmørsposten onsdag 04.09.2019...

Eg stille på val fordi...

...Eg meina at vi alle kan vere med å gjere ein forskjell - "Saman for menneske og miljø" ..!  Eg har ikkje kjennskap til alt så...