lørdag 7. september 2019

Eg stille på val fordi...

...Eg meina at vi alle kan vere med å gjere ein forskjell - "Saman for menneske og miljø"..! 

Eg har ikkje kjennskap til alt så eg vil vere med å lytte på gruppemøta i tillegg også til dei andre partia. Ein del sake må eg vere ærleg på at eg ikkje har så mange meiningar om, men ønska å høyre fleire side av same sak slik eg på eit godt grunnlag kan gjere meg opp ei meining. Det er viktig at det i sake blir fatta riktig beslutting på eit godt grunnlag...
Men, der mine hjartesake kjem opp skal eg veffal prøve å gi mi stemme der den trengs. 


Det er ikkje berre naturen eg brenn for, men at kvart barn skal bli sett og møtt der dei er. Dette er viktig for oss alle, barna i dag er framtidas resurs...!!


✓ Vi vil ha eit samfunn der unge ikkje blir sjuke av prestasjonsjag og kjøpepress. 
✓ Vi vil ha eit levande lokalsamfunn der færre er einsame og vi har meir tid til vennar og familie. 
✓ Ungane skal kunne leike trygt ute i frisk luft. 
✓ Vi skal framleis kunne gå tur i gammal skog og ha fisk i fjorden. 
✓ Dyra i havet skal ikkje kvelast av plast.


Kan her nemne nokre saka som gjer at eg stemme Venstre: 
Til meir kjærleik vi kan få i samfunnet til betre vil det bli...
Elsk det du kan så mykje du berre klare 

Dess meir glede, god energi og kjærleik vi kan spre - betre vil det bli for både den som gir, får og oppleve...

Her burde vi fått inn betre tilbod i kommuna til både unge og eldre. Det er viktig at hjelpa er der når det trengs og spesielt i akutte situasjonar...
Det er godt å høyre at psykiatrisk helsearbeidar står på trappene til Sula ungdomsskule.
Eg skulle gjerne sett at tilbodet til dei unge styrkast enda meir!!

Å ta vare på barna som både er på flukt, og ikkje minst kvart eit barn i kommuna er utrulig viktig. Eg meine at alle barn skal bli sett og høyrt der dei er. 
Gode oppvekstvilkår er viktig, ein god og trygg barnehage, ein skule med fagleg kompetanse som ser barna og deira utfordringar...
Det å få eit miljø der vi kan leve på lag med dyra, og at det blir godt tilrettelagt for hund er viktig for dyrevelferden.
Samtidig som eg kan vere ei stemme for dyra så vil eg ha ein god diskusjon for å ha felles gode rammer.
Samfunnet har god nytte av hundane å då må vi passe på at dei har ein god plass elles i samfunnet, og at dei får utfalde seg som hundar skal.
Samtidig må vi alle som dyreeigera ta omsyn til dei rundt slik at vi ikkje er til stor sjenanse for andre...

Her kjenne eg hjartet dunka litt ekstra hjå meg! Å her er det i tillegg nokre fjordar som eg ønska skal få puste vidare i dei komande generasjonane...
Dei fleste har sikker skjønt både her i kommuna, på blogg, Facebook og Instagram at eg brenne for fjordane våre!!
Mykje kan eg sei og skrive om dette her - men du kan berre gå til mitt siste innlegg så ser du ein del.
Stemme du Venstre/MDG så skal eg veffal stå på for at vi skal ha reine fjordar og få kloakken ut mot havet...!!

Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko..!!
Å med det meia eg at vi alle kan gjere ein liten innsats for at vi til slutt kan få eit betre miljø...

No bur eg ikkje ein stad der ulven leve så eg burde kanskje haldt meg nøytral der, men hjartet mitt sei at eit land skal bære sine rovdyr med stoltheit. Ein natur er ikkje så vill og vakker utan rovdyra, og vi skal med det prøve å ha ein sunn bestand.
No har eg hytte på austlandet å der kan det kome streifulv...men, skal eg vere heilt æleg så er eg meir redd for å møte dei store "trehovud kyrne" som går i utmarka der enn ein ulv...
Kva ville Afrika vore utan alle sine dyr???

Å støtte opp om folk som ønska å bidra til fellesskapet gjennom å starte eigne bedrifte er viktig!!

Sist men ikkje minst må vi ta vare på våre eldre, dei må få den omsorgen og oppfølginga dei har krav på. På lik linje som med barna meina eg at alle skal ha rett på å bli sett og hørt.
Eg vil at alle SKAL ha ein god og trygg kvardag den siste fasa i livet 
♥ 


Det eg tenke er litt leit med valkampen er at det kjem mest frå sentralt hald...eg skulle ønske at den lokale politikken kom betre fram. Det er det som skjer lokalt som ein bør engasjere seg i, og det er her vi kan påvirke korleis vi ønska å ha det!!...

Eg har tidligare engasjert meg i diverse sake og det er sjølvsagt sake som ligg hjartet nærast og slik vil det nok alltid vere.
Så om nokon skulle vere i tvil om det eg dele er "valflesk" så kan eg sette strek over det for det er kun nokre få månader sidan eg sa ja til å stille på liste å det på eit parti eg ikkje har stemt på før!! Jepp, eg måtte no sette meg skikkeleg inn i kva parti i kommuna eg har størst rot i mine hjartesake. Då fann eg vegen til Venstre som set barn, natur og kvar einskild menneske høgt...


Eg kan vise til litt engasjement med tanke på naturen og eit visst kloakkanlegg...her har eg vore engasjert sidan 2015 lenge før eg våren 2019 sa ja til å stille på liste så "valflesk" er det ikkje ;) 


Mykje er bra med det bildet her..! 
Begynne med det eg lika minst å det er at teksten er på bokmål så fann eg det også på nynorsk...å når det no er gløymt så kan eg kome med det som er bra ;) 
Naturen og den fantastiske utsikta frå Skårasalen, det at turen tok eg ilag med mine to barn der eit av dei tok dette bildet, hundane som du knapt ser, kjerringa er det faktisk også noko bra med...!
Ho er fullspekka av engasjement for det ho brenne for, staheita har ho henta frå gudane veit kvar, energien henta ho frå naturen og hjarte banka for dei som kanskje ikkje klare å snakke for seg sjølv...

Eg trur det bli lit annleis å gå til valurnene i år...for ikkje berre står eg på ei av listene og ønska å bidra der eg kan, men eg skal for første gang stemme VENSTRE!!
Tør å tenk nytt du også...
Godt val..!!! 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...