fredag 30. mars 2018

Jakta på påskeegget 2018

Etter jakta tok eg kaffikoppen og belønninga mi ute i sola...

Vi bruka som egel å ha litt forskjellige måta å jakte på påskeegget...i år vart det ein ny vri. Begge barna mått "ut", Timmen hadde ein kompis på besøk og fattern også måtte vere ilag han gjekk å gliste å sa kor galen eg var, og vakje eg galen så var eg kreativ.

Eg sat meg ned i dag tidlig å skulle lage til, men så vart fristelsen for ein fjelltur for stor. Fjellet først, så dusjen og etter det litt mat og pønske ut kva dei skulle gjere.
Eg og Bobbyen på gofjellet...Med verdas vakraste fjord Hjørundfjorden bak..
Her har eg lagt ut diverse ledetrådar...

Etter eg var ferdig ropte eg dei inn på kjøkkenet...fortalde at dei skulle gå ilag og kun jakte etter den dei hadde fått beskjed om på lappen. Først skulle dei få leite over heile kjøkkenet og det tok litt tid sjølv kor enkelt eg synest eg hadde lagt den - heilt opent til i vindaugskarmen.


1. Good Langfredag!
Tenke vi skal jobbe litt for årets påskeegg :) Ta deg ein sjåom på stovebordet først...


Under ei skål på lysbrettet på stovebordet...
2. Ditta var for easy peasy...
Men dåkke vil kanskje bli litt varmare?... Tenke dåkke kan gi fiskane litt mat...



I boksa til fiskematen...
3. Har vi mange lysbrett i stua!?...
Mulig eg mista ein ledetråd til der?...
Kom aaaan opp med humøret å bli med på leiken!... :)


Under blomsterpotta på lysbrettet som står på kista...
4. Har eit påskeønske å det er at de rydda og "vaska" gangen! :)
Men, rekna med de vil bli ferdig med dette først, men mulig de finne ein lapp i alt rotet?...gangen er i skrivande stund rydda!


Under melketønna i gangen...
5. De skjønnaat det ikkje er så kjekt å ha sånt rot eller?...
Hadde mulig vore lettare å finne lappen om det var litt mindre uorden!?...Neste skulla vore på vaskerommet med bruksanvisning på klevask, men eg skal ikkje lage for dårleg stemning så ta dåkke ein tur i valpekassa...


Under teppet i valpekassa...
6. Det var no eg skulle sagt at de skulle ha vaska den, men slapp av det gjer eg etterpå :)
Kunne de ha spelt og sunge litt for meg!?...


Under lokket oppå tagentane på orgelet...
7. Eg synest det er for fint vêr til å sulle inne, la oss gå ut på verandaen å lage til uteplasen!?...

Sitte fast på utemøblane på verandaen...
8. Skal vi finne fram putene å sette oss her eller gå ut å gjer litt småtteri rundt huset?
Kanskje sjekke om vi har noko som kan plantast ut?


Lappen ligge på blostrane i posen ved inngangsdøra...
9. Jaggu var her ikkje nokre planta til :)
Men, det kan mamsen ta seg av, så kan de styre dåkka ting. Står traktoren greit!?...


Henge fast på traktoren...
10. Eg er nå litt rar, men tenkte kanskje Gråtassen burde fått seg eit namn...Kva med å kalle han for Gunnar?
Det var jo han som så gjerne ville at Tim skulle få den...neste plass de kan sjå er min beste plass i barndomssommaren!...

Ligge oppå storsteinen i Runnehagen...
11. Det var kanskje ikkje så lett!? Men om de høyre etter når eg fortelje ting frå "gamle dage" som de sei hadde de skjønt at min favorittstad om sommaren vår den lune og gode Runnehagen 
Neste får vi gå til den "nye" hagen...Nokre skatta eg kjøpte i Hardanger i sommar.


Henge fast på morelletrea som eg kjøpte i Hardanger...
12. Er det ikkje herlig vêr!?
Vil de vere med på tur seinare? Eller kanskje berre rydde i og rundt huset? Mamsen har mange prosjekt på lager. Ein ting kan vere å flytte hundegården!!! Kvar skal den plasserast!?

Ligge på singelen der den nye hundegården skal plasserast...
13. Etter vi er ferdig å flytte den er vi sikkert sliten og kva er vel då betre enn  slappe av med eit bad og god drikke?

Henge på boblebadet...
14. Kva gjer vi no!?
"koooooosa oss!"...Det uttrykket tok eg frå tante Irja, men kvalitetstid har vi veffa. Kanskje vi skal gjere som tante &co å rydde og flytte på ting!?
Dei flytta alle tinga sine medan vi kan flytte små ting...kva med å flytte ting frå garasjen?...


På pallebenken i garasjen...
15. Frå rot i garasjen til meir ryddig vil vi ha det denne påska!?
Få vekk alt rot på pallebenken her og kva kan vi då nytte dei til?
Mamsen har ein ide og er de einig?
Neste lapp ligg der eg vil ha desse pallane...


På platten under eine bordbeinet...
16. Er de godtesjuke no?
Neeeeeeei!!...eller om de berre styra på litt til så blir smaken av snopet enda betre!...

Kvar vil de sitje å nyte det!?...
Eg ville berresøtte her, eller kanskje ut på plattingkanten ilag med nokre blomsterpotter!?...



Under ei potte på plattingkanten...
17. Her kan vi sitte å nyte utsikta!...
Ser de kor vanvittig heldige de er som bur her!?
No må mamsen ha eit bilde av at de sitte å ser. Er det ikkje vakkert??...
Neste finn de ved julegåva de fikk i 2016!...

Ballpertneren...18. Denne var det ein grunn for at vi kjøpte, og eg håpa de tek med fotball og handball å nytta den enda meir i år! :)
No kan de gå mot prosjektet eg sikkert må ha hjelp til!...Få dekt platåa slik at det ikkje blir så mykje ugras som i fjor! :)


Platået nedfor plattingen...
19. No har de blitt meir kjend med den "nye" hagen, no kan de ta turen til den gamle frukt- og bærhagen for eg trur der er noko som høyre "Gunnar" til :)

Oppi traktorhengaren (men den var plutselig fjerna så då låg eg den under ei trefjøl der den stod...
20. No nærma vi oss slutten og då kan vi gå til uthuset til farfaren min som no har blitt bua til dåkka besten!!!
Uthuset har fått ny farge og eit lite påbygg, og eg vil pynte det med litt blomster... 
Skal tru om eg har pynta ekstra til påske!!?

Egga ligg mellom blomsterkassene og uthuset...


Hønsefrikasse til middag var slettes ikkje dumt...

Det her var kjekt for både store og små :))
Klem -Anja-

fredag 23. mars 2018

Eventyrlege dagar i London


Herlighet for ei reise!!
Å ja ikkje berre kjøringa, men for ei oppleving heile pakka!!
Det har vore eit eventyr eg tek med meg på reisa vidare og eg trur denne reisa har satt meir spor enn eg trudde den ville og dermed vil den aldri vert gløymd...
Eg har fått høyre nokre ganga at eg er galen som set meg i bilen å kjøre den turen aleine, ja eg er vel det og normal galskap er godt det!! Men, for å vere heilt ærleg så kjørte eg aleine for å sleppe å vise omsyn til andre for då kunne eg kjøre og stoppe akkurat slik eg sjølv ville. 
Første etappa til hytta vår, så bar det vidare til Larvik dagen etter


Kjøre ombord Speedbåten i Larvik og bestilt meg liggestol men for meg var det best å legge se på gulvet...
Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg stoppa for å fylle diesel...
Neste gang trur eg at eg skal søke etter ein sponsor, men korleis kan eg gjere det :))) Veit det ikkje går an og det einaste er har å by på er litt galskap...
Bilde av Joey tatt i Tyskland og Belgia så bilde av Pet Reception i Frankrike... 
 Bilda her er tatt i Asten i Nederland...
 Det oppstod eit lite problem då eg kom til Belgia og måtte tisse...for der måtte eg ha euro for å kome meg inn på toaletta. Den første plassen eg stoppa var dei ikkje så vennlege, så dermed måtte eg kjøre til ny stasjon og der fekk eg tatt ut penge, tanka og tissa... ;) 
Når eg først kom inn på eit toalett så var det meget fine og reine toalett!!... :))
Litt spent då eg kom til Calais og skulle sjå korleis det funka med Euro Tunnelen... 
Det var å stoppe å få sjekka hunden og bestilt plass. Satt oss i kø og kome oss gjennom sikkerhetskontrollen med væpna vakte som bad meg om å opne bilen bak...
Vi kjørte inn i togen og fortsatte framover heilt til dei sa stopp og dørene vart lukt mellom kvar vogn.
Satt i bilen i 30 minutt under sjøen og det gjekk mykje betre enn eg trudde!
Det var heilt greit å kjøre fram til Calais...Det var liksom den turen etter det eg var mest spent på når eg skulle starte med venstrekjøring. Derfor når eg kjørte på land i Danmark begynte eg øvinga og eg låg mykje av vegen gjennom Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike i venstrefeltet ;) Det rarsast var at det vakje merkbart å passere grensene når eg kjørte motorvegen, for det stod berre plutselig eit skilt med eit nytt land...
 Venstrekjøyring gjekk mykje betre enn forventa!! Ja heilt til eg kom i dei veldig smale gatenen og det første eg tenkte "kva faen gjer du på feil side av vegen!!"...Så var det visst eg som ikkje hadde heilt kontroll :))
Rundkjøringane gjekk steike fint, eg måtte bere huske å sjå meg til høgre, var liksom heilt greit å kjøre til venstre, men då må ein også huske at bilane der kom frå høgre.
 Heilt greit å kome på hotellet den ettermiddagen I tillegg så var der diverse små dingsa som skulle betre søvn i løpet av natta...
The Drayton Court Hotel i Ealing...
Ikkje berre koselig og reint, men det var fine rom også!
 Badet var lite men bra og var vist meget godt lys for å legge sminke ;) 
 Senga var god og ikkje minst fantastiske pute!!
 Koselig og reint Engelsk hotel som eg varmt kan anbefale!...
Eg vil gjerne tilbake hit om sommaren og då gjerne ta ein tur ut i bakhagen for nokre øl.
 Dei dagane eg var der aleien så vart det eit måltid for dag pluss litt frukt, og ein del kaffi på rommet...Det var ut å rusle nokre tura også låg eg mest i senga å henta meg inn igjen. Skulle prøve både å skrive litt etc. men det hadde eg absolutt ikkje overskod til.
Blir litt miljøskada av ein som jobba med avfall...jaja eg har jobba i den bransjen sjølv også, og tidligare jobba han i anlegg. Når eg då ser ein rosa "søppeldunk" og lilla vegsperre då måtte eg sjølvsagt knipse ein snap til han som sat heime...
 
Herlige fargar det må takast bilde av...
Første mørke kvelden vi var ute å såg på livet  London`s gater...Eg hadde jo den aller beste livvakta med meg så det var ingen problem som var for store for oss ;)
"Joey the lifguard" :)))) Akkurat som eg treng det!?... ;)

 Å få gå rundt i London med ein stor hund som virka fullstendig upåvirka var berre fantastisk. Folk stoppa meg på Oxford Street og var heilt betatt av hunden og korleis det gjekk an. Mens eg stoppa opp og tenkte "kva faen gjer eg her" det her er for mykje for meg, og Joey han berre la seg ned og tenkte at det her er livet!! Etter litt fram og tilbake på Oxford Street tok eg Regent Street nedom Piccadilly Circus, ja berre for å ha gjort det også. Såg ned til Trafalgar Square, men fann ut at vi heller skulle finne ein buss å hoppe på for å sjå litt på reisa bort til Notting Hill. 

Å eg kom meg fort til Notting Hill slik eg fikk puste...sjå på husa og rusle i gatene, kjøpte noko gatematgreier som var dagens måltid og rusla litt til før eg for tilbake.

 Andre heile dagen i London og vi skal ut på livet. Går inn på stasjonen på West Ealing og tenkte ta den til Paddington og gå utifrå der, men eg treffe ei koselig og svært så behjelpelig dame som heite Rose som tek oss med vidare til undergrunnen ned den laaaaaange sånn bevegleige trapp, men Joeyen fiksa det også. Ho venta over på neste tog for det første syns ho var for fult for meg med hund. Har gitt meg ein del gode råd kva eg kan finne på, men etter eg kom i prat med ei ny tenkte eg at heilt til Waterloo vakje nødvendig så dermed hoppa vi av på Oxford Circus!! OMG!!...

 
Her ser eg frå Piccadilly Circus og ned på Trafalgar Square...
Regent Street...
 Då følte denne overoppheita turisten på ein kald mars dag at ho hadde fått nok av det yrande livet rundt Oxford Street og prøvde å finne beste løysinga mot Notting Hill. Sjølvsagt mange kosleige folk som ville klappe og snakke, og ikkje minst ei som tidligare hadde hatt ein brun flat...ho viste meg kva buss eg kunne hoppe på så då var det berre for meg å finne rett stopp for den.
Kor flaks har ein ikkje når bussen stoppa rett ved eit rosa hus!! Der er nok rfleire og ein del anna eg eigentleg ville sjå der, men det må eg ta igjen neste gang og då utan hund...Ja, eg håpa det ikkje blir for lenge til!!
 Herlig blomsterbutikk på hjørnet...og for å vere heilt ærleg hadde eg mest lyst å bitte hunden fast i ein stolpe gå inn og spørre om eg kunne få jobbe der ein time ;) Tenk å få tusle rundt på fortauet her, inn og ut døra medan eg set saman blomster 
Eg veit eg har nokre rare draumar men slik er no eg berre ein gang...

Skulle sjølvsagt sett enda meir, men kroppen måtte heim for å kvile. Så lite innhald resten av dagen...eg låg i senga og ut for å lufte hunden eit par ganga, men sjølv om esteparten av dagen vart tilbrakt i senga hadde eg nok av opplevingar denne dagen!!

Etter alle turane rundt i London og Ealing bar det alltid til hotellet, som regel litt små tura rundt kvar dag å sjå rundt i Ealing, i parken å sjå på ekorna og ikkje minst duene!...Joey lærte fort at duene berre gjekk der rundt oss, men han var innimellom litt sleip der han gjekk så fint og plutselig hoppa etter ei due!! :)) 

 Herlighet kor skjønn dei var!!...Etter Katja kom såg ho dei også, men då Joey ikkje var med var dei enda meir nærgåande så då var dei nesten i beina på oss, og Katja fikk litt panikk og tenkte på ho Ekornjenta i Charlie og sjokoladefabrikken ;) 
Torsdagen var igjen ein fin dag der vi rusla rundt å såg på det meste, vi haldt oss i Ealing unna for mykje stress, folk og kollektivtransport...Eg måtte tilbake å legge frå meg Joey for å ta toget ut for å møte Katja og Irja!!...Det var begynt å vårast etter at det veka før hadde snøva i London.
 Det er virkelig vakkert i London, I`m in love og håpe eg snart får reise tilbake å sjå meir blostring...
 Vakre skatta i Ealing...
Medan eg rusla rundt å venta på å reise til Heathrow så ringe Irja frå Sola..."Politiet vil sankke med deg" - litt rart å gå i Londons gater for så stifte bekjentskap med politiet på Sola. Men, eg hadde ikkje tenkt på at Katja måtte ha skrifteleg bekreftelse frå foreldre om at ho skulle reise ilag med tanta.
Irja sa at ho flaug aleine til england då ho var 14 år. Då hadde han visst berre sett rart på ho og sagt at tidene ha endra seg!!...Realitetssjekk "Irja du har begynt å dra på åra!"...
Elles måtte Katja le og sei til meg at tante virke så forsiktig og unskyldig når ho stod der å prata med dei :)))
Etter vi henta Irja og Katja på Heathrow gjekk vi ut for å spise og koste oss veldig!!

Kl. 09.16 lokal tid er eg og Katja ute å går i gatene så kjem det frå ho "klassa mi har naturfag åsså går eg her!" :)
Fredagen skulle vi ut på jentedag!! Ade hadde bestilt bilettar til SkyGarden så først litt shopping før vi tok turen dit.
The pink girl on tour!!...
Utsikta heilt upåklagelig!!
SkyGarden var utrulig fin, men skulle gjerne sett at plantane var betre stelt og kanskje litt blomstring...
 Eg har vore heldig og trur eg har verdas beste storesøster ;) 
Tante Irja og Katja...
 Mora er beklageligvis ikkje så veldig fotogen, men måtte ta med bilde av oss ilag...
Drikke for store, og under er det drikke for små...
Herligste Katja mi ♥ så utrulig glad i denne skatten min...

Laurdag og Katja mi fylde 14 år!! Med det var vi klare for å setje London under våre føtte nok ein gang, og det i saman med ein herlig liten gjeng. Vi tok turen til London Eye, god mat, rusle rundt og prate, shopping på Oxford Street og ikkje minst på Westfield!!
Katja og Irja tok den heilt ut medan eg måtte etterkvart ta turen tilbake til hotellet...Men var på beina igjen då dei var på veg tilbake slik at eg og Joey gjekk for å møte dei på Ealing Broadway. 
Hunden var fornøgd kvar dag og eg veldig nøgd, men samtidig heilt slått ut av både alt livet, men sjølvsagt mest av smerter. Det beste med London var at bilen stod parkert så eg kunne ta smertelinding eller øl/vin slik at eg kunne slappe litt av. 
 Ein del bilde som eg tok oppe frå London Eye...
Liv og røre i gatene...
 Før eg reiste tilbake vart det manikyr på oss...Er vi på jentetur så er vi på jentetur!!
 Når vi skulle tilbake frå Broadway var bursdagsbarnet også sliten så vi hoppa på ein buss tilbake og Joeyèn han var med og oppførte seg eksemplarisk...

Eg laga eit eige innlegg om Crufs - herlighet tenk at eg faktisk har opplevd å stille eingen oppdretta hund der!!...
Tusen takk for eit behagelig opphald!!..

Mandag var det på tide å vede nasen heimover...Katja ville gjerne vere ein dag til, ja eg kunne godt ta ti til, men det var nokre små svarte skatta som venta på oss.
Vi vart sendt rundt om i gatene før vi endelig kom oss på motorvegen. Litt ulykker og kø gjorde at vi vart sendt på andre vega, men vi hamna til slutt i Dover.
 Når trafikken stod stille knipsa eg litt bilde undervegs.
Så utrulig mykje koselig å sjå, og London sjarmerte veffal meg der eg kjørte rundt i gatene...
 Over kanalen igjen, men på heimvegen valgte vi båt...Hadde ikkje kjørt så langt og dermed ingen problem å vente litt før den gjekk (eller vi var heldig og det var rundt 20 min.)
På veg til England hadde eg kjørt så langt at det var godt å berre kjøre med toget så slapp eg lenge venting og ikkje minst kun 30 min over kontra to tima med båt...
 Katja skal prøve å sove...litt urolig sjø då er det greit å halde seg i mørket ;)
 Den eine heilt klart meir sliten enn den andre!! Ser likevl lysare på turen heim no når vi hadde starta enn før vi var igang...
 I Frankrike fann vi veterinær for å få ormkur og helseattest slik at papira på Joey var klar til vi skulle inn i Norge igjen...
 På veg ned kjørte eg gjennom nesten heile Danmark og ein del i Tyskland i snøver, på veg heim kjørte vi i mørket med eit vanvittig regnver...Derfor vart vi einige etter Katja sitt forslag å berre droppe hotell på veg heim. Eg kjørte så lenge e klarte, tok pause med å strekke rygg og bein, sov litt og kvilte augene og kjørte igjen. Heilt greit å slippe å legge seg for då er det så vanskelig å starte å kjøre igjen dagen etter...
 Det var ein del plassa de heite Ausfahrt ikkje så lett å ta rett vil eg tru? ;))))
 Vi hadde utrulig god tid før vi skulle ta ferga frå Hirtshals så vi var innom å shoppa litt forskjellige plassa...


Då var vi komen på Hirtshals...å då måtte eg dele eit bilde på Instagram med følgjande tekst:
Tonight I had many thoughts...This last week have given me so many nice memories and good moments that I now have hidden in my «memorybank» back after my little adventure. Strange when everything is over and I realize that there are things I really want to miss more than others!!...
Would love to seen even more of London and would gladly be back when the lavender bloom
💖
England you have been fantastic!! Thank you very much
💖

There will be more pictures etc from this adventure when I’m back home...
 Båten til Noreg gjekk samme tid som sist frå Noreg kl. 22.15 så vi bestilte liggestola som vi inntok etter litt mat og handling. Katja fann seg ei god stilling eg måtte igjen legge meg på gulvet.
 Fantastisk å parkere her...inn i ei varm hytte og kvile seg litt under dyna før siste etappe heim...
 Sååååå herlig for Joey å få springe rundt å kose seg i snøven utanfor hytta...Virkelig få bevege seg etter ein lang kjøretur igjen. Men utrulig kor rolig, herlig og uthaldande han er 
Tuuuusen takk til Cecilie og Amalie for at eg kunne ta med Joey på tur!!...
 Eigentleg skulle eg kvilt litt meir og nytt ein dag her, sove skikkelig før vi for heim, men det var noko som venta veldig heime...Eller eg lengte veldig etter ;) 
 Fantastiske Trollveggen...og NO er vi snart heime!!
Når du er ekstremt sliten av kjøring, tur, inntrykk etc. kunne eg ikkje drøymd om å ha kome heim til noko betre! 
♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥


Såååå...no er det ikkje heilt meininga å vere "grinete", men om du har lest min status på facebook, instagram eller om turen her på bloggen - å er du virkelig ein av dei som spør "å dette klare ho virkelig?" ja då kjenne du meg ikkje, og eg har heller ikkje behov for å ha slike vener. For medaljen har ei bakside som eg ikkje akkurat er lysten på å vise andre - det var grunnen til at Kaja ikkje satt på bort eller eg spurte om andre ville kjøre ilag med meg. Gjer eg ting aleine slepp eg å ta omsyn og eg kan stønne og klage så mykje eg vil ja til og med grine og slippe å vise det til ei sjel...
Eg har faktisk havna i denne uføra, men om eg ikkje skal prøve å leve litt så kunne eg like gjerne forlatt denne kloda...men, eg er ikkje heilt klar for det enda og derfor gjer eg så godt eg kan.
Dette har veffal gitt meg smak av livskvalitet, større smerter, glede, tåre, minne for livet, nye draumar og ikkje minst ting å sjå tilbake på når eg veit eg skal gjennom tøffare periode...

Håpe dei fleste av dåkke har likt bilda og litt av historia som eg har delt!!...Beklaga om eg var litt kvass, men innmellom treng ein kanskje ta eit oppgjer med det ein sjølv ikkje syns alltid er så greit.
Det beste hadde vore om dette innlegget kom for ei veke sidan, men eg har brukt litt tid på å hente meg inn igjen...

Ha ein herlig dag på akkurat din måte!!
Klem -Anja-



Kjenne at eg berre MÅ FÅ DET UT!...
Eg bryr med lite med kva folk syns og meina om meg, og det er bra...men eg må innrømme at eg kanskje kan bli litt såra av 
folk som tek sine konklusjona om meg, for kva veit du eigentleg om det eg leve med!? Det værste er vel at det er dei ein minst trur skulle hatt slike tanka som har det........Det har vekt meg frå å tru det beste om folk, og derfor har eg slutta å vere så open som eg ein gang var..................

17. Mai 2018...

...Så er igjen ein strålande 17. Mai over og nok ein gang kom den på same tid i år ;) Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta t...