fredag 23. mars 2018

Kommunestyremøte 22.03.2018

Eg sa til meg sjølv i går då eg las Sulaposten "Anja, pust ja no pusta du for du skal ikkje skrive noko meir no!" - Njaaa det gjekk ikkje så lenge etter så var e-posten til Sulaposten gått ut frå maskina mi.
Så tenkte eg at Kommunestyre fekk vere kommunestyre, men det heller gjekk ikkje så eg fauk ut av døra og ankom kl. 17.59...det har eg svidd for i natt for å sitte der i går tok på kroppen min. I natt låg eg å tenkte Anja berre la det ligg ikkje skriv meir, men herreminhatt etter eit slikt møte så kan eg ikkje la vere!!

Om det er uklart eller usikre så vil eg berre informere om at eg ikkje er ein av innbyggjerane!!...Eg bur ikkje på Kvasnes, men like ved den forureina staden på Sunde.

Om kommunestyret kan eg ikkje sei som Listhaug at det er ein barnehage, for barna er meir nysgjerrige og vil vite meir enn kva det ser ut til at våre såkalde folkevalde vil.
Å det skremme meg at de ikkje er meir interessert i å høyre på kva folket sei. Å helde på fram til kl. 21.35 før de klare å stemme i den saka vart heilt sprøtt veffal når eg såg utfallet. At de kan stå med svada å sei at vi må høyre på innbyggjerane åsså stemme de slik de gjer er for meg berre å bruke opp tid utan nytte og den tida kjem aldri igjen!


At Rådmannen og administrasjonen skal få kome med meir informasjon på ein slike måte er for meg ikkje rett. Kvifor kunne de ikkje fått inn fleire side ved saka når de først skulle ha informasjon?
Per Ola Måseide kom med forslag om å få ein komite til å kome med ein balansert informasjon om saka, men det ser sjølvsagt ikkje ordføraren noko vits i.


Rådmannen sine punkt for eit anlegg:
Punkt 1 Reine fjorda
Punkt 2 Økonomi
Eg hadde lyst å spørre Sletta eller Agersborg om det spørsmålet som bekymre meg mest i denne saka og det har ikkje vore snakka om  eller delt informasjon om i det heile!!....
Kva inneheld det vatnet som kjem ut!???? 
Det at "settepotetene" til mr. Sandvik forsvinn drit eg i, for det som bekymra meg er innhaldet i vatnet som kjem ut!! Det skjønna dåkke sikkert om de lese Lesarinnlegget mitt i Sulaposten neste veke.
Så, om Rådmannen verkeleg meina at punkta han har satt opp som prioritet er det han påstår så må han verkeleg kome med eit svar på det.
For å høyre reinseanlegg og sei at 70% av det faste stoffet skal vekk så vil eg vite kva som er igjen i vatnet for det er det som er farleg for miljøet i fjorden og etterkvart for os som bur her!...
Derfor sendte eg i dag tidleg eit brev til Sula Kommune, i og med eg aldri får svar frå kommuna når eg kjem med eit brev så sendte eg det også til ordføraren, rådmannen og kommunalsjef for teknisk sektor:
Det som bekymra meg i forhald til eit reinseanlegg med utslepp til Storfjorden er innhaldet i vatnet som går i fjorden?
Dette er det ein ikkje ser, og det som vil ha store konsekvensar for fjordmiljøet og derfor meina eg at dette burde vore belyst i denne saka. Det ser ut til at de berre snakka det elegant vekk, men når eg no retta eit direkte spørsmål på det så forventa eg eit svar.
Eg rekna med at de har slik informasjon liggande i saka dykkar, og med det kan eg forventa eit svar på dette omgåande. 

Det at teknisk kjem å legg fram ein ny rapport frå Jarle Molvær blir berre for dumt, kor mange daga har han brukt på den?? Det er fortsatt frå same informasjon som han har hatt heile tida så eg håpa at de ikkje har betalt for dette!!?
Det er fortsatt ikkje tatt målingar der det er snakk om at utsleppet skal vere og det vil ta eit år, eg spør kvifor de ikkje starta målingar når de gjekk vidare med desse planane i 2016?? Om de hadde gjort det så hadde vi hatt målingar på bordet før saka skal vedtas.
Heile vegen ser eg at kommunestyret har søve i timen i denne saka og ikkje handla når dei burde!


Så snakka Agersborg om historikken...går dei ikkje inn for samarbeid med Ålesund på Kvasnes så går dei tilbake til 2012 vedtaket om to anlegg - eit i Langevåg og eit på Sunde.
Ordførar Jim Arve Røssevoll snakka om at det kunne vere mulig å legge nokre hundre meter med rør frå Kvasnes og utover fjorden om det vise seg at strømmålingane ikkje vert positive. Kvifor kan vi ikkje legge røyr frå Molvær eller Sandvika og ut i Breisundet!???

Djupvika vart kasta fordi det vart utslepp til Borgundfjorden...men kvifor ikkje tenke røyr ut av fjorden?
Agersborg kunne grunngi manglande infrastruktur som grunn til at det ikkje er aktuelt med ytre. Treng vel ikkje så lange vegen for vi snakka ikkje om eltrane!!
Men, igjen kjem det opp at vi må over store dela av øya ta omsyn til freda kulturminne og naturreservat ein ting til stod på blokka mi, men eg skjøna ikkje kva eg har skrivd ned
Dei må gjennom reguleringsprosess uansett kvar det skal bli. Vi kan gjerne leike oss litt med karta på Gislink karttjeneste.
Elles meina Agersborg at ut forbi Sandvika mot Eltrane er det for bratt og ikkje mulig å bygge noko. Nesten så eg vil spør om han vil vere med å gå tur så får han sjå kor stort området der ute er...
Biletet er tatt oppe frå Eltrane og vise innover mot Langevåg...
Desse to bilda er tatt nede ved fjorden og det vise vel at det ikkje er så stupbratt som Agersborg vil ha det til...

Så alternativa er Sandvika/Molvær, Sunde eller Kvasnes. 
Plassering på Kvasneset er det beste fordi det beste er å reinse vatnet så nære kjelda som mulig - men igjen kva meine de med reinsing av vatnet!?
Ålesund har 282 liter forbehald om feil i sekundet men alt vil ikkje kome frå dag 1. Frå Sula vil det kome 36,8 liter pr. sekund. Derfor må vi tenke på gunstig plassering for Ålesund og ikkje Sula, det virka som om at alt er lagt opp med premiss frå Ålesund!?

Men eg beit meg også merke med at eit anlegg for kun Sula er dyrare enn to mindre anlegg. Det var ikkje den informasjonen vi fekk i 2016 for då var det eit pluss å kun drifte eit anlegg pga kostnadar.

Hadde eg ikkje tenkt på så mange side ved saka (og då spesielt på vatnet som kjem frå reinseanlegget) så ville eg sagt at den informasjonen Rådmannen kom med var så gullegod for anlegget!...så eg meine dette er å føre politikerane bak lyset, og her spilla ikkje Rådmannen med opne kort.
Jan Magnar Sandvik lurte på om ikkje all denne infoen kunne kome før møtet, til svar var det at den var ferdig 1 time før møtet.  

Håvard V. Lien sa at han tok eit feil val i 2016 då han gjekk inn for eit samarbeid med Ålesund på Sunde...

Det var fleire som tok ordet, men eg synes det var svake innlegg og eg skjøna ikkje diskusjonen når dei likevel går imot innbyggjerane sitt ønske.
Det var kun tre stemme for innbyggjarforslaget og det var Per Ola Måseide Uavhengig, Håvard V. Lien MDG og Lars A. Sunde FRP.

Eg skjønna heller ikkje kvifor de ikkje kan sjå positivt på Interpellasjonen frå MDG!? Men det vitna igjen på at de ikkje vil ha det andre plassa på øya, kvifor? Fordi de sjølve og mesteparten av befolkninga bur der? For fjorden hadde det vore det beste og då skjønna eg ikkje at det første punktet Rådmannen har på lista er berre blekk på eit papir...eller svarte streka på kvit bakgrunn utan noko form for betydning!!
Elles synes eg ordføraren bør klare å formulere seg betre før folk skal stemme og ikkje blande saman setningane!!...
Det provosera meg at F. Østrem i teknisk går forbi med eit smil (han hadde prata med dei som sat ved sida min) og det einaste eg høyre er "Det hjelpe dåkke ikkje å protestere for då bite de dåkke sjølve berre i halen!" - akkurat då kunne eg tenkt å stått i ein boksering sjølv om eg ikkje kan å bokse. Men ærleg talt om vi ikkje skal få vise kva vi meine kva demokrati leve vi i!?

No var det ikkje så surt ute i går...men om det vart ein lang kveld blir ein kanskje sliten og kald, eg rekna med at Rådmannen fikk kome heim å varme seg på ordføraren i Ålesund...Denne saka syns eg det stinka "litt" av!!

Eg har sagt til meg sjølv at eg aldri skal henge ut folk...å no sit eg igjen med dålig samvittigheit for at eg er så krass!! Sorry, men eg tenke de tåle det ;) 
Ja, eg burde nok moderere meg, men det føle eg ikkje for i dag...kroppen verke sjukt fordi eg sat å høyrde på noko som dei fortsatt ikkje skjønna, og då måtte frustrasjonen ut...eg er frittalande og eg står for det eg sei.

Hissigproppen i meg klare ikkje heilt å senke skuldrane i denne saka enda...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...