søndag 4. mars 2018

Første etappe...

...på eit lite eventyr er unnagjort, eg og Joey kom på hytta seint i går.
Heldigvis er her ein hod nabo som har gjort vegen framkommelig så det var kun for meg å få måka meg ei råd ned til kjellaren.
På med vatnet og fylle tanken slik det var mulig for ein varm dusj før neste etappe.
Eg hadde ikkje satt på sikringa til tanken så eg måtte ned igjen for å sjekke at alt var OK. Der opna eg døra og spurten stod ut i rommet!! Eg lat att døra og tenkte no er eit rør sprekt, røska opp igjen døra og skulle bort til pumpa for å få av vatnet.........så var det berre «utslagskrana» som hadde trykket rett ned i vaskemaskina! :)))) 
Anja på tur og då skjer det alltid litt...fann ut at eg hadde tatt med feil nøkkel, skulle ikkje tru det gjekk an etter at eg gløymde å låse hytta sist, men eg fekk tak i naboen som vart redninga igjen! Så oppdaga eg at der var hyttenøkkel på reservenøklane til bilen :) Innimellom lure eg på kva som svirra rundt, men innhaldsrikt og høyt er det.
På soverommet var det minusgrader så tok med meg dyna og varma den foran ovnen så kurla vi oss godt i sofaen...
Det er ein herlig idyll rundt hytta og kvar årstid har sin sjarm...
Herligste Joey kosa seg på tur oppover skogsveien og måtte få kose seg litt i sneven, på turen var hanni band for er usikker på om her er utvida bandtvang.
Etter eg hadde spade meg fram til kjellaren fikk eg sjå vakre iskrystaller på muren og døra var full i is...

Vegen til hytta gjekk greit med lite bila langs vegane...ikkje akkurat behagelig for kroppen, men fordelen med å kjøre aleine er at eg slippe å ta omsyn til andre og ingen treng å sjå grimasjar eller høyre meg synge!
Om forma til den eine eller andre er bra/god nok det bryr vi oss lite om, vi eg berre to enkle stjele ute på eit lite eventyr som vi skal samle i minnebanken 💖
No skal eg berre slapp litt av på sofaen før eg starta på andre etapppe...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...