fredag 23. mars 2018

Crufts 2018

Var det heile berre eit eventyr (trykk på lenken for å lese om turen!)- eventyr, eller var det verkelig!!???
We are ready for Crufts 




I mange år, ja heilt sidan 1997 då eg kjøpte min andre hund - vår stamtispe har eg hørt om Crufts så stort det er og ja å verkeleg sjå stjerne i auga når folk prata om dette som vi må rekne som verdas hundemekka!!
Det er ikkje berre hundemenneske i England som veit kva Crufts er, alle veit det og veit kor stort det er, det blir også sendt på tv.


Eg har ein gang tidligare bestilt tur, men då var det kugalskap i UK og dermed utsatt...det var visst rundt 2000 - så kom familietida og Katja sin bursdag den tida det har vore Crufts og dermed berre utsatt. Høyrt om disse fantastiske og elleville dagane i Birmingham og berre gledd meg til min første tur, og den kom impulsivt i fjor då eg sat på kontaktmøtet i retrieverklubben på Gardermoen og vi snakka om at nokon skulle over.

Eg reiste heim bestilte hotell og flybillett til meg og Katja...så kunne vi starte nedtellinga!!

Birmingham og Crufts var fantastisk i fjor og vi storkoste oss. Då vi såg flatten på utstillinga så sa Katja at her vil eg stille våre hunda...så måtte eg forklare ho at vi måtte kvalifisere oss til denne utstillinga og det er ikkje lett. Vi må til NKK i Oslo og der kan det fort kome rundt 100 flatta og av dei vil det vere to hannhundar og to tispe som kvalifiserar seg, så dermed er det så liten sjanse at vi får nyte å sjå hundar her.

Så kjem vi lenger ut på året og eg ser på Facebook at Katja skal på eit arrangement "NKK Oslo" og eg spør kva ho skal, eg fekk då til svar at det skulle eg også for vi skulle på Crufts kvalifisering!!
Ein jentetur vart det med ein gjeng med hundar og tre jenter på tur...på hytta å overnatta der den helga og kjørte inn til Oslo laurdag og søndag. Laurdagen var kvalifiseringa og jaggu klarte vi ikkje den på Joey med den første hannhunden vi var inne med, etterkvart var det tispene sin tur og då kom søstra til Joey på plassen bak kvalifiseringa i ei stor klasse!! Så eg var veldig fornøgd og Katja sa med eit stort glis "då blir det Crufts neste år også da!".

Eg tenkte ikkje så mykje på det og var veldig usikker på å ta den reisa med ein så ung hund...Det er langt, slitsamt og ikkje minst kostbart, men det kan vere einaste gang vi har ein hund kvalifisert så eg hadde ingen grunn til å ikkje reise!!

Eg søkte The Kennel Club om eit ATC number som vi må ha for å få stille hund i UK. Så i desember meldte eg på slik at muligheiten for å kunne reise var der.

Plutselig kom mars og det var berre å rydde bilen, pakke på og kome seg avgårde!! "Crufts here we come!! Herlighet "lille" meg i den store samanhengen, hundar frå heile verda, på verdas største og mest prestisjetunge utstilling!! Dette var kun på moro og for opplevinga å kunne få springe på det grøne teppet på Crufts!!
Irja og parkeringsvakta ordna slik at eg fikk komt meg forbi sperringane ;) 

Katja og Joey på Crufts...Så utrulig fint å få kunne dele dette med dattera mi ♥♥♥

Etter vi var ferdig publiserte er på Instagram og Facebook:
Irja og Katja står på sidelinja og følge med...Trur dei er enda meir spent enn de eg var ;) Det gjekk sjølvsagt på engelsk i ringen då det var folk frå "overalt"...eg einaste norske i denne klassa...det var to andre som stilte kvar sin flat frå Noreg.
Eg hadde norke godbuta som nok lukta så godt at eg hadde hunden fran meg i handa veldig lenge, til slutt lurte ho på kva eg hadde for ho fekk ikkje kontakt med hunden. Eg sa det var Norsk kvalitets biff så ho fikk ein bit. Men vi flira godt og meinte begge på at det var eit godt teikn på at hundane hadde godt gemytt.
Dommar Ray Strudwic ser på Joey og skal vurdere han etter rasens standard.
Her står vi alle ferdig bedømt og dommaren plukka ut sine "shortlist"...

What a day!!! 💚💚💚 I had no expectation yesterday and this was just a bonus of our lovely adventure. When we get shortlisted at Crufts and had more time in the ring it was super!! Nearly so I don’t belive that I have been on the green carpet at Crufts! But I have and it was a lovely experience and the trip has been amazing!
It’s crazy to have a 26 hours trip (alone driving) for a yearling dog...but we took it as a trip and it was great, and today on my way home my daughter wil
l keep me company 😊
This has been a experience and an adventure I never forget 💚
It was so lovely to meet you @mysweetcaro.life and thank you for the pictures 🐾 and thank’s to my sister for the company and the puctures 💚 Hope you have a good flight back home...
Now I will wait a few hours for Katja to wake up and the we will start driving home...
#teamkvasneset

 Heiagjeng frå det aller beste teamet!! TEAM KVASNESET!!...
Crufts er digert og her ser det frå dei to flatringane og med hundebokser, tilskuera og utstillera... 
 Vår lille camp...Utrulig kjekt at dattera mi er med og ikkje minst storesøstra mi!!
Utrulig kjekt når dei vi har kontakt med på Instagram leita oss opp og vi får hilst på kvarandre. Herlige Caroline var utrulig kjekt å møte...
 Her er dei tre plasserte i "Open dog"...Svensk, svensk og norsk!!
 Dei fem finalistane i "Open bitch"...
 Her er "Loke" frå Sandefjord som vi brukte på det kullet vi hadde i fjor sommar. Han vart plassert som nr. 3 i open dog og det er superbra!!...

Eg var ikkje nervøs men mulig litt spent, men mest syns eg berre det var utrulig kjekt å få sjå og prate med folk, sjå masse hunda og få vise fram ein av mitt eige oppdrett...Grunnen til at eg ikkje var så nervøs var at eg ikkje hadde forventningar.
Når vi etterkvart vart shortlista av så mange hunda så var det meir enn eg hadde venta, og vi fekk ein ekstra gjennomgang i ringen. Vi vart ikkje plassert blant dei 5 beste men for oss var allereie turen komplett!!

Eg sit igjen med så mykje etter denne turen...eg har oppleveingar og minne for resten av livet, nokre minne er så ufattelig gode å ta med seg vidare at det er vanskeleg å forklare ♥♥♥

Dette gav meg verkeleg smak av livskvalitet, større smerter, glede, tåre, minne for livet, nye draumar og ikkje minst ting å sjå tilbake på når eg veit eg skal gjennom tøffare periodar...
Utrulig takksam og spesielt til disse fantastisk skattane mine på fire bein som gjer det mulig dei er meir dyrbare enn kva folk kan ane
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Utvida Bandtvang i Sula Kommune..!!

Er faktisk ingen problem med fem lause lydhøre hundar når du har grei oversikt...!  Jadda, her har eg nok søve i timen å burde kome med...