torsdag 25. april 2013

TRIST!...også kanskje litt "tøft"

Det har vært ein masse opp- og nedturar siste åra, men må innrømme at det er mest ned!!...Eg har berre hatt ein fantastisk jobb som eg stortrivst med og som eg ikkje vil gi slipp på…………………men etter ein stor ryggoperasjon i Januar 2011 blei livet for meg og familien snudd på hovudet, teknisk gjekk operasjonen bra, men resultatet blei for meg «fatalt»!! Etter dette og enda ein stor operasjon i april 2012 har livet nesten vært eit helvete og einaste store «mareritt»…Som mange har sett på bloggen har vi sjølvsagt mange gode stunder og vi kosa oss – sjølv sei den næraste familie at ingen kan fatte at du er «sjuke» og så dårlig når du berre går rundt å flira og smila, så ting vil nok kanskje komme som eit «sjokk» for dei fleste!!...
Har eg «brukt meg sjølv» leika med barna, gått tur/trna med hundane, rydda hus, vert i butikken får eg gjerne ris ein dag eller to om ikkje ei heil veke, men det er snakk om prioriteringar og det at ein skal kunne leve med smertene og ikkje bure seg ned i senga, då må man «leve» og så ha det litt ….. forjævelig ei stund etter…


Vi har vegd så masse for og imot, når eg er innom butikken for å sette saman litt blomster, sjå på dei nye varene, snakke med folk eg har brukt butikken som «terapi» for å ikkje legge meg ned og ikkje minst når eg ligg heime å tek nye bestillingar går tankane gjennom meg………eg kan berre ikkje gi slipp på det!! Tenk om eg blir bra om eit år eller to!?? Under har jo tross alt skjedd før ;)
Men, tankar og lyst skal ikkje overgå barn og familien våra!!...Eg har eit ansvar å ta godt vare på barna mine og det er pri1 akkurat no!!...
Det kan nesten samanliknast med hundane våre – vi har eit ansvar om å la dei få slippe når tida er der og det er no det eg gjer…Gir slipp på min arbeidsplass, min draum, mine planar for butikken framover og ikkje minst «min terapi» dei siste to åra…eg har bitt tennene saman i håp om betring, men no går det berre ikkje lenger – så eg MÅ gi slipp!!...
Annonse i Sulaposten torsdag 25. april 2013...

Men, ver klar over ein ting varer kom inn i dag onsdag og vi har bestilt inn varer frå tre leverandørar berre i dag…Vi vil fortsette full drift heilt til vi eventuelt får solgt!! OM det tek nåkken månader eller to år så bli vi her ;) Eg har heldigvis flotte ansatte som hjelper meg og eg tek meg turar innom og ikkje minst lagar eg kransar, brudebukettar og andre ting på bestilling!!...
Eg som hadde så store planar om vidare utvikling og har planlagt innkjøpstur av «det nye» no i Mai, men vi legge dei planane på hylla og som sagt fortsette drifta som den er i dag med varierande utval flotte varer heilt til eit eventuelt sal...

Katja vil overhode ikkje at vi skal selje butikken/lokala for ho vil jobbe der! – det rive meg ekstra i hjertet når eg ser kor lei seg ho blir, ikkje minst det at ho er så flinke med blomster…Men, då eg sa til ho at kanskje blir eg ikkje så låke, ikkje så sliten for eg har vært på butikken, med det vil eg ha enda meir overskot og livsgnist til å vere ilag med dåkke all min iver og energi kan brukast i heimen, då kom det med ein gang «sell butikken mamma!». Om det blir så masse meir enn før vil tida vise, men med så store smerter etc. er det nesten umuleg å kunne drive ein slik butikk.

Eg har til tider vært på butikken om seine kvelden då det er betre å gå der å kjenne på herlige dufter, vakre blomster og herlig interiør enn å vere heime og kanskje bli sur/irritert på familien fordi eg er låke…
For ei tid det har vært med all «diskusjon» om å selje butikken!! Det rive meg i hjertet, men no når vi har bestemd oss og tenker framover er det «greitt»…eller!? Nope, men eg skal lære meg å leve med det, legge dei store planane for vidare utvikling som eg hadde bak meg og tenke på at det er nåkken fantastiske lokaler som nåkken kanskje kan ha stor glede av…
Kanskje vil vi få ein liknande butikk eller kanskje har nåkken andre gode planar, kanskje gjere litt om på konseptet, nåkken som driv i Langevåg frå før som vil ha større lokaler!?? Hmmmm…det kunna blitt masse, kanskje kjem Vinmonopolet til Langevåg og vil inn i eit slikt lokale??? Det ligg midt i sentrum med dagligvare, bank og apotek rett ved, betre lokale skal ein leite lenge etter………

Ei epoke går kanskje mot slutten – når eg får fordøydd det og «funne roa» med det kan eg sjå tilbake på ei flott tid med masse lærdom, utfordringar og bøttevis med inspirasjon…Alt i alt vil eg sei at eg har klart meg bra :)

Eg vil berre ta med ei helsing eg fikk om innlegget mitt på bloggen i går!!...
Klart du har lov å skrive at dokke kan!!!!!Janteloven bryr vi oss ikkje om.....du har lov å være stolt av det du har fått til og det har du fått til fordi du kan!!!!!
Toveklem :)

Du skal vite det betydde masse for meg Tove!! Det blei litt «ekstra godt» no når ståda er som den er...

Det er uvirkelig å skrive det og det er ikkje heilt lett, nesten redd tårene skal komme når folk no kanskje spør om det...men, slik er det og vi skal forhåpentligvis stake ut ein ny veg og kanskje starte ei ny epoke om ikkje lenge ♥♥♥
Frå meg til deg: Livet har så masse å by på ♥ husk å haust av det før det er for seint - No skal eg prøve å følge mitt eige råd!!...
Eg sette pris på at du har tatt deg tid å lese og ikkje minst «alle dei» som er her!!...

Klem -Anja-

onsdag 24. april 2013

Hytta vår - ein sjarmerande skatt...


...veffal for oss :)
Bilde av hytta tatt i påska 2013...
Eg fekk eit godt forhold til hytta allereie som 15`åring og "gubben" min enda tidligare ;) Kanskje litt rart å sei, men eg er veldig glad i den derre hytta vår!!...
Den er sjarmerande på sitt vis og heilt enkelt ei hytte!!...I 2004 fikk vi innlagt toalett, då tok vi boda og litt av gangen og endelig kunne vi få toalett inne ;) Dusj har vi nede i kjellaren på "vaskerommet"...


Ferdig platting utanfor døra for eit par år sidan...
 Før vi tok over hytta var det eg og min kjære som stod for vedlikehald i feire år...

Vi har kanskje villa bygd på hytta, men då blir det ikkje heilt den same, så vi får tenke framover og kanskje bygge eit anneks...
Her kjem ein del bilder av hytta ut- og innvendig...
 Då vi tok over var det på tide å få stua lysare...den blei med eit masse større!! Litt endringar blir gjort med interiøret innimellom...
 Det blei eit heilt nytt rom - det neste som står for tur er å kunne få skifte vindauga...
 Eg måtte ha ei ny seng og då kunne vi like så godt få lysna litt på soveromma også...Eit par nye skap fekk eg også plass til, her blir det tatt litt etter litt...
 Her er skapet og du ser bak til det andre soverommet...
 Levande lys er eit must for å få rette stemninga og hyttekosen...
 Påskekos med nysteikt brød på den store nye kjøkkenbenken...
 Det siste prosjektet var kjøkkenet med ein masse jobb!! Men etter alt arbeidet er eg svært godt fornøgd med det nye heimesnikra kjøkkenet!! Herlig benk som man kan nye ein god kaffi på og praktisk med stor oppbevaring...Berre gleda meg til å komme tilbake ♥♥♥
I påska mista vi varmevatnet og då var det klart for bading i stampen :)

No har eg igjen vist fram litt frå hytta vår og det blir sikkert ikkje siste gang...Har så mange planar framover litt ute og ikkje minst inne, her vil eg skifte/gjere om på interiøret slik at alt får ein samanheng. Vindauga skal skiftast og i tillegg litt andre planar...
Eg berre lengta etter å reie tilbake!!...
Ha ein fin kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

tirsdag 23. april 2013

Dei skryte...

..........sa Katja om ei tvreklame!! «Er det rett da? Å skryte slik av seg sjølv!!.» Ein kan so sei, eg har alltid sakt til dei som lagar annonse til butikken at eg ikkje skal ha skrift som «Vi kan…» eg meiner at kundane skal fortelje om vi kan å lage blomster, om vi er god på nåkke…det er ikkje vi som gjer ting som skal sei kor bra det er!! Men, det er utrulig kjekt å få fine tilbakemeldingar :)
Vi prøver så godt vi kan med innkjøp av varer og ikkje minst med blomsterbinderiet våra og håper det er bra, her er litt bilder frå butikken så kan kvar ein kanskje gjere opp si eiga meining!!...


Ha ein finruskeblåsevekkdag på Sunnmøre, så kanskje er det strålande ein annan plass ♥♥♥ Er ein tur innom butikken og her er det berre dårlig ver, men heldigvis berre ute - her inne har vi mange herlige og koselige varer som kan varme opp i stua i ruskeveret...
Klem -Anja-


lørdag 20. april 2013

Good feeling

I dag har vi «Gråtassdag» i «heimen»…Vi kosa oss ute i friskt vêr med traktor#bading#elektriskbil#kaffi#mat#...Kjem nok nåkken bilder og litt etter kvart ;)

Tok meg ein sykkeltur ut for å handle litt og kom innom butikken – der var det to kjekke damer som hadde så masse fint å sei om butikken ♥ Hadde dei berre visst kor masse det betyr å få slike tilbakemeldingar av skjønne kundar…
Stemning frå butikken med lekre Wandaorkidear#KoseligeLykter#VasarFråMinJosefine...

Heeeeerlig berre å kunne kose seg ute med barna, hund, naboar og venner ♥ no har eg satt bolledeiga så får eg bake dei ut og om ein times tid skal det bli nystekte bollar. Etter kvart blir det vaffelsteiking også :)

Har hørt at det er fleire som vil ha oppskrift på bollane så her kjem den:
- 1 liter mjølk
- 300 gr. Smør
- 250 gr. Melis
- 100 gr. Gjær
- 1,5 kg. kveitemjøl
- ½ ts. kardemomme

Kok opp mjølk med smør og melis, avkjøl og rør alt saman, hevast i ca. 1 time og steikast på 250 grader varmluft ca. 10 minutt…

Ha ein koselig laurdag rundt om ♥♥♥
Klem –Anja-
Matbloggtoppen
-->

fredag 19. april 2013

Fortryllande gråtassen...


..........nesten så det er uvirkelig for ein liten gut - så Kjære Gråtass………og no ja no kan Timmen vår endelig sei «kjære Gråtassen min»!! Å for ein dag – no har planane om garden hans begynt å ta form, i ein alder av 5 år har halvanna år med draumar og fantasiar om å ein dag få seg ein gard begynt å livne til!!
«Mamsen ville igjen utsette litt at du skulle få komme heim til meg, men heldigvis kom ho på betre tankar…For kva skal eg skuffle møkka til dyra mine med om eg ikkje har deg!? Jauda her er planane store, hadde berre «hagen» vår vore like stor.»
Draumar om gard, traktor, diverse dyr er stor med den lille «tassen» vår…vi får halde auge og øyrer opne for å sjå om nåkken skal selje ein gard eller hus med stor plass rundt ein kvan plass ikkje langt herifrå…

Kommentar frå naboen på facebook i går: «Naboene Anja og Tom ble ikke tatt ut til å være med på "FARMEN" og tok saken i egne hender :-) »
 Ein stolt gut ved traktoren sin...I dag har han plana om å ta av kjettingane og fylle opp tanken, hadde vi fått litt bra vêr i helga kunna vi gjort litt hagearbeid også... ;)

I går kveld når traktoren kom heim var det stor glede, Timmen var rett «gal», hylte og hoppa rundt. Han ville ikkje inn å legge seg og satt berre å kosa seg, så etter han var lagt seg kom han ned til papsen med si betenkte og sjarmerande mine: «Dø pappa, vi har tatt parkeringsplassen til mamma, trur du ho blir sint? Shit på, vi kan flytte Gråtass i morra vi» :)
No på formiddagen stå gråtassen fint på «plassen min» og litt haggel i dag - men eg vil jo ha vår!!...

I dag var det pysjamasparty i barnehagen, så derfor kledd som han er på bildet ;) Vi tok bilde før vi kjørte i barnehagen. Då vi kom opp lurte han på kor eg hadde telefonen og den låg i lomma, gleda va då stor når han kunne vise bilde av seg framfor den «nye» traktoren sin. Auga var stor på dei andre barna når dei såg bilde han viste, nåkken jente blei heilt stille og då kjem det glisande frå den stolte gutten: «Ja, men ej sa jo at ej skulle få en gråtass!» Liksom at han prata jo sant, det var ingen fantasi…
No berre gler han seg til å ta den med i barnehagen ein dag ;)

Vi skal få det kjekt med gråtassen og eg har planer om å få litt «drahjelp» på litt hagearbeid ♥ kanskje ein dag får vi ein slag «drømme gard» ein kvan plass ♥
Ha ein fortryllande dag ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 18. april 2013

minJOSEFINE ♥


Vi har fått inn massevis vakre#mjuke#røffe#fine lyslykter og vaser frå minJOSEFINE ♥ det pyntar opp både ute og inne...fargane kan kombinerast og fint med forskjellige størelsar i lag eller berre ein på eit lysfat satt saman med andre ting - disse er fine aleine og ikkje kan dei brukast til masse...

 Koselig stemning med levande lys og blomster...Dei forskjellige størrelsane kan brukast som lyslykt, vase eller potteskjular...

"MinJosefine er et nytt interiør konsept med skandinavisk design. Vi bruker bare naturmaterialer, og alle våre produkter er laget for hånd. Med dette ønsker vi å tilby deg noe som er og føles ekte - noe som varer lenge og som vil være spesiell for årene som kommer."

Du er velkommen innom butikken å sjå og i dag har vi og resten av Langevåg sentrum langope til kl. 22.00 med gode tilbod i butikkane...Håper du får ein super kveld 
Klem -Anja-

tirsdag 16. april 2013

Still miss you ♥

My eyes are not dry and will they ever get!?...Tida leger alle sår sei dei - nåkken ganga i livet har ein berre ein hunda som ein får eit heilt spesielt band til og det er ekstra vanskelig å gi slipp på!!

Heile familien hadde ei ekstrem tung tid då vår kjære «Lisa» måtte reise til hundehimmelen så alt for tidlig ♥ men det er vår oppgåve som hundeeigarar å la dei få sleppe når tida er der, sjølv kor vanskelig det er.
«Lisa» som valp sommaren 2007...

Vi hadde store plana vår kjære «Lisa» og eg ♥ utstillingar, trening, turar, kos og ikkje minst hadde vi lyst å få eit kull til på ho og hadde igjen funne henna «perfect match», men slik skulle det ikkje gå for Lisa fikk ein skade som ikkje lot ser fikse og ho blei sjuk og vi måtte la ho sleppe ein vanskeleg og tung januardag...

«Lisa» alltid klar for nye eventyr...
«Lisa» Cert, BIR og BIS3 på Nordfjordeid i 2009...
«Lisa» flott og flink som mor og blir her kosa med av Timmen vår i 2010...

Eg har ikkje klart å prate om det, ikkje skrive om det før no...prate klarer eg ikkje for det gjer fortsatt vondt - å som eg sakna den lille «skrulla mi»!! Nesten som at det er eit problem at hundane våre knyta seg slik til meg...Det er vanskelig å sette dei til andre, innimellom har dei næraste hundevenner og familie problem med å få hundane spesielt «Lisa» til å høre på deg, for her er det berre «mor» som gjelde ♥ Det går ikkje mange dagane imellom før vi hører frå Katja og Tim Are at dei sakna «Lisa»!! Det var nåkke heilt spesielt med den hunden heilt frå starten av...som einebarn har ho hatt sine små «sære» greier og smelta oss heilt frå starten...
Lykkelegare hund med appetitt på det meste skal du leite lenge etter - det er av og til at man berre skulle ønske at ein kunne få igjen nåkken hundar, «Amy» tanta til «Lisa» var ein slik hund og følte eg hadde igjen litt av ho i «Lisa» ♥ Huff det er vanskelig å skrive og sjå bilde...det er berre så trist, men «heldigvis» har vi fleire hundar her som er spesielle på sin måte!! Ikkje minst er det godt å tenke på at vi har «Lisas» datter «Nora» her ♥ men, eg sette nok litt for store krav til ho no...du må svømme som di mor og være like lydhør og lettrent etc. Men så tek eg meg i det at «Nora» er «Nora» og ikkje slik som dei to andre...
Badegleda var ENORM!! Her er det «Lisa» og Adrian i svevet rett i tjernet...
Arbeidslysta var alltid stor og ho apporterte som om ho aldri skulla ha gjort anna...her frå trening ved Storfjorden i 2012 - herlig vannpasjon og aldri tegn til risting før dummyen var avlevert sjølv om ho sprang 200 meter på land for å avlevere...

Nora har måtta gått at med meg i den perioda eg har hatt to store ryggoperasjonar og elendg tid til å klare å trene hundane - så vi to har ein del å ta igjen, kanskje er det henna tid å få ekstra tid og ikkje minst klare å sette så sterke og djupe spor...........men, det har ho jo allereie klart ♥ «Sky» tuppa vår har også klart det - ho kom hoppande i senga mi den kvelden eg kom heim frå sjukehuset etter andre operasjon og fikk ein dårlig treningsstart ho også, men etterkvart lærte ho litt norsk, så ho kan litt om ho vil ;)

Eg gleda meg over dei fire som er igjen i huset ♥ men tankane kjem innom Lisa enda...måtte ho få springe ilag med mine andre kjære engla i hundehimmelen ♥
Måtte det berre gå lang tid til neste gang vi må ta farvel med ein firbeint venn ♥
Tre generasjonar frå høgre «Ayla» så «Lisa» og heilt til venstre «Nora» vår…
Det aller siste bildet av vår kjære «Lisa»...Kvasneset`s Frøken Lisa...

Vi var så heldig å få leige «Ayla» av Janita på eit kull til - utrulig at vi kan bli så heldige å få ein slik herlig valp og hund!! Må også få takke Siv Julie & Co for lånet av «Solan» ein hund eg falt for ved første augekast ♥ Tuuuuuuusen takk til dåkke alle for at eg fekk mulighet til å ha akkurat dinne hunden her 

Ha dei goe gamle i  - lev, planlegg og viderefør dei i dag og sjå fram og gled deg til dei som kjem  i framtida ♥♥♥

Klem -Anja-

fredag 12. april 2013

Vår i butikken ♥


Det vårast rundt om og det gjer det også i butikken!! 
Når våren er her og sola skinne på oss er det herlig å ordne til med nye varer og ikkje minst ha nåkkken «snuoperasjonar»...
Er så heldig å ha slike flinke, lojale og kjekke ansatte ♥ Dei betyr så umåtelig masse for meg…Vi er jo ein fin liten «gjeng» her nede og vi stortrivst ilag – innimellom skulla vi nok hatt ein person til ilag med oss, men vi forhasta oss ikkje. Vi må ha nåkken som går godt ilag med oss ikkje minst kan jobbe sjølvstendig i og med eg for tida ikkje kan vere der så masse... 
♥ Herlig syring og roser 
Eg får ofte tilbakemeldingar frå butikken at det har vært fornøgde kundar innom både frå nær og fjern. Ei koselig dame var innom å handla med seg varer som ho skulle ha med til Danmark, mamma fikk «sjokk» når ho skulle ha alt med tilbake på fly ;) Ei anna koselig dame var innom frå Gøteborg og det var berre ros å få ♥♥♥ Utrulig kjekt for meg å høyre…

I går hadde vi fleire kjekke kundar som skraut av varer og butikken – ei koselig dame syns det var så masse fint interiør!! Det syns vi også, men vi skal jo ikkje skryte heller da, men litt for ein kvar smak er her nok ;)

Vi venta inn masse varer frå Norge meir frå Herregård og ikkje minst spanande nytt som vi gleda oss veldig til!! Lekre og «nyttige» - «hallo her e vel alt nyttig!! Eller!?» varer frå Sverige og ikkje minst påfyll av det vakre frå Lene Bjerre!!...

Håper du liker det du ser og eg sette stor pris på alle lesera av bloggen, følgere på facebook og ikkje minst alle våre flotte kundar ♥♥♥ måtte dåkke alle få ei herlig helg…
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...