tirsdag 9. april 2013

Eg undrast…

…Ja i dag undrast eg over……??? Ja kva skal ein sei…
Etter behandling i dag var eg på tur innom butikken, parkerte bilen og hørte ei voldsam skriking i det eg gjekk ut av bilen. Medan eg nærma meg butikken blei skrikinga meir intens, då såg eg ei tvilling/søskenvogn ståande rett før lagerdøra vår med eit barn på rundt 2-3 år springande rundt det er bilveg her og ein liggande skrikande i vogna og det riv meg langt inn i  den intense gråten. 

Flott utsikt har vi...men opplevelsen i dag var ikkje like flott...

Fleire folk har gådd rundt her, eg ser eit menneske/helsepersonell frå helsestasjonen komme gåande og tenkte at denne personen tek seg av dette, men så feil kan ein ta, vedkommande som alle andre berre går vidare til bilen sin. Eg går bort og tek lua ut av øyne på den lille guten, prata til han og han berre ser på meg så intenst, gir han smukken og han berre ser på meg. Eg prøver å prate litt med den lille jenta som spring rundt, samtidig som eg ser meg rundt for kven som kan ha ansvaret for disse barna…I det eg snur meg berre for å skulle gå inn å legge frå meg veska begynner barnet å skrike igjen, eg snur meg og han er heilt stille – eg tar ut smukken og han gliser til meg…

Så ser eg ei som kjem ut frå Rema og roper mot oss for meg heil «gresk» det ho sa ho går inn igjen på butikken medan eg står der med barna henna. Etter kvart kjem ho ut og eg går dermed inn på butikken og blir ståande i døra å venta på at dama kjem heilt bort. Ho ser mot meg og alt virka heilt normalt «er det du som passer barn?» og smila………….

Eg blei heilt paff av heile situasjonen, trudde først det var eit skjult kamera med berre lyd nedi vogna for å sjå kor lang tid det tok før nåkken gjor nåkke…..........men klart det blei for dumt...

Då eg kom inn i butikken var der kundar og den eine spurte «kva om dette var barn av etnisk norsk bakgrunn?» 

Ja, kunden har eit svært godt poeng…
1. Hadde det gått folk bort før for å trøste det hjelpelause barnet?
2. Kva hadde helsepersonelle gjort? Hadde ho berre gått vidare?
3. Er dette slik vi vil at barn skal oppleve her til lands? Bli oversett av tilfeldig forbipasserande eller ikkje minst at foreldre kan sette frå seg ei vogn med to barn 200 meter frå butikken for å gå å handle!!???
4. Kan vi godta slik behandling av barn – barn kan vente i bil etc. men så små barn kan ikkje bli overlatt til seg sjølv på ein slik plass så lenge!!...
5. Eg undrast over…….hmmmmmmm…det kjem kanskje neste gang…

Kanskje er eg langt på «jordet» over å komme med slike utsegn, men eg berre undrast om det er slik det skal vere både med det eine og det andre…

Eg har kjent kor urettferdig og kor lite fint nære kan behandle ein, så det skal vel ikkje treffe meg så hardt at vi viser så lite omtanke når ei slik uansvarlig episode oppstår!!...
Eg meiner heilt klart at det er uhørt av ei mor eller andre å sette frå seg barn slik, men at vi ikkje viser omtanke er lite kjekt å sjå, vi skal vere stolte folk - men då må vi jaggu begynne å vise det!!

Håper alle barn søv trygt no og veffal sleppe å ligge med ein slik gråt – for den riv i hjertet mitt berre å tenke på den 
♥♥♥
I dag sende eg ein Bamsemoseoverdoseklem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Convoy

Turens første stopp på Åndalsnes der Cecilie satt frå seg bilen sin... Det har vore så mykje eg skulle og ville fortelje om, men med f...