fredag 5. april 2013

Sanselige rom...

…Skjønne Franciska med bloggen – Franciskas Vakre Verden la igjen ei koselig helsing til meg 25. februar med ei oppfordring om å delta i ein konkurranse om å vinne premier og eventuelt få bilde i den nye boka «Sanselige Rom» som ho jobbar med no. 
Syns det er kjekt å av og til vere med på slikt, sjølv om vi verken har «kataloghus» eller er særleg «trendy», vi har kun min lille rare stil som for oss er heimeskoselig og slik trives vi, likar  at vi kan sette vårt må vel ta på meg all skyld og stakkars gubben som må finne seg i alt!! preg på det og ikkje ha det akkurat slik som alle andre, det er litt av sjarmen og «berre meg»...

Vi var i Thailand då og så blei eg liggande sjuke i nesten tre veker før vi for på hytta i påska ;) Så derfor blei eg ikkje med der, men i dag når eg var ein tur innom rommet til Katja tenkte eg at eg kanskje kunne som aller siste frist slenge meg med på «konkurransen» om å få med bilder i boka - her er det kjekt berre å delta…

Om dette kan vere Sanselige Rom veit eg ikkje, men her er ein del bilder frå skatten vår Katja sitt jenterom ♥♥♥ 

Det fine rosa dukkehuset nede til høgre som eg kjøpte for nåkken år sidan på Farmor Ingvarda  har enda sin plass på jenterommet...
På nattbordet vil ho ha ein blomst og lys ♥ ho brukar ikkje å ha det tent men det er koselig berre å ha det til pynt og ho gleda seg til ho får bruke det ein gang...Ramma har eit eldre bilde av Katja og Tim Are som eg tok på Alnes sommaren 2009...
Til ungdommen er ein sang vi har brukte masse til kvelden tidligare...men etter 22. juli har den blitt mindre brukt då det gjerne kjem snakk om dette emnet og det kan vi ta igjen på dagtid...
Vi kan skimte den vakre utsikta som Katja har frå vinduet sitt...
Denne «pusekatten» kom Katja heim med frå skulevegen i dag, ho meinte eg skulle ha den nede men den passa så godt med ho...
Den gamle skulebenken blir brukt til litt lekser og ikkje minst tegning, klipp og lim...
På eit jenterom høyrer det til bamser og gjerne mange - veffal på ditte jenterommet...
Liker veldig godt sengegjerdet til Katja og glad også ho gjer det, vi brukar å ommøblere og har dette i forskjellige variantar...
Det gamle nattbordet har eg arva etter mormor og morfar, veldig kjekt at Katja liker det og her har ho ein del av sine små skatter inni...
Litt av bamesamlinga henna...
Då Katja skulle slutte med «tutt» måtte eg vere litt  «kreativ» og då putta vi dei i ramme slik at ho kunne sjå på dei...
Kunna godt lagt i denne senga av og til trur den er enda bedre enn vår...
Småting å huske på og i dag var der eit navneskilt med tekst i finsk så her må besta hjelpe oss, eit bilde av Katja som lita, mars steinen på små sko, eit skilt «Always kiss me goodnight» og eit med «Sov du lille engel natten  den er god og trygg solen vekker deg i morgen med varme i ditt kinn»...


Vil samtidig ønske Franciska lykke til med arbeidet med boka Sanselige Rom og gleder meg til å lese den...
Ei lita kveldshelsing med bilder frå Katja sitt «lite krypinn» ♥♥♥ 
Klem Anja-




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...