fredag 19. april 2013

Fortryllande gråtassen...


..........nesten så det er uvirkelig for ein liten gut - så Kjære Gråtass………og no ja no kan Timmen vår endelig sei «kjære Gråtassen min»!! Å for ein dag – no har planane om garden hans begynt å ta form, i ein alder av 5 år har halvanna år med draumar og fantasiar om å ein dag få seg ein gard begynt å livne til!!
«Mamsen ville igjen utsette litt at du skulle få komme heim til meg, men heldigvis kom ho på betre tankar…For kva skal eg skuffle møkka til dyra mine med om eg ikkje har deg!? Jauda her er planane store, hadde berre «hagen» vår vore like stor.»
Draumar om gard, traktor, diverse dyr er stor med den lille «tassen» vår…vi får halde auge og øyrer opne for å sjå om nåkken skal selje ein gard eller hus med stor plass rundt ein kvan plass ikkje langt herifrå…

Kommentar frå naboen på facebook i går: «Naboene Anja og Tom ble ikke tatt ut til å være med på "FARMEN" og tok saken i egne hender :-) »
 Ein stolt gut ved traktoren sin...I dag har han plana om å ta av kjettingane og fylle opp tanken, hadde vi fått litt bra vêr i helga kunna vi gjort litt hagearbeid også... ;)

I går kveld når traktoren kom heim var det stor glede, Timmen var rett «gal», hylte og hoppa rundt. Han ville ikkje inn å legge seg og satt berre å kosa seg, så etter han var lagt seg kom han ned til papsen med si betenkte og sjarmerande mine: «Dø pappa, vi har tatt parkeringsplassen til mamma, trur du ho blir sint? Shit på, vi kan flytte Gråtass i morra vi» :)
No på formiddagen stå gråtassen fint på «plassen min» og litt haggel i dag - men eg vil jo ha vår!!...

I dag var det pysjamasparty i barnehagen, så derfor kledd som han er på bildet ;) Vi tok bilde før vi kjørte i barnehagen. Då vi kom opp lurte han på kor eg hadde telefonen og den låg i lomma, gleda va då stor når han kunne vise bilde av seg framfor den «nye» traktoren sin. Auga var stor på dei andre barna når dei såg bilde han viste, nåkken jente blei heilt stille og då kjem det glisande frå den stolte gutten: «Ja, men ej sa jo at ej skulle få en gråtass!» Liksom at han prata jo sant, det var ingen fantasi…
No berre gler han seg til å ta den med i barnehagen ein dag ;)

Vi skal få det kjekt med gråtassen og eg har planer om å få litt «drahjelp» på litt hagearbeid ♥ kanskje ein dag får vi ein slag «drømme gard» ein kvan plass ♥
Ha ein fortryllande dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...