søndag 7. april 2013

April sa du!??...


Katja koser seg i godstolen mens stormen sleng snøven rundt ute, ikkje så lett å sjå her at stuevindua er dekt med snøv...
Berre lekkert...

Å vakne opp til ein slik vinterstorm er ikkje ofte vi gjer, men at den verste for dinne sesongen skulle komme 6. april trudde eg ikkje.
Hadde det ikkje vore for at vi skulle til Ålesund på handballturnering hadde vi nok blitt heime og kosa oss inne denne dagen…

Det var ikkje heilt enkelt å køyre og halde bilen på vegen, nåkke god sikt var det heller ikkje så godt ein var to vaksne som kunne sjå kor vegen gjekk.

Vel framme etter køkøyring ulykke rett før Blindheimstunnelen var det klart for at Katja sitt lag skulle spille 4 kampar. Lagevåg jenter 04 stilte med 4 lag og spilte totalt 13 kampar og dei vann alle – 13 av 13 mulige!! Utrulig flott av jentene og ikkje minst dei flinke trenerane…
Fornøgd med dagens innsats :) Bror sjølv har holdt seg i aktivitet med hinderløp etc...

Etter ein fin dag i hallen var det klart for laurdagskos i heimen men Baconsurra pestomarinert kylling og heimelaga laurdagssnacks…Her kan du få ei enkel oppskrift :)
Lag eit godt snitt i kyllingen og hiv på med ønska mengde pesto…
Surr bacon rundt kyllingen og steik den lett i panna på kvar side...
Langsteik den i ovnen på svak varme for best resultat går også an å frese opp temperaturen og korte ned på tida om ein må...
Server den med godt tilbehør, i dag brukte vi tagliatellepasta og deilig salat...Kanskje det frista med det eine eller andre, eller ja takk begge deler?? Veffal vel verdt å prøve…
Når kyllingen er i ovnen har ein god tid til rydding og kanskje lage litt dessert, i kveld blei det heimelaga sjokolade med valnøtter og toppa med pistasjnøtter...Smelt sjokolade i vannbad - eg rører ikkje i sjokoladen før alt er smelta, rører inn valnøtter...
Til slutt toppa vi med litt pistasjenøtter og sette det til avkjøling...

Slik såg det ut når vi kom heim etter ein dag i hallen!! Store skavla og hadde i tillegg blåse snøv inn i uthuset våra og ikkje heilt enkelt å komme seg til hundegården heller...Men heldigvis er det slutten på snøven for dinna sesongen og kan trøste oss med at barna og dei firbeinte elsker det!! :)
Snøv sa du!?? Ikkje nok med at det snødde trollkjerring, men føyka gjor det også... 

Det er nok ikkje så ofte det svingar så masse i April frå herlige vårdaga til snøstorm, det var nåkken som ein gang sa «April og piker er ikkje til å stole på»...Det med April er veffal sikkert ;)
Klem -Anja-
Matbloggtoppen
-->

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...