onsdag 26. juni 2019

I rykk og napp...


 Ein trolsk, magisk, svett, litt kranglete og innhaldsrik tur til Sæbønestua i går 25. juni 2019...
Ipa skua utover Hjørundfjorden - Verdas vakrast fjord..!
I går hadde eg ein herlig digg dag ilag med Katja og eit par firbeinte..! Eller burde kanskje skrive innhaldsrik dag for det var nok det dette var 
Vi snakka litt om å ta turen til Dalegubben den første veka i skuleferien, men då eg las at det var luftig på slutten kom eg til at turen må eg gå sjølv før eg tek med barna...(samtidig greit å ha ei unnskyldning sia rygg og form ikkje har vore særleg bra siste tida..).
Så var det å finne ny tur å då landa vi på tur til Sæbønestua...vi var innom Sylvkallen, men fortsatt greit å kunne ta ein kortare og lettare tur enn det Sylvkallen er... 

Men mitt første råd er å ikkje la deg lure av høgdemetrane som står på 
«menyen»! For dei kan så absolutt lure dei fleste for det her var 630 meter rett opp bratta, og i hælane på ein sprek tenåring føltes det som om eg klatra 1500 meter...
I starten tenkte eg «shit skal eg ned igjen her..!?» så etterkvart glømte eg å tenke på det for eg hadde nok med å henge på samtidig som eg hadde ei utrent Ipa i sele som bykste fram og spratt tilbake så det gjekk bokstavelig talt i rykk og napp...
Eg hadde ein stor sekk med mat, drikke og tørre klede...spurte Katja før vi reiste om vi ikkje skulle dele det opp i to mindre sekkar, men då fikk eg klart til svar at eg kunne ta den så fikk eg ekstra trim :)))
Kan ikkje sei anna enn dette gir både hjarte, kropp og sjel ny styrke og energi ♥♥♥

 Ipa på sin første "topptur"...
 Berta tek det som alltid med knusande ro og samal ny energi når vi er i ro...
 Ipa møte ein cider med skogsbær...
Kan ikkje akkurat sei at vi gleda oss til turen nedover...!!
 Innom hengekøya igjen på veg ned...
Med stive fjellsko som skal passe på at eg ikkje tråkka over, gjørme og utrygge røtte så var det ein stor risiko på veg ned...Heldigvis er hundane våre trent på å gå bak, så etter eg hadde døtte på ræva eit par gongar og småfall av ymse slag synes eg det var tryggast å koble av Ipa...jepp, eg gjekk med lunden laus med kommando gå bak som sei ho at ho går heilt inn i beina mine - ja innimellom hamna ho mellom dei når eg stoppa litt opp. Å heldigvis gjorde eg det for ikkje lenge etter så låg eg der med vridd kne etter eit grasiøst fall som tok litt pusten frå Katja!! Men, då ho såg eg klarte meg flira ho å sa at det var berre kome seg på beina igjen...fikk smake eigen medisin der ja ;) Det resulterte i eit blått litt hovent kne og skrubbsår litt her og der...Det kan oppsummerast med at eg synes det var litt greit at eg slapp å ta av meg kleda foran legen på smertepol i dag ;))

Eg kan ikkje akkurat no sei at eg vil gå denne turen opp igjen, men med tørrver ei periode slik ein kan gå med joggesko så er det ikkje heilt uaktuelt for det var ein herlig trimtur med ei fantastisk utsikt!! 

Naturen den gir og gir...vi må vere like raus å klare å ta vare på den ♥ Du veit at når smertene er sopass intens at du vurdera om du må legge deg for meg er det ein stor terskel å vurdere for du kjem ikkje langt her i livet om du legge deg når du møte hard motstand..! eller berre tyne litt fleire krefte ut av kroppen i håp om at naturen gir meg nye. Så er det godt at eg vel det som gir hjarte og sjela påfyll av styrke og energi...ein tur i den vakraste natur og saman med den herligste jenta eg veit om ♥ 
Tusen takk for turen skatten min ♥ snart er det biltur til Trondheim som står for tur å eg skulle berre ønskt for din del at hunden din hadde klart å halde på pelsen i eit par veke til...Men, som du sei vi får veffal ingen ting av å sitte heime så då er det berre å begynne å gjere seg klar for ein ny tur ilag med deg :) 
Mor Berta og Ipa balanserte turen på ein strålande måte..!!

Ønska deg, på akkurat din måte ein innhaldsrik dag 
Klem -Anja- 

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...