onsdag 13. mai 2026

Utstillingstur til Bergen


Oppdrettargruppe Best In Show nr.  2 - BIS dommar Svein Bjarne Helgesen


Kvasneset - HP - Dommar Frank H. Whyte
«Like there size shape and breed type, VG heads, G bone, racy, G coats, and moved with nice free striding. 1648 1651 1661 1669»


Vel heime - heldigvis etter snøvêret på veg heimover...

Lenke til fullstendig resultat dei to dagane og resultata frå laurdag her samt resultata frå søndag her...

Vi er supergodt fornøgd med helga og spesielt søndag der alle 5 var med - der alle fekk excellent i kvalitet og 4 i oppdrettargruppe med HP, god kritikk: "Like there size shape and breed type, VG heads, G bone, racy, G coats, and moved with nice free striding. 1648 1651 1661 1669"

Gøy at Frøya, Vira og Xo fekk excellent og dei to siste vart sortlista som nummer 5 og 6 i ei stor fin open klasse. Ikkje minst at Sansa og Abi vann kvar sin klasse med CK. Abi fekk også veteran CERT og Vet.CACIB! Dommar Frank H. Whyte

EXC 1 CK - Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»  

«Feminin molded head, G eye and ears, G shoulder depth and well angled rear, tail well set on, in G coat and cond, Not over done in any way moves with nice reach and steady moderate width in the rear. Holdes G topline.»


EXC 1 CK Vet.CERT Vet.CACIB - Kvasneset's Oooh La La La
«Feminin racy in outline with VG head, G legs, like her rib, well dev rear and G tail set in very G cond, moved with moderate drive, holding a balanced outline.»


EXC - Kvasneset's XOXO

«Like her size shape and balance moderate in G cond, feminin head, G neck legs and feet, G rib, moved with steady drive holding nice outline.»


EXC - Kvasneset's Viva La Vida

«Up to size but has feminin head G eyes and ears, moderate neck in to body off G depth, straight legs, well bent stiffle, firm loin and G tail, moved with steady gait, holdes G topline, VG presented, G coat and cond.»


EXC - Kvasneset's Zanatta Prosecco

«I like her size and overall outline, G rib, nice bone, G legs, moved with steady gait around the ring, holdes a nice topline, like her type and overall balence.» 

Vi hadde seint oppmøte søndagen og etter vi stilte oppdretterklasse der vi fekk heiderspris vart det ikkje lenge å vente på den store ringen så då gjorde vi det...Sjølv om vi ikkje er trena til det og eg var meir enn vanleg forvirra så kunne det gått rett så ille, men jaggu fekk vi det til asså!! 

Vi var redd vi ikkje vart plassert, men vi kom asså som nummer 2 av så mange flotte grupper!! Kun slått av Rabben`s - ei superfin gruppe med airedale terriere! Dei har dominert i maaaaange år! - Funfact: han grunnla kennelen før eg vart fødd (om eg ikkje tek feil)... ;)


Må berre takke så mykje til min kjære svigerson, Kristoffer - han var strålande flink i ringen med Vira!! Eg har aldri hørt eller sett nokon som har hatt så lite lyst å gå ringen og samstundes ende opp med å gjere det. Du var faktisk veldig flink og spesielt med ein hund som ikkje er vand med å vere i ringen sjølv... Tusen takk for hjelpa!!


Eg digga å få reise på tur, møte hundefolk som er dei rareste, fine, galneste og stort sett godeste folk. Sjå hund, ja berre få vere rundt hund - då eg gjekk inn i hallen med gjengen min søndag sa eg flirfult til dei tre: "hei dåkke, prøv å oppfør dåkke no da" så kom det frå ein av dei frivillige "ja utstilling er berre gøy, sant?" Oh yes stort sett og det synes hundane våre også :)) 

Innimellom litt for gøy og då kan dei gi oss meir enn ein handfull - Å sjå Katja og Abi i ringen er alltid fint, men laurdag då var "gamla" to handfulle og Katja sleit verkeleg med å få ho til. Abi digga utstilling og då var ho heeeeilt PÅ!! 


Tusen takk for hyggelig selskap rundt ringen til alle og spesielt #TeamKvasneset - ikkje minst tusen takk for veldig fin og god hjelp Bente og Arild 


Prøva å vere meg sjølv og ha på meg smilet, litt fleip, gode samtalar og ikkje minst flire, flire mykje!! Men, eigentleg innimellom ser det litt slik ut...

"Har du ikkje lyst på tur..!?" Det var spørsmålet eg fekk fleire gongar dagane i førevegen, og det var eigentleg det eg sjølv tenkte før eg sette meg i bilen fredag formiddag...

Heldigvis endra det seg når vi var igang og bilturen var fin med koselege stopp med litt shopping og strekking på beina ;) 

Vel framme i Bergen var eg så glad for at vi starta turen - sjølv om det kun var to veker, eller 12 dagar sidan sist eg klemte søstra mi er det alltid godt å få ein god klem av ho ♥ 

No når eg er vel heime og kroppen prøver å lade batteria og skrur av smertene (håpa eg) så er eg superglad for eg reiste for å treffe herlige folk, sjå nokre fine hundar - veldig gøy med gode resultat, men vi jakta fortsatt store cert! Så mest av alt er det å kome seg ut og få påfyll i topplokket av energi som gjer at dårlegare dagar blir litt betre  ♥ ♥

Nyt dagen så godt du kan...

Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Utstillingstur til Bergen

Oppdrettargruppe Best In Show nr.  2 - BIS dommar Svein Bjarne Helgesen Kvasneset - HP - Dommar Frank H. Whyte «Like there size shape and ...