onsdag 28. januar 2015

Nytt uttrykk...


I eine hjørnet av butikken...Om dagen gå det veeeeldig masse i valper som i dag er 5 veker allereie!!
Men, det har vore litt tid til blomsterbinding, messe med innkjøp og divers... Syns vi har så masse fine varer i butikken, og vi får mange fine tilbakemeldinga på akkurat det og det er så kjekt...
Vi har det fine, klassiske og tidløse, natur og det rustikke...når du kjem inn til oss skal det ikkje vere som andre butikka. Vi har gjort litt om med nytt miljø, og fått fram litt av dei nye varene som kom no midt i januar og mange fleire skatta er på veg ♥♥♥
I går sendte eg ein mail til ein ny leverandør som eg bestilte av på messa om dei kunne vere så snill å sende varene før enn først sagt og jauda, dei skulle sende dei denne veka...men nåkken få varelinje mangla og får det midt i februar!! Det passa perfekt å få butikken i vårdrakta før eg "reise på tur"! :)

De skal vite vi sette pris på at de tek turen innom butikken!!...handle lite, handle stort, handle masse, handle mindre eller handle ingenting? Ååååå vi blir glad berre du kjem innm å ser og sei hei 
Ha ei fin natt ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 24. januar 2015

Koooooos...

...rett og slett berre valpekos ♥♥♥
Eg og Tom har vore på kurs i dag, så Tim Are har vore med tante og onkel, så med besta og besten. Katja har vore valpe- og hundepasser, og då har dei vore i dei beste hende...ja, for ho visste at omtrent kl. 15.03 gav ho valpane mat og kl. 15.20 var det spist opp og tatt vekk skålene etc...

Vore masse ilag med valpane og etter kveldsmaten stupte barna i bingen til ein gjeng med leikne valpa 
Herremin kor dei leika og kosa seg, det gjekk innimellom litt utover nåkken tær og Katja fekk dradd litt hårsåret litt lengre ;)
 
Hmmmmm...kva er denne dingsen som heng ned her, eit eller anna å leike med!?..
 Tim Are handtera valpane på alle mulige måta og veldig fin måte å gjer ting på. Han tek imot alle råd, veiledningar og er superflink!! Her skal han sjå på tennene medan "tigern" ligge geilt fint og rolig...
 Jepp, har tenkt litt og gått nåkken runde...så då er det klart for å leike med den "dingsen"!!...
 På andre sida sit tigern og har endelig funne ei "blondine" å leike med blant alle dei svarte, så den lange tynne "blondie" behandla han bra med eit fint grep ;)
 Då endelig har roa senka seg i bingen og Katja sitt hår får kvile...Her er "lilla tispe"...
 Her er hanne merka gult...
Både valpa og barn litt sliten etter ein fin og god leik...

Det her er kooooos for både store og små...måtte alle ha ein koseleg og varm kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

fredag 16. januar 2015

Tulipanens dag ♥

Våren er her!!!!......Neeeeei, kanskje ikkje akkurat våren, men tulipanen er her med ein fantastisk forsmak på våren med sine herlige knasende stilka med deilige vårfarga i ein nydelig miks. Fredag 16. januar er tulipanens dag og her bugna det av tulipana og vi håpe sjølvsagt at vi skal ha nok til alle kunda som er innom og vil ha ein forsmak av vår og sesongens snitt nr. 1!!...
Tulipansesongen begynne i desember med kvite og raude som pynta festbordet...så går det over i herlige vårfarga i januar, og vi vil ha tulipana i butikken heilt fram til april...

Tulipanens dramatiske historie
Ingen annen blomst har hatt så stor innflytelse på politikk, økonomi og kultur som tulipanen. Den kom fra Asia til Europa på 1500-tallet og ble raskt populær blant franske hoffdamer så vel som kjøpmenn. Tulipanen ble faktisk så populær at den i Nederland forårsaket hysteri og til slutt børskrakk. I dag er det en solid industri og tulipanen er blitt en blomst for alle.


Kjøp med faghandel og få alltid med gode tips og råd medan vi pakka den enten fint, ja eller fornuftig inn til deg!! 
Stort sett blir tulipanane solgt tørre for å halde tilbake blomstringa. Tulipanane danna ei hinne etter at dei blir snitta frå løken slik at dei ikkje mista vatnet. Dei blir satt kaldt og mørkt før, under og etter transport slik går dei på ein måte i dvale og helde blomstringa tilbake, etter dei kjem "heim" og blir snitta starta eventyret med ei evig "strekking" mot lyset til dei ein dag stupe...

Men, for å få best resultat og at du skal ha tulipanane lengst mulig vil eg komme med nåkken råd:

  • Sett ein liten tape på plastikken det gjer vi alltid før vi selge dei, men kjøpe du andre plassa kan det vere du må gjer det sjølv. Akkurat passe stramt slik at dei får stå rett i vasen...
  • Skjær stilkane rett over ca. 1,5 cm og gjerne under rennande vatn.
  • Sett så tulipanane i ein vase med rikeleg vatn, og du kan med fordel sette dei i lunka vatn.
  • Etter minimum 30 min. tek du vekk plasten, 
  • kaldt vatn i vasen og ikkje så masse det luraste er å etterfylle med vatn.
  • Sett tulipanane kjølig om natta og når du ikkje er heime då helde dei seg lengst...
  • Lykke til og NYT!!

Tape plasten litt strammere...
Kutt rett av men det må ikkje vere under rennande vatn...
La dei trekke opp i ca. 30-60 minutt...så er det berre å sleppe våren ut!! :)
Ha ein vårblomstrande fredagskveld 
Klem -Anja-

mandag 12. januar 2015

Hundepatruljen med bakgrunnsklunk

Litt levende lys og god duft er heller ikkje så dumt...
Det storma fælt rundt hushjørna medan regn og sludd piska på vindauga, i tillegg torden og lyn så om vi blei forbigådd av "Nina" trur eg vi har fått ein liten villbass på besøk likevel...Men eg og gubben benka oss forann tvn med Hundepatruljen og heldige oss har vi herlige klynk frå ni skjønne valpa ved føttene. Valpane er tre veker på onsdag og har no begynt å få litt tilleggs melk og begynne også med fór.
 NamNam...Litt mett og trøtt i dag tidlig...
 Herlige små tassa som ligge på lading...
 Kan finne litt melk på kvarandre også...
 Kan vel ikkje sei anna enn at disse "grisungane" er heilskjønn...

Det er alltid stille før stormen og no er dei komt i stua like ved soveromet våra, jadda no måtte eg ha litt betre søvn ;) For når det er slik at reversen ikkje er stilt inn med valpane så måtte eg få dei ut...morosamt å vekke meg innimellom med å krype over mor, så ned mellom kassa og mor med stumpen viftende i vêret uten å kunne komme seg tilbake. Så her er det begynt å bli livlig, vått, klissete, søtt og dosa med undehaldning ♥♥♥
Klunkeklem -Anja-

tirsdag 6. januar 2015

Valpebilder

I dag hadde vi besøk av husfolket til Nora :)
Knipsa litt bilder av valpane når dei var i stua...vi tok dei inn dit på teppe når kassa skulle vaskast, og samtidig blei det mengde med kos på både valpane og oss tobeint, ja og ikkje minst Nora!!

Ha ei god og fredfult natt...her blir det nok litt søvnig innimellom alle valpelydane ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

mandag 5. januar 2015

5. januar full av kontraster...

I dag har verdens beste Tim Are bursdag!! :)
Vi starta dagen med frukost på senga, i papsen si seng 
fekk han heist opp ryggen litt ommøblering då papsen rømme når valpelydane blir for høge og Tim Are kjem ut på morrakvisten for å passe på "familien sin". Når han får maten ser han på meg og sei "hadde sett det for meg litt anleis"...kva da..."liksom litt sånn middagsaktig, ja åsså gjerne rundstykke!" :) Eg ut på kjøkkenet igjen å laga til eit rundstykke med fenalår og eggerøre til. "Der ja, ditta såg veldig bra ut!" :) Etter ei stund spør eg om han ikkje skulle spise opp, "neeeeeei vakje så veldig svolten eg"...
Tim Are litt småtrøtt men fornøgd med maten...Katja "sove" i bakgrunnen. 

Jaja, uansett er kvardagen tilbake og første skuledag etter ferien...dei begge hadde ein fin skuledag og vi kosa oss her heime. Mamsen laga kjøttbolla med diverse tilbehør og tropisk til kaffen...I dag var det ikkje storfeiring, men besten og besta skulle komme å spise etter at dei hadde vore med "Pekka" til veterinæren.
...Ja, så er det berre å konkludere med at 5. januar er ein dag som følge oss tett på godt og vondt, for i dag hadde mamma og pappa ikkje anna val enn å la "Pekka" få sovne inn og springe til dei evige jaktmarker!!...
Etter besta og besten for gjekk Tim Are å satt seg i andre sofaen der han pusta ut og sa trist "no er det slutt for Pekka også!"...
Trist at han måtte forlate oss så tidlig, men etter ein skade i ryggen fekk han no akutte smerte som lamma han, i romjula hadde vi skikkelig sjekk og fekk medisin som beklageligvis ikkje har hjulpe og "Pekka" blei berre verre på få daga. No når han var blitt så fin igjen etter forgiftinga så skulle vere med meg i utstillingsringen, planen var i 2014 men blei lite utstilling med helsa mi!!...Alt har si tid og viktig å ikkje utsette det du kan gjere no! Men, det blir tomt når både han og "bajas" er borte no når vi har valper alltid vore så fint å hatt ein hannhund...
"Pekka" som valp våren 2009...
I Molladalen august 2014...
 14. september 2014 skreiv eg til dette bildet;  Tre goinga  pappa, "Pekka" og mamma...
Pappa og "Pekka" på Lervågfjellet 14. september 2014...
 ♥♥♥ Pekka ♥♥♥
"Pekka" og pappa i Astrid Lindgrens verden sommeren 2014...
"Pekka" ved hytta sommaren 2014...
Siste turen vi hadde ilag 1. juledag 2014...vi såg at "Pekka" ikkje var heilt bra, men han storkoste seg og viste ingen form for svakhet...

Han var ein fantastisk hund så snill og god, veldig lik sin far og bestefar- ja så gjekk han bort nøyaktig 10 år etter sin bestefar, den datoen følge oss den på godt og vondt...

Ingenting skal få skygge for bursdagsgleda og i dag var skatten vår 7 år!! Men, før hans tid var dette bursdagen til mi farmor :) søskenbarnet mitt har også ein son født på denne dag for 8 år sidan. Ja så "Cassie" mora til min første flat "Siko" hadde også bursdag 5. januar...ja som sagt måtte vi ta farvel med vår kjære "Siko" 5. januar 2005.

2013 var eit år vi ville gløyme med så masse triste ting og såg fram til eit supert 2014!! Det starta ikkje bra og uhella fulgte oss gjennom det året også. 
Men, så til alle glede snudde det på slutten då vi starta opp igjen butikken og eg såg litt lysare på livet med tanke på eigen helse, ja det er helsegevinst i å kunne få jobbe litt!! Ikkje minst fekk vi på tampen av året endelig eit flatkull igjen!!!!!!...
Med familien rundt meg og ting som snudde litt tenkte eg at eg ikkje skulle ønske meg det så mykje betre i 2015. Men, å starte året med å miste ein hund igjen er berre trist og hadde ønskt ein betre start for både oss, mamma og pappa...

Måtte det bli mange opptura gjennom 2015 for vår del...og eg ønska alle sammen berre alt godt for to- og firbeinte rundt om!!
Ta vare på kvarandre og ikkje utsett ting...
Tåreklem -Anja-






Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...