fredag 21. august 2026

Det er slutt...

...Har du også fått det med deg?

Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. april til og med 20. august...


Etter ein lang periode er det no slutt, og det er mange ulike kjensler knytt til det. Nokon er letta og glade for at «friheita» endeleg er tilbake, slik at vi kan trene hund og ha den/dei litt laus på tur. Sjølv er eg glad for at eg kan gå i hagen min igjen – utanfor den inngjerda delen – saman med hundane, utan å vera bekymra for rådyrkalvane og det andre dyrelivet som ikkje skal bli forstyrra.

No går vi inn i ei tid med pur glede for dei firbeinte...

Men det er ein del som ikkje synest det er stas med lause hundar. Så vi må ta omsyn til dei rundt oss og gi omgivnadane inntrykk av at vi som hundeeigar faktisk er ok folk!

Om du oppfører deg som ein elendig eigar går det utover oss alle.


Vi må hugsa på at det at vi kan sleppe hundane, ikkje betyr «ute av kontroll». Du er pålagd etter lova å ha kontroll på hunden heile tida. Jau då, vi snakkar om levande dyr, og uhell og uventa situasjonar kan oppstå, men alt i alt skal dei vere under kontroll.

I dag er det uansett slutt på den generelle bandtvangen i landet. Men kvar enkelt kommune kan ha eigne reglar for utvida bandtvang på nokre stader, så sjekk kva som gjeld der du bur og ferdast.


For nokre år sidan skulle den utvida bandtvang opp og avgjerast i kommunestyret her i Sula. Forslaget var hårreisande, og difor møtte eg opp for å kunna forklara dei som var usikre på kva som ville vere rett - etter lova. Det var fleire som snakka med meg, og eg kunne fortelja at det strir mot norsk lov å gjera eit så stort inngrep i lova om bandtvang, og refererte til hundelova. 

Så her i kommunen er det berre bandtvang på Sulafjellet til og med 30. september. Eg gler meg difor til oktober, når eg kan gå opp på det store fjellet med laus hund på dei oversiktlege stadene - for det er verkeleg vakkert på hausten…


Elles er det eigaren si plikt å gje hunden eit godt og rikt liv, samtidig som samfunnet må leggje til rette for at det er mogleg. Om vi alle trenar og sosialiserer hundane på ein god måte frå dei er kvalpar, er det bra for hundane, og ikkje minst for alle som lever rundt der vi oppheld oss.

Vi som hundeeigarar har plikt til å ha kontroll på hunden vår, og med det minner eg om § 4 i hundelova:

«Hunder kan være løse bare når de, a) blir fulgt og kontrollert på aktsom måte, eller b) er forsvarlig inngjerdet på et sted som ikke er åpent for allmenn ferdsel.»

Då hundelova er heilt klar på korleis vi skal gå fram som hundeeigarar, er det i grunnen heilt unødvendig med lokale utvidingar, så lenge desse ikkje er grunngitte med husdyr på beite
Dirfor vil eg oppmoda folk til å seia ifrå om nokre kommunar har urimelege krav i forhold til dyrevelferd! Det at kommunane utvidar bandtvangen og gjer at velferda til hundane går ned, er ein uting. 


Det at vi skal ta omsyn til folk, dyr og hundar er heilt klart nedfelt i lova i dag. Om vi alltid skal gå med hunden i band, får den ikkje lov til å utfolda seg naturleg, noko som faktisk ikkje er god dyrevelferd! Det er viktig at hundane skal få springa litt fritt for å ha eit godt liv, og ikkje alle har moglegheit til det i eigen hage.

Kommunane bør heller driva opplysning til alle om korleis vi som hundeeigarar skal ha eit så godt hundehalde som mogleg, førebyggja redsel og visa folk korleis dei skal oppføra seg saman med dyr. 



Vi bør også sjá til andre land og korleis hundar vert inkluderte i samfunnet der. 

Vi må heller ikkje gløyme kor mykje nytte hundane gjer, og kor mykje dei gjev tilbake til samfunnet.

Vi kan alle vera uheldige om hundane får ferten av noko. Men så lenge det ikkje vert ein lei uvane at han kjem ut av kontroll, får vi håpa at tilgjeving frå den som eventuelt vert råka, er eit alternativ…



No kan vi nyte naturen både med og litt utan band...


Det aller meste av denne teksten skreiv eg til ein video publisert på Facebook 21. august 2019...


Er det eventuelt eit problem i nærmiljøet med innkalling og møtesituasjonar? Kanskje eit kurs eller miljøtrening hadde vore eit tips til folk i nærleiken?


Tren hunden og lev godt - med lykkelege hundar

Klem -Anja-

Det er slutt...

...Har du også fått det med deg? Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. april til og med 20. august... Etter ein lang periode er det n...