søndag 4. mars 2018

Undring kring informasjonsmøte…

…ang reinseanlegget måndag 05.03.2018 –
Vi bur midt i ein eventyrleg skatt, og den er vi pliktig å ta vare på!!...Det er faktisk ingen alternativ, dritten MÅ ut til ope hav der den best kan fordele seg over større område!!

Uansett kor mange ganga eg prøva å få tankane i andre bane eller berre legge dei vekk, så er ting fortsatt litt uforståelig for meg. Korleis kan ein terskelfjord med diverse straumningar, og varierande forhald med tanke på brevatn etc kunne klare å handtere avfallsvatn frå omlag 70000 PE!??
Det er snakk om kloakk frå store område og dette må pumpast, etterkvart som dette pumpast frå stasjon til stasjon vil det bli meir og meir finmalt som igjen vil redusere reinsegraden...Korleis kan de tenke at ein fjord skal klare å handtere så store mengde dritt, bakteriar, antibiotika, kjemikaliar og virus.
Kvifor i alle daga kan de ikkje tenke på å få dette utanfor boligområde og så nær ope hav som mulig, og så føre det med rør resten av vegen ut til ope hav!??...
Ja så på grunn av alle mine tanka har eg kokt ned til nokre spørsmål…Eg kan ikkje vere på møtet måndag, men eg skal prøve å få det med på TV eller via telefon…Men, om nokon kunne tenke seg å spørje nokre av spørsmåla mine hadde eg blitt veldig glad :D

Eg undrar litt korleis resipient-ekspert Jarle Molvær kan kome med slike uttalingar som han hadde på informasjonsmøte i 2016. Der karakteriserte han Storfjorden som ein veldig god mottakar av avløpsvatn, men han opplyste også at han ikkje hadde tatt omsyn til fiske og aktivitetar men korleis fjorden klare å ta imot og fordele dette vatnet utover…
Det vil sei at han har kome med flotte «resultat» etter utsagn som kommuna kan nytte seg av, samtidig er det ikkje vurdert det som alle saman er bekymra for, nemlig om Storfjorden er ein god resipient fordi han sei at Storfjorden er betre eigna enn det Borgundfjorden er i dag!...
Kva er grunnlaget ditt for å sei at Storfjorden er ein meget god resipient, er det berre forskjellen mellom Borgundfjorden (som er øydelagd) og Storfjorden du har tenkt!?

Storfjorden er som mange veit ein terskelfjord, det som er med slike tersklar er at sjøen er roligare enn ope hav, men ein vesentleg ting er at på grunn av terskelen vil vi ikkje få utbytting av vatn i så stor grad. Så kva med all kloakken som vil ligge å butte mot terskelen og kanskje berre drive tilbake, enkle meg ser berre at dritvatnet vil ligge å bli skyvd fram og tilbake i fjorden…ja og innimellom gå i sirkel der du har ei anna strøyming.
Det står også skreve fleire plassar at kloakkvatn og andre forureiningar ikkje bør sendast til fjordar då det vil bli liggande der i lang tid.
Så korleis meine Jarle Molvær at vi får godt nok utskifting av vatn?

Det var også snakka om korleis dette vatnet vill reagere med fjordvatnet. Ville vi ligge å bade i dette vatnet og kva med algevekst når sollyset nådde det på overflata? Då fikk vi nei, dette utslippet ville kome til botnen så det ville ikkje bli eit problem. I neste omgang snakka vi om at det ville ramme det største livet på botnen og ville dette dø? Nei, for når det kjem i havet og får same temperatur som sjøvatnet ville dette gå opp til overflata.
Så om eg har notert riktig, skjønna det eg skreiv og at hukommelsen er nogen lunde intakt så synes eg det blir tala imot seg sjølv heile vegen! 
Så kan du kanskje gi meg eit enkelt svar og fortelje kva som skjer med avløpsvatnet når det kjem ut i fjorden?

I ei tid der vi har antibiotikaresistens oppe i media og det kan bli eit stort problem litt fram i tid når vi ikkje lenger har antibiotika som kan ta knekken på ein lungebetennelse.(Antibiotikaresistens er allereie eit problem med store utfordringar, i USA døyr fleire av lavgradig infeksjoner enn aids og kreft til saman!) korleis kan vi då sende alle antibiotikarestar og virus rett i ein fjord slik at det blir konsentrert i ein liten del av område vi oppheld oss i, og ikkje minst slik at vi skal få med oss dette tilbake til middagsbordet!? 
Korleis meine du eigentleg at fjorden klare å ta seg av dette sjølv?Eg kan førestelle meg at den klare å kjempe ned ein del bakteriar for slik er naturen, men forklar meg gjerne korleis den klare å få bukt med virus, antibiotika, kjemikaliar - kvar blir desse av?

No er det slik at vi skal pumpe dritten over store avstandar og avføringa vil bli meir og meir finmalt og med det vil det bli mindre som vi klare å få ut. 
Så når vi snakka om 70% reinsing, kva blir eigentlig det rekna av, er det 70% av det faste som fortsatt er fast når det kjem fram til anlegget???

Til slutt har eg eit siste spørsmål til deg og eg vil gjerne ha eit heilt ærelg svar (Jarle Molvær)!.......Er du ikkje samd i at det beste for fjorden og naturskatten vår er at vi får dette avfallet ut til ope hav?

Hadde vore dritbra om eg kunne fått svar på desse spørsmåla...
Håpe det blir eit fint, opplysande og informativt møte for alle parta!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...