søndag 25. februar 2018

På tide å få opp augene!...

Her kjem lesarinnlegget mitt som var i Sulaposten torsdag...

Eg klare ikkje få frå meg tanken på kva retning vi bevega oss i!...
På den eine sida skal vi vere så miljøbevisste og passe på naturen vår, ja vi vil bruke dyre skip som ligg i opplag til å reinse fjordane, kysten og havet for all plasten (det er jo veldig bra!) men, samtidig skal vi pøse på med drittvatn i ein smal fjord!

Høyrde på radioen for litt sidan at det no var snakk om kutt i turistskiptrafikken på grunn av kutt i utslipp av gråvatn…så her vil Norge tape ein god del inntekter pga utslepp, samtidig som vi sjølve skal forureine og øydelegge fjorden i staden for å få det ut til ope hav som trass alt har betre forutsetning for å ta imot og kunne handtere så store mengde avfall. Som den enkle sjela eg er så klare eg berre ikkje sjå logikken her!?
Om vi skal sleppe ut så mykje forureina vatn ved Kvasneset (eller Sunde om det blir kun for Sula) så vil det samtidig ikkje berre svekke Storfjorden, men i høg grad råke Hjørundfjorden som ligge med munninga open og klar til å verte svekka. Hjørundfjorden som eg (heil objektivt sett sjølvsagt :) ) ser på som verdas vakraste fjord!!
Har vi verkeleg samvittigheit til å starte rasseringa på Sunnmøres og kanskje Noregs flottaste stad?? 

No er det på tide at politikarane får opp augne og då må dei høyre på dei som bur her, og ein del har satt seg inn i dette å kan faktisk litt om det både fagleg og ufagleg. Slutt å høyr på ei solskinshistorie presentert av nokon som gjerne skulle ha fått på plass anlegget i går!! Det er ikkje enkelt å vere politikar når du får kun positive side ved eit anlegg, sluke orda som blir lagt fram for deg og dermed ta ukloke avgjerelsar på feil grunnlag.
Dette merka eg for to år sidan då eg gjekk frå hus til hus og stod på Spar Eidsnes for å få underskrifter. Der vart eg avfeid av fleire som meinte at silanlegget som først var planlagt og omtala som reinseanlegg var supert!! Prøvde å forklare at det var feil bruk av ordet reinsing, men eg snakka til døve øyrer den gang, men eg håpa og trur folk no har fått augne opp og trur dei no har innsett galskapen.

Eg vil også understreke noko forskar og marinbiolog Ketil Hylland kom med: «…det er viktig at det ikkje er miljøgifter i utsleppet, og at vassutskiftinga er tilstrekkjeleg relatert til utsleppet sitt voulm. Det kan og bør modellerast.» Akkurat det som er i vatnet som går i vasken og toalettet som medisinrestar, kjemikalier, vaskemiddel, antibiotika, og bakteriar vil gå ut i fjorden vår og sakte men sikkert bryte den ned og livet vil sakte dø. Ikkje minst i dagens samfunn når vi snakka om antibiotikaresistens så burde vi sjølvsagt få dette til havet over eit større område som har heilt andre muligheiter til å ta imot enn rett i matfatet våra.
Elles var eg sikkert frekk på informasjonsmøte då eg spurde om kven som tok notatar for eg såg ingen som gjorde det, og klok av skade frå to år tilbake så var det også sagt at dei tok det med tilbake, men ingen ting av det vi sa vart tatt omsyn til.
Så kom eg med eit spørsmål til for dei hadde vanska med å svare på det vi kom med… «ta notat, og send svar til Sulaposten slik vi får lese». Men, ikkje det heller hørte dei på og dermed har vi ikkje fått svar på spørsmåla våre.
Det eg i ettertid synes var «leit» er at vi fikk ei regle frå teknisk om at vi var både ufine og dei følte seg urettferdig behandla. Ærlig talt det er de i kommuna som kjem med slik informasjon og vil øydeleggje fjordområda og livskvaliteten til folk, då er det vel kanskje vi som skal føle oss både krenka og urettferdig behandla.
Eg har fortsatt eit skrikande ønske om at de i kommuna vil dele informasjon både om det permanente anlegget men ikkje minst det midlertidige som de planlegge på Sunde!! Her må de politikera ta omsyn til innbyggjerane og ikkje tenke krone og øyre, for å plassere ein plasthall med dritt i hagen til folk og rett framføre den vakraste utsikta av dei alle!? Jørn Agersborg sa at Sula bør kome med plana om anlegg, og bør kome med ei midlertidig løysing – det er forskjell på bør og skal så her kan de mulig forhandle med Fylkesmannen.
Etter snart 30 år med dritt rett i fjorden kva har nokre få år til å seie? Det er ikkje vår skuld at politikerane i Sula har vore så sløve i denne saka her! Ja å som eg har sagt så mange ganga før skjøna eg liksom ikkje kva som er best, å svømme mellom kammar og dasspapir eller svømme i dritten ingen ser!?
Når vi ser det veit vi at det er der og alt vi ikkje ser er faktisk meir skremmande!!
Vi må ta vare på naturen for dei som kjem etter oss...Vi kan ikkje redde Borgundfjorden med å forureinse ein ny fjord!! Det er ikkje berre å ta fram malingsrulla og pussa den opp om 20-30 år for så enkelt er det berre ikkje.
Eg håpa at alle er interessert at vi skal bevare fjordane våre og ta vare på det vi er så stolte av! Kva er vel grunnen for at vi bur her vi gjer? Trur ikkje det er pga alle dei herlige vindstille solskinsdagane!?
Å skulle berge fjorden og bygge nytt anlegg på ein betre eigna plass om 15-20 år kan ikkje vere lønsamt.
Personleg så drite eg faktisk i om anlegget kjem på Sunde eller Kvasnes for begge alternativa er like dårlig for skatten vi bur i og ikkje minst fjorden vår!! – Denne saka stinka det av, men de har fortsatt muligheit til å rette opp i den store feilen de mulig er med på å begå!!
Må beklaga eit rivande engasjement, men vi har berre ein natur…


Til slutt vil eg gi «politikera» ei opplysing…Det blir sagt at «vi» kan kome med innspel og spørsmål men det er så veldig viktig å forhalde seg sakleg. Så ser eg i diskusjon på facebook at det er nett dei som skrike om at vi skal vere så pertentleg som ikkje klare å vere det sjølv. Ein kan jaggu ikkje samanlikne ein stor plasthall som inneheld kloakk plassert rett ved hagen og husa til folk, med ein lastebil og eit til sals skilt!!...

Ønska alle ein kloakkfri dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...