torsdag 18. januar 2018

Ope møte om arbeid med nytt avlaupsrenseanlegg

I går var det nytt informasjonsmøte på Solevåg skule ang reinseanlegget.
Eg burde kanskje beklage framferda mi, men det vil eg ikkje...sorry, men dette er så dårlig behandla at dei faktisk må tåle at vi er så engasjert!!
Som eg sa i går vil eg igjen sei tusen takk til Joakim Sletta som turde å vere ærlig og sei at Langevåg/Eltrane eller Sulesund som stad for å få vatnet til ope hav ikkje har vore eit alternativ.


Veldig glad for at drittpraten vert tatt i det offentlege rom istaden for i det stille som det som oftast gjer ;)

På slutten av innlegget vil eg legge ved lenke til ein del innlegg ang kloakken i tillegg til brevet eg sendte til Fylkesmannen...

Det er så viktig at vi får dette anlegget på den beste plassen. Det at kommuna vil søkje om primærreinsing istadenfor sekundærreinsing gjer dette enda viktigare!!

Største forundringa mi fortsatt er at det ikkje ser ut til at teknisk ser poblemstillinga med å sleppe vatnet ut i ein fjord istadefor ut i ope hav!!...Dei skulle ta det med tilbake, men eg såg ingen noterte seg innspel før eg spurte kven som noterte!?
Dei sa akkurat det same for to år sidan, men dei gløyme fort og då er det greit med eit notat. Det vise seg i form av at innspela vi kom med i 2016 ikkje har vore med vidare i prosessen.


Om det ikkje blir eit prosjekt saman med Ålesund så har eg ikkje gløymd underskriftene eg samla for at kommunestyret måtte sjå på saka ein gang til!

Som eg har sagt så mange ganga før skjøna eg liksom ikkje kva som er best, å svømme mellom kammar og dasspapir eller svømme i dritten ingen ser!? Når vi ser det veit vi at det er der alt vi ikkje ser er faktisk meir skremmande!! 

Elles håpe eg at politikerane tek med seg rådet om å dele informasjon på eit langt tidligare tidspunkt i seinare sake!!

Men, etter fleire møte og telefonar har eg fortsatt ikkje fått eit svar på kvifor ikkje Langevåg og ut mot ope hav har vore vurdert. Dei fleste spørsmåla mine blir besvart med "Kan du høyre kva eg sei!?" Ja eg høyre men det gjer nok ikkje dei...
At dei ikkje ser forskjellen på ein fjellhall med naboar på Kvasnes eller eit ope anlegg ut forbi Sandvika utan naboar er utrulig i seg sjølv. Å når vi igjen nemne å få det i ope hav og ikkje inn i fjorden - ja det er kanskje litt meir forståelig at dei ikkje skjønna det siste då dei ikkje forsto innspelet til min far om at dei skulle slutte å kalle Storfjorden for havet. Eg synest vi kan forvente at dei bør vite forskjellen på ein fjord og eit hav?

Som avslutning i går la eg merke til kva Jørn Agersborg sa: Sula bør kome med plana om anlegg og bør kome med ei midlertidig løysing.
Eg streka under bør for det er forskjell på bør og skal!! 


Eg vil igjen få sei det eg avslutta med i går og eg håpe vi alle kan ta lærdom av denne saka her. Vi må prøve å stå samla om det som er det beste for innbyggjerane og naturen vår. 
Det som ofte skjer er at vi hyle når noko ramma oss og elles er vi stille. Om vi står saman og tenkje høgt kan vi kome med mange gode forslag som kan gjere ting betre for alle, og det utan at det kosta så mykje meir enn litt tid og engasjement.
Kan eg i det høve få spørre om hjelp til å få den midlertidige plasthallen vekk frå husa til oss som bur rett ved ferja på Sunde!?
Om vi veffal får den 100-200 meter lenger inn slik at den blir skjult inn mellom skogen som er der då vil den ikkje vere til så stor sjenanse for nokon.
Eg har "skreke" i denne saka lenge og då ville ikkje eg sett dette anlegget, og eg vil heller ikkje bli direkte råka om det blir plassert på Kvasnes. Det er fjorden VÅR som får støyten og det gjer den fortsatt om det midlertidige anlegget som først var sagt skulle stå i 2-3 år, men i går var oppe i 6 år!! 6 år med ein plasthall med dritt i hagen!!...Ja, då ropa eg fortsatt høgt men då er det også av egoistiske grunna ;)

Vi må ta vare på naturen for dei som kjem etter oss...Vi kan ikkje redde Borgundfjorden med å forureinse ein ny fjord!! Det er ikkje berre å ta fram malingsrulla og pussa den opp om 20-30 år for så enkelt er det berre ikkje.

Eg drite faktisk i om anlegget kjem på Sunde eller Kvasnes for begge alternativa er like dårlig for skatten vi bur i og ikkje minst fjorden vår!!
Eikrem var også nemd i går, men husk at det er fortsatt Storfjorden som blir mottakar.

Eg spurte om administrasjonen kunne svare på ein del av spørsmåla og få dei ut i Sulaposten neste torsdag!? Håpe dei høyrde etter og kjem med tilbakemeldingar til oss...

Litt må eg beklage likevel om eg var ufin...stort sett lika eg å vere positiv og blid, men eg satt nok på meg den morske, ivrige, engasjerte og litt forbanna maska i går...
Men mitt ønskje er berre at vi fortsatt får ha ein fantastisk fin og blå fjord!!
Klem -Anja-

Mitt brev til Fylkesmannen 05.12.2017


Formannskapsmøte mars 2016

Her er eit lite notat eg fann frå mars 2016 då var eg skuffa over tankegangen til folk...
Eg stille meg undrande til at eit par naboar her inne på Sunde(vil ikkje nemne namn) kan uttale at det blir utslipp av reinsa kloakk og at dette anlegget vil ha betre standard enn Åse!? Kvar har de slik opplysningar frå? Då det er tatt utgangspunkt frå at det skal vere eit silanlegg som har fått eit litt finere namn med administrasjon og politikerane.

Eg syns det er trist og leit at de ikkje ser missbruket av ei sånn fantastisk tomt, og er det berre for eiga vinnings skuld at de ønskjer veg til tomter er det litt trist. Brauta og Svensken vil ikkje bli stengd for det bur folk som har behov for å nytte seg av vegen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...