lørdag 27. januar 2018

Det er med tungt hjarte...

Hjartet mitt!!...åååå det gjer vondt å skrive dette asså!
Men, klart finn eg ikkje "den rette heimen" så kan eg aldri klare å gi han frå meg...
...så det er verkeleg med tungt hjarte at eg no har bestemd meg for å sjå om eg kan finne den rette staden for "Bobby" - Kvasneset`s In Long Desember Night!!
Berre det å skrive det gjer beslutninga mi meir verkeleg, men eg veit at det er det beste både for han og meg.

Pga private endringar så ser eg at ting må endrast og spesielt då med tanke på Bobby...og det riv meg i hjarte å eventuelt ikkje skulle ha han rundt meg 24/7!!...
Men, eg må tenke på hundane og at dei får det dei skal ha kvar dag. Han får fortsatt det han skal ha, men eg ser framover på ting som skjer og endringane som kjem framover her og då er eg redd at han ikkje får det. Då må berre eg legge egoismen min til side og sjå om han kan få det hjå andre.
Eg ser etter ein fòrvert som kan samarbeide godt med oss og ikkje minst nokon med erfaring frå hund. Han er herlig å trene med, men han er ekstremt mammadalt og vore litt for lite sjølstendig dermed ikkje gått så vidt med tanke på søk. Dette er noko vi trent på ei stund og det ser meget lovande ut for no går han både vidare i søket og ikkje minst lengre frå meg på tur.
Eg legg ikkje krav om strukturert trening til konkurranseformål om du ikkje ønska dette sjølv, men at han får brukt hovudet  er viktig.



 Halvbrødrene Bobby og Joey...Joey er på fòr hjå gode vener og det fungera superfint!! Men, dei fekk han då han var valp og derfor ikkje vanskelig på nokon måte. Det er vondt å setje ut ein vaksen og spesielt ein med den personlegheita som Bobbyèn har...
 Han elska å få vere med på tur!...
 Her er Bobby saman med to søstre på Gaustadtoppen i fjor haust...
Vakre Bobby`en min på utstilling i juni 2017...

Vi har ein fin og liten hundefamilie i #teamkvasneset der nokre er meir aktiv enn andre, men vil du vere ilag med oss og kunne tenke deg å overta ein vaksen hund så er det her ei muligheit. 

Er du ein (einsleg eller familie) som er på utkikk etter ein fantastisk gogutt som elska kos og fine tura, nokon som har hatt hund og gjerne erfaring innan positiv hundetrening så er du velkomen til å ta kontakt med meg for å høyre meir!!

Om du trur du kan ha eit samarbeid med meg så kontakt meg gjerne på 90018619 eller anja@kvasneset.com :)
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...