torsdag 16. februar 2017

Tidenes spleisefest ved fjorden!?

Håpe vi etterkvart med god smvittigheit kan fiske, rake krabber etc. utan fare for å få i oss for mykje dritt..


...Ja no er det visst ei tid for ho her å prate litt dritt igjen!...
Alle innlegga mine om det her minne ikkje mykje om interiør, blomster, hage og elles ein del om det eg starta bloggen med for fleire år sidan ;)) ja, men samanlikning til "rosablogga" har eg aldri ville hatt også har det med idear etc utvikla seg til å bli til ein skikkelig kvardagsblogg med litt terapi og utløp for frustrasjon...og det her kjem nok under siste kategori ;)
For eg synes kloakkdebatten er faretruande stille, ja eg har liksom sagt mitt ein gang men ein god ting kan aldri seiast for ofte!

Eg skreiv nåkken innlegg og måtte berre la dei ligge i kladd som litt "krasse" innlegg gjer. Meeeen må ta fram litt av dei så derfor la eg ut eit og no kjem eit til...spara på det værste kruttet for å ikkje virke fullstendig gal ;)
 Koselig ved fjorden og la oss håpe det kan fortsette framover...

Men, kva er vel ikkje godt med saka slik ho ligg i dag? Det er fortsatt snakk om ein fjellhall der all kloakken frå Sula og det meste frå Ålesund skal inn i skjerma omgivnader. 
Ja og missforstå meg ikkje for det er steike bra!!...Det var nokon som spurde meg i ein diskusjon "kva skal til for at du blir fornøgd da!?" - Fornøgd blir eg den dagen vi kan klappe oss på skuldra og vise til at vi har tatt omsyn til naturen og dei som leve i og med den. For sjølv om eg får det nære så er det ikkje berre panikken over å øydelegge for dei som nytta området for friluft eller dei som måtte få betongklossen nær inntil husa sine. 
Men, det er faktisk alt vi ikkje ser som bekymra meg mest!! Kanskje er det for at eg ikkje har stor nok peiling på bakteriar og strømningar i fjorden?. Eg kan også lese og vise til Molvær sin rapport om at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgund- og Hessafjorden, men då han presenterte dette i kommunestyret presiserte han alt for lavt og "litt på si" at det var kun utarbeid ang kva av fjordane som var best eigna, og ikkje om Storfjorden er "god nok". Å ein del folk vel å ta desse orda om at Storfjorden er bra og slik er det...Men når kammaren og papira er kjørt vekk så er her altså mengde med avfall igjen - kva skjer med dette?? Silanlegget som det først var snakk om er strøke over for alltid vil eg håpe og tru  - ja, det som forundra meg mest her var faktisk ein del av dei eg var rundt å snakka med, og flest av dei eldre menn som ikkje skjønte kva eg meinte og såg sikkert på meg som sprøyte gal for at eg kunne ha noko imot eit silanlegg når vi ikkje har reinsing i det heile i dag!!...
Om eg skal sei det EG meine så er det betre i dag enn det ville blitt!!...for no veit vi at dritten er der om eit slikt anlegg skulle kome så hadde folk tatt det som god fisk (som det hørtes ut på alle at no blei det reinsing!) og dermed hadde vi fortsatt å fiska nedi der, svømt og kost oss!!
Men klart er det også betre i dag med tanke på kor mange utslppe kjem frå og eventuelt vil bli når så mange vil bli kobla til!

Det som også forundra meg i dag er at folk set ned krabbeteiner rett ved kloakken i dag og om desse blir seld så lykke til...om dei går seg reine eit døgn ved brygga spilla inga rolle dritten er med dei!
Om det hadde blitt silanlegg så var sjøen like forureinsa berre at vi ikkje ser det.

Kva skal til for at vi skal få ein så rein natur og fjord som muleg!? Eg sit nok ikkje på svaret, men eg skal ikkje vere heilt stille før eg har fakta og forsikringa på at det som gjerast er rett og lagt ope på bordet!


Kom ikkje å sei at fjorden ordna dette sjølv for det har eg og ikkje minst andre svært kyndige folk gidd nok av eksempel på!!
Fjorden ligg å skyll  vatnet fram og tilbake med straumane som vi ikkje ser på overflata. Når vatnet som er "reinsa" blir spylt ut på havbotnen og etterkvart får same temperatur som havet vil det stige til overflata...så eg berre undra meg på kva som vil skje? Kva reinsing vil det bli? Kvifor er det så stille og lite informasjon? 
Eg skal ikkje lage meir styr, men eg vil berre at vi skal ta vare på det vi har rundt oss på ein god måte!! De veit vel alle kva natur vi har her??
Eg har igjen hatt folk frå "heile landet" innom dei siste vekene og kvart eit menneske uansett ver har påpeika for ein fantastisk plass vi bur på!!...Så er det opp til oss alle om den skal vere like fantastisk for dei som kjem etter oss og ikkje minst at vi kan nyte det meste medan vi er her!


Eg skulle så gjerne fått alle svar og når dei kjem som strålande nyheite og eg kan senke skuldarane på at vi har tatt vare på folk, dyreliv og natur her så skulle vi alle hatt tidenes spleisefest ved fjorden!!!...Sang, musikk, god mat og drikk - ja ein skikkelig fest!...

Så les eg infoen frå administrasjonen som driv å jobba med det beste alternativet...dei ser no på å plassere fjellhallen enda lengre inn. For det første håpa eg fjellet blir sjekka pga for nokre år tilbake var det snakk om å legge vegen i tunnel gjennom fjellet men det var så rote at det ikkje var mulig.
For det andre........som har vore mitt argument heile tida - har de sjekka å legge fjellhall i Sulafjellet!!???...
Det må vel vere betre å få det til Langevåg og i rør ut i Breisundet ut i ope hav? Å for å presisere igjen så snakka eg ikkje om å sleppe det i Hessafjorden men ut forbi...
Er er kansje dum og blond, men eg kan ikkje skjønne anna enn det må bli beste for fjordane.
Men kom gjerne med forklaring på kvifor dette ikkje går??
Er det kostnadar så vil eg gjerne sjå forskjellen på indre og ytre...vi må i så fall tenke langsiktig, vi kan betale det over 5 år ekstra kanskje? Vi må ikkje gløyme at naturen får vi ikkje igjen uansett kva vi betala...  


Eg blir også betenkt når eg les i media og ikkje minst sosialemediar korleis folk spyr ut galle om diverse avfallshandtering. Det ser ikkje ut som om folk ønska å tenke på miljøet rundt...Det er fakta at vi er alt for slepphendte og det ser ein på alt som vi finn igjen ute i naturen.
Folk må begynne å ta seg saman! Eg skal ikkje uttale meg så mykje om anna avfall då eg har ein mann som jobbar i Årim, men litt klare eg å tenke sjølv etter knappe 10 år i avfalls bransjen...


Skal gi meg i denne omgang, men måtte vi berre få den beste løysinga med den reinaste fjorden, og beste festen ved fjorden ever!!... :)
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...