onsdag 8. februar 2017

Giskemonibba 687 moh

Keesha ved toppvarden med vakker utsikt mot Storfjorden...

Eg hadde vel ikkje heilt sett for meg at vi 8. februar kunne gå på slike tura tørrskodd, men vi har alt anna enn "normalver" for tida.
Så i dag satt vi oss i bilen å kjørte til Ørskog for å ta turen for første gang til Giskemonibba. Eg og Cecilie vart litt forseinka då eg måtte kjapt (med litt forviklingar😂) innom apoteket, men Tanja og søstra venta på oss på avtalt stad før vi kjørte i følge innover. 
Litt nedtur då vi såg at bommen var låst så vi prøvde å få tak i nokon som kunne hjelpe utan hell...plutselig kjem det ein bil bak og gleda var stor då han kom med ein nøkkel!! Så det var dagens reddande engel. (Vi kunne sjølvsagt gådd frå bommen, men i dag var det litt meir enn flau vind og med nåkken minus var deg so kaldt at raua blei kald før eg visste ordet sv det!)...
Berta og Keesha ved toppvarden...

 Keesha nyte utsikta i blæsten...
Utrulig fin tur med lett stigning til toppen først eit stykke på grusveg før vi gjekk i frosta gras og skare snø omkvarandre. 
Vi var godt kledd men steik kor kaldt...vi gjekk i sopass raskt tempo at vi klarte halde varmen, men når nordavinden kasta seg rundt oss frå alle kanta sleit vi med å halde hendene varme og snørret igjen ;)   

Syns det gjekk så fort og greit at eg vart "positivt skuffa" over at vi alt hadde nådd toppen!!
Vakker utsikt heilt klart og vi sat oss ned bak varden slik at vi kunne få oss ein liten matbit før vi hutra oss ned igjen...
Sola kom seg over eine fjelltoppen i det vi nådde toppmåneden vårt så då fekk vi sol dei siste metrane og oppe på toppen, ikkje minst på veg ned, så det vil i grunn sei at vi bomma på sola men traff på vinden i dag ;) 
 "Søstre"...

Alle var samde i at det var ein fin tur, og vi vil gjerne på tur igjen men gjerne med mildare trekk!
Oppover var det nesten umulig å prate då blesten tok med seg orda og hørselen ikkje strakk til...men på veg ned vart det både meir sol og mildare trekk...
Takk for turen ❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...