onsdag 9. mars 2016

Er det mulig eller berre eit ønske!?

Øya i mitt hjarte...

Eg må sei det er spannande plana det som skjer med eit samarbeid mellom Ålesund og Sula!! :)  Då kan vi puste litt ut og glede oss over at kommuna om mulig får tid med Fylkesmannen…
Men, bruken av tomta på Olamyra var det allereie stilt store spørsmålsteikn på av Fylkesmannen (kopi av brev stempla inn til Sula Kommuna 26.02.2016).

Det høyres flott ut med ein fjellhall vekk ifrå folk og ikkje minst øydelegging av det flottaste området på Sula/Sunnmøre…

Umiddelbart etter eg las dette tenkte eg  ja dette her er supert, men det er eit MEN!...og det er ikkje for å vere negativ, men eg har sett fleire sake som har endra retning etter ein prosess og dermed tenke eg at her må vi «passe på» slik at vi sikra alle sine interesse. Ja, for dei som trur at eg blir direkte råka av anlegget på Olamyra så er det feil, vi vil knapt sjå det men det handla om området som vi skal ta vare på, det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje råka meg så bryr eg meg ikkje.
Med tanke på interesse er det dei som får dette tett på seg, unik tomt som kan brukast til andre og betre formål, ei heilt unik utsikt til verdas vakraste fjord!, lukt som vil kome frå anlegget, bakteriar og diverse som blir skyldt ut i fjorden med vatnet.

Vi må ikkje gløyme korleis dei har gådd fram på måten om å endre frå eit lite anlegg i fjøresteinane til ein diger koloss på 800-1000 kvadrat, ikkje berre indre men plutselig heile øya!! Det å villede folk med å sei at det blir reinsing også var det kun snakk om det tunge og ikkje noko av vatnet!...
Når kommuna fekk massiv motstand på dette kom dei berre med at området var låst og det var ikkje noko å gjere med, men vi kunne samarbeide om det arkitektoniske!!...Hmmmmm, ei slik framferd var trist å sjå og eg kan ikkje slå meg til ro med dette.
Ja, dette høyres vel og bra ut, men som de skjøna er eg ikkje overbevist over at det blir som dei sei akkurat no og dermed ville eg få med informasjonen som blei gitt av teknisk sjef til Formannskapet i Sula i går…

Teknisk sjef Jørn Agersborg informerte politikarane i formannskapet i går:
18.02.2016 hadde dei møte med Ålesund Kommune (jepp, det var intet nytt for min del) og 19.02 kom det brev frå Ålesund til Sula om annmodning til felles avløpsanlegg.
Det er snakk om ein stor del av Ålesund mellom anna Åse som i dag nytta seg av Borgundfjorden (eg snakka med JS «Åse reinseanlegg» 19.02 og han hadde mykje vettug informasjon å kome med. Åse har den antatt beste reinsinga av mekanisk reinsing (95%) og i tillegg har dei kjemikalsk reinsing og dei vurdera å skifte det ut til det aller beste sjølv om det er bra i dag… Så om eg har skjønt han rett vil det sei at dei sila ut kammaren og tilsett kjemikalier for å få brutt ned ein del av medikament etc. som er i vatnet.» Han sa også at skal du ha det enda reinere må du ha enda fleire prosessa med reinsing, altså igjen og igjen før du sleppe det ut. Det er slik at om du tappar i badekaret og hell ein liter vatn oppi så får du ikkje skilt ut melka! Det må x-antall prosessa for å få ut det forskjellige, så det vil bli ekstremt kostbart slik at ingen i landet vil ta seg råd til det.)

Litt rart at nåkken sei du kan drikke av vatnet på Åse (det er langt ifrå og eg ville aldri gjort det sa JS), andre sei at reinsinga på Sunde vil bli så mykje betre enn Åse!! Kvar er vi, kven veit noko i det heile tatt!?
Vi MÅ ha reinsing av avløpsvatnet og det blir det, men kan vi berre slå oss til ro med å høre kva den eine eller andre sei? Eg vil gjerne vite kva det blir av reinsing og kva gjer det med fjorden? Kvifor pumpe det ut i ein fjord når det er så mykje anna dritt i han få før? Kvifor ikkje få ledninga ut i Breisundet (på sørsida av Sulafjellet) og ut i ope hav??

Snakka så vidt med eit par politikera i går og veldig greitt å prate med ein som har «litt» peiling på sjøen og havet!! Einarsen meinte også at det måtte analyser til for å sjå korleis dette vatnet og partiklane vil «gjer seg» i fjorden då dette vatnet er lettare enn sjøvatn (ja, i det første informasjonsmøtet fekk vi høyre at det ville legge seg langt nede på djupet så det ville ikkje ha påvirkning på fiske etc. litt seinare i innlegget kom det til at det ikkje ville ha noko å sei på fiske for det vil legge seg over sjøvatnet – og det var då eg stilte meg undrandes til at vi skal ligge å bade i all dritten vi ikkje ser!!).  Så om vi tek med oss alt som blir sagt (ikkje berre alt som blir snakka høgst) så legg vi to og to saman og kjem fram til at vi er like vis…så då må vi klare å tenke klart sjølv og finne informasjon.

-Så til eit viktig punkt for min del!! – Administrasjonen i Sula var heilt klar på at lokaliseringa som er satt SKAL følgjast, om ikkje akkurat Olamyra men i den sona. «Altså det er administrasjonen i Sula som sei at det eventuelle felles anlegget skal ligge mellom Kvasnes og Sunde!! Ja, då spør eg sjølvsagt undrande kvifor!? Kvifor skal det absolutt ligge der? Eg tenkje ei god begrunning hadde vore på sin plass…

Det har ikkje kome noko klart svar frå Fylkesmannen enda, men det blir møte mellom dei tre rett over påske, så det blir spennande å sjå kva som kjem utav det… Så derfor vil  det meste av kostnader etc. bli lagt i ro til dette møtet er over.

Høgre med spørsmål om sekundær eller primærreinsing, og Leirvågfjellet kontra Olamyra?
Det må vurderast sekundærreinsing, men vanskelig å sei i forhald til kostnadar, men det er sjølvsagt betre om Ålesund blir med. Det er fortsatt tidlig å sei konsekvensa av kostnadar om å få det i fjellet men det er det dei ønska. («Det er her vi må følgje med tenkjer eg for kva dei ønska og kva som blir er heilt to forskjellige ting! Etter kvart når prosessen har blitt lang, stor og med kostnader så kjem dei til at å skyte seg inn i så mykje fjell blir for dyrt og dermed blir det daganlegg i staden – ikkje meininga å vere pesimist eg som «alltid» er optimist, men eg prøva berre å vere føre var»).
KRF: Skjønna at eit enda større dagsanlegg der inne vil få enorme reaksjonar, så blir det lagt til fjellet er det bra!!
Så svara JA – Ålesund var positiv til fjellanleg og det er det vi ønska.
FRP: Vi ville i utgangspunktet ha det på Eikrem, men fjell det er bra for vi m få vekk det fæle bygget på Sulas finaste plass!
Men det må vere sekundærreinsing.
FRP: Må vere storskala så det tek dritten vi ikkje ser!
Høgre: Krysset på Veibust?
JA – Det blir å bruke vegen som var tenkt frå fergekaia (jaaaaa det blir jo bra for dei som tenke kun på seg sjølv og ikkje felllesskapet i første omgang!) og innover. Vegen blir belasta med ca 1-2 containerbila for dag istadenfor  1 annakvar dag.
Eg tenke det er godt det blir diskutert og ikkje minst få ein god prosess…men eg vil vite kvifor vi må forhalde oss til akkurat her inne på Sunde og ikkje lenger ut!?
No har vi anledning til å få anlegget lenger ut med alt det positive det innebær og likevel står dei steil på lokalasjon. Om vi kjem lenger i prosessen og dei ser at kostnadane blir for store ved fjellhall då sit vi der med x-antall kvadrat med problem igjen, og då hadde det vore fint å kunne lagt det i ein skog ;)

Sorry asså, men eg klare ikkje å ta dette heilt med stor ro...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...