onsdag 3. februar 2016

Reinseanlegg

For det meste går tankane mine i dritt for tida ;) Heldigvis ikkje dynga av det, men det er det som engasjera meg og engasjement er viktig.
Eg kan ikkje berre sitte å vente på at dei begnne med arbeidet og godta det som blir gjort. Så dermed måtte eg sende brev til Sula politikerane...

Mandag var eg på Rådhuset å leverte 334 underskrifter på det ope brevet som blei skreve av naboane her inne...


Vedrørande Reinseanlegget på Sunde

De er nok alle informert om den betente saka ang reinseanlegget på Sunde. Det er nok ingen som vil ha dette som næraste nabo med alle dei ulemper som dette medfører av lukt, støy, rotter etc., men at de kan nytte ein slik skatt til dette blir heilt uforståelig. Eg skjøna godt at alle ikkje klare å sjå kva natur vi omgir oss med og kanskje ikkje bryr seg så mykje om den, men de må vite at det er ufattelig mange som gjer det og blir meir og meir bevisst på dette for kvar dag som går. I ein kvardag fylt med mykje stress blir tur og rekovalens i slike områder meir og meir behov for.
Det som for meg blir heilt vanvittig er at de nytta ei slik fantastisk unik tomt på Sula, ja ein sjeldan skatt både på Sunnmøre og dei fleste i heile landet ville blitt stum av bedundring for plassen og utsikta. At vi i det heile vurdera å øydelegge eit slikt område med dritt er heilt ufattelig når heile sørsida av Sula er dekt av skog med små unntak, kan eg ikkje sjå at de MÅ bruke akkurat denne plassen rett ved husa til folk og rett i opninga til fantastiske Hjørundfjorden!! De er kanskje ikkje klar over at dette må vere ein av verdas vakraste fjordar? ;)
Eg veit kommuna sit på denne tomta men kan de ikkje sjå på fleire muligheite ved ei slik tomt!? Kva om vi kunne fått til eit flott og unikt kulturhus!? Her kunne det bli rom for musikk, underhaldning, kunst etc. Ingenting kunne vel vore betre enn store glasvindaug ut mot fjorden der unge og eldre kan utfalde seg, og som må gi ein inspirasjon som ingen anna plass kan gi.
Etter at eg har vore i kontakt med fleire folk på heile øya her er det dei aller fleste som rista på hovudet og meina dette er heilt feil tomt. Nåkken meina at vi bør ha to anlegg på Sula, ein nemde også at vi skulle hatt tre. De skulle berre høyrt alt det folk sa om plassering til akkurat dette anlegget, folk var reint rysta over at vi kan legge noko slikt til eit sånt fantastisk område!!
Dei få som var for trudde at det var fullreinsing då dei hørte ordet reinseanlegg og ikkje minst eit mykje mindre anlegg kun for indre del enn det no ser ut for, og med det meina eg at de forplikta dykk til å fortelje rett korleis dette anlegget vil fungere.
Eg har vore i kontakt med folk som har jobba på Havforskingsinstituttet for å høyre om «fjorden klare å ordne opp i dette sjølv» ja for det var det vi har fått høyre frå politisk hald og dei få som var for. Men, som eg sjølv tenkte klare ikkje fjorden å bryte ned antibiotika, virus, og kjemikaliar men dette vil ligge i fjorden, men sidan Storfjorden er sopass djup og har godt med strømmingar vil dette ikkje ligge konsentrert på eit område men skyvast fram og tilbake i fjorden. Vi må også huske på at det er fleire kommunar ved Storfjorden som slepp ut forureining.
Det beste fiske for Sulafiskerane er frå Lahella på Kvasneset til Kviteberga vest for Høghaugen. For deira del og alle vi som hausta av naturen her så ikkje la oss spyle dritten midt i dette området!!
De må også tenke på konsekvensen av Åknes…her vil dette ligge i faresona og om det blir satt ut av stand vil all dritten til rundt 10.000 gå ureinsa rett i fjorden.

Det er nok mykje meir eg kunne skrive i denne saka, men eg er av den oppfatning at kan de berre tenke skikkelig ein gang til så ser de alle kva galskap dette er. Derfor vil eg med dette oppmode alle dei politiske partia til å setje seg godt inn i denne saka, og med det kan vi alle håpe at de tek den rette slutninga for oss alle.
HUSK at vi skal forvalte naturen og områda vår på ei god måte for oss sjølve og dei komande generasjonane, ikkje la dei få svi for at vi ikkje har hatt muligheit til å sjå klart i denne saka.

Med vennleg helsing

Anja Roiha Sunde Haugen


Dette er sendt til alle dei politiske partia og administrasjon, de har kanskje eit «eventuelt» på kommunestyret torsdag 04.02.2016 til å snakke litt rundt denne saka…

Det er eit fantastisk område med utsikt rett i den mektige Hjørundfjorden, og for dei som ikkje har sett dette vil eg legge ved nokre bilete.

Bildet her er tatt frå Storhaugen…
 Kanskje ikkje den luraste plassen å fiske, men vi lar oss «lure» av denne vakre naturen og ser forbi all dritten som er under vatnflata…
 Heile området frå Fergekaia på Sunde og austover vert nytta ikkje berre på fritida men også av barnehagane på indre…
Magisk ein vinterdag...her er plassen for inspirasjon, ro og avkopling…
Storfjorden sett frå Leirvågfjellet, og ingen plass i denne fjorden (sjølv ikkje Geirangerfjorden etter mi meining kan måle seg med Hjørundfjorden), har vi ein så fantastisk plass som opninga til Hjørundfjorden…
«La ikkje det enkle overvinne det naturlige i denne saka!»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...