tirsdag 31. desember 2013

Dronningens Juvel...

...eller heilt enkelt Banankake!! :)
Det var min kjære svoger som sist eg fekk egg frå Emblem og laga deilig "sukkerbrødsjokoladekake" sa at det skulle vore med banan, for han lika så godt banankake.
Til Ferdinand sin 1 års dag prøvde eg meg for første gang og den var visst vellykka :)

Så når eg no i romjula fekk nye egg frå garden der Nora bor måtte eg bake igjen - Tusen takk!!...med slike eksklusive varer må man bake nåkke ekstra godt! Berre så synn at Adrian er på jobb igjen...
Ekstra godsaker til nyttårsfesten blir altså ei lita rullekake med nøtter, banan og sjokolade.

4 egg
1,5 dl sukker
1,5 ss potetmel
2 ts bakepulver
100 gr. hasselnøtter
50 gr. kokesjokolade

Nøtter og sjokolade raspes i mandelkvern, pisk egg og sukker til eggedosis, sikt i potetmel og bakepuler og vend forsiktig inn, vend så inn nøtter og sjokolade.
Røren bres utover eit bakepapir og steikast på 230 grader i ca. 8 minutter. Vend kaka på eit sukra bakepapir og avkjøl med langpanna over...

Fyll og pynt
4-6 dl kremfløte
litt sukker til kremmen
2 - 3 bananer
50 gram kokesjokolade (litt ekstra om ønskelig)

På avkjølt kake smørast det på eit lag med krem, skjær opp bananane og sjokoladen legg det på kremen, så ruller du kaka sammen og til slutt krem oppå kaka med litt raspa sjokolade på toppen...

Enkel og grei kake som er nydelig til kaffen...
Ha ein flott nyttårskveld ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...