tirsdag 10. juni 2014

Kjærleiken overvinn alt

Ja det kan eg vel skrive på ein dag som denne...20 år ilag med min kjære mann og gode venn ♡ 
Vår lille familie...Vi gifta oss i 1999 - mormora til Tom ville gjerne sjå oss gift før ho døde, og meinte på vi ikkje kunne vente til 10.06.2000 - å gjere den herlige dama ekstra glad var ingen problem og datoen blei 03.07.1999. Vi fekk Katja då vi har vore ilag snart 10 år - 10.03.2004 og Tim Are 4 år etter 05.01.2008...innimellom har nye hunda kome og andre forlatt oss, men kvar av dei har gitt oss stor glede
 

Vi er ikkje alltid så flinke å markere ting så eg tenkte meg ei vending i dag med middag ute etc., men å planlegge det!? njaaa, så feil kan ein altså ta!!
Dagen starta i natt på legevakta på sjukehuset ilag med mi kjære mor...vi skulle avslutte gårsdagen med ein flott fjelltur, vi stoppa og prata litt og vips kunne ikkje ho gå meir. Stod opp og for i barnehagen, innom små ærende før eg og mamsen avla ein visit på knappe fire tima på sjukehuset...ho hjelpe med når eg er dårlig og med andre ting det skulle jammen mangle om eg ikkje hjelp ho!! Men, hadde sett fram til at det blei nåkken år til eg skulle begynne å pleie ho da ;) hahaha...vi må le litt innimellom og spesielt når ho sei der vi begge går vraltande rundt på sjukehuset "den blinde leier den svake" :)) Humøret har vi veffal både ned fjellet i går, på legevakta i natt og ikkje minst på sjukehuset :)


Sein Lunsj på Sunde - Bacalao i sola var ikkje feil!!

Henting i barnehagen...Innkjøp av grillmat og tur til barnehagen for sommeravslutning og grillfest!! Ja, så blei det veffal middag ute da kjære!!......Ja, tanken var der, men ikkje lenge etter vi kom måtte Tom bli kjørt heim då han blei dårlig, ikkje fekk han med seg Tim Are`s velkomsttale ei heller sang og god mat, men pytt det viktigste har eg på "tape" :)
DIPLOM
TILDELES TIM ARE
Tim du begynte i bhg når du var 4 år, og det beriket dagen vår.
Du elsker å prate og har et godt humør, og har en mor som er blomsterdekoratør.
Du leker gjerne Ninja og har god fantasi, er det skuespiller du en dag skal bli?
Du drømmer om å bo på en bondegård, med dyr som alpakka, hund, katt og lammelår ;)
Pappa er din store helt, så å kjøre bossbil seinere kan også være aktuelt.
Lykke til på skolen, hilsen alle oss i Langevåg barnehage.
Flott avslutning og mor sjølv blei rørt av både førskulegruppa og ikkje minst Tim Are sin diplom som var spesialskrevet til han ♡♡♡ Tårene trilla, Katja og Ingeborg flira og meinte eg burde skjerpe med ;)
Vel heime fylte vi det store badekaret og den sandete barnehageguten skulle få seg eit lavendelbad i håp om at han sovna tidlig og godt...Etter begge barna våre var ferdig å boble var det dusjing av hår medan eg tappa ut 3-400 liter vatn...merka plutselig at eg stod i vatn!!! Shit!!...tett sluk og oversvømmelse var ein grei konklusjon ;) Fikk toppa i og begynt å sope vatn, stakkars Tom måtte opp av senga, eg tappa karet med bøtte, men han måtte hjelpe med sluken. Fikk vaska badet, men på ein litt anna måte enn eg først hadde tenkt!!...

Etter barna var i seng kunne eg melde på utstilling på Eid, så føle eg for å prøve på ein tur til Blåfjell...Kanskje burde eg vente til etter 24.00 då eg på denne dag for 6 år sidan strekte og sleit nåkken leddband i foten, fæle greier men kraup ned igjen og blei bra juni året etter :)))

Så no er denne dagen som eg planla skulle vere litt spesiell snart over og kan igjen konstantere at det blir "katastrofe" om eg skal prøve å markere nåkke! Så det beste er om eg fortsette som før og gjer det i "stillheit", har feira "meg sjølv" med konfirmasjon og bryllaup i løpet av disse 20 åra, det gjekk fint og var nok feiring for min del...
I dag var nesten så ein normal dag her i "villa kaos" på Skogly...Det er liksom slik at det alltid kjem nåkke ekstra, om det ikkje skjer tilfeldig klare eg å krote til litt ;) 

Bilde som eg fekk tilsendt av Martin...her er vi unge og lovande sommaren 1995!!..Det var samme året som vi trulova oss og ikkje minst blei foreldre for første gang til ein herlig gutt ein svart flat "Fonkebakken`s Damian Siko" - min første hund og far til "Bajas" som mange av dåkke sikkert har hørt om...
 
Må sei det er utrulig kor fort 20 år har gått, men når eg tenke meg om har vi fått inn utrulig masse på disse åra!! Mange opplevingar på godt og vondt, medgang og motgang, glede og sorg har det vore - og best av alt vi har komt oss gjennom det ilag. Ja, innimellom har vi hatt så masse at det kunne slite oss i frå kvarandre, men trur det meste berre har gjort oss sterkare.
Kan med handa på hjarte sei at eg fleire ganga har villa "fordufta" men dei som kjenne oss veit at dei grunnane ikkje har vore oss, men alt som har vore "rundt oss"...

Staheita mi er der og Tom si utholdenhet...Ja, han må ha det i bøtte og spann med alle mine påfunn og rare idear. Mang ein gang har han lurt på "koffor det" og "kva skal du med det"! Anlegg for gråe har har du nok ikkje for då skulle dei vore der for lengst ;)
Viktig og høg prioritet har familien vore og dei siste åra har vi lagt stor vekt på svigerforeldra mine då dei har blitt eldre og sjuke...Det har vore viktig for oss at overskuddet har gått der for at dei skulle ha det best mulig.
Så har vi familien på mi side som vi har hatt det utrulig bra ilag med og vi prøve å ta vare på og stille opp for kvarandre ♡ er ufattelig takknemlig for å ha dåkke i livet våra, og utrulig glad i dåkke!!...
Bilder frå Grillfesten i barnehagen i dag - Katja og Tim Are er så glade i sitt lille søskenbarn Ferdinand...
Det er tre til i Bergen som vi savna og vil sjå enda meir til  

Har hatt litt omgang med få gode venner, men dei siste åra har vi hatt for få tima, men det har veffal snudd og herlig å ha meir og meir kontakt med venner igjen!!...

Til slutt...
Må vi ha fortida varmt i våre hjarte, den har gitt oss den styrka som vi treng for å leve i tida, og styrken til å draume og glede oss over det som kjem…Eg veit det ikkje alltid vil bli enkelt, men eg veit at vi kan stå samla i det som kjem…
Det er ikkje berre solskinsdagar, men dei skal varme oss for å stå imot når dagen blir kald. Vi har lært å leve etter det livet gir oss, og eg vil fortsette å smile gjennom tårer for å gjer smerter om til glede for at vi har kvarandre…
Husk, «Vår herre gir oss ikkje meir enn vi makta»…
Vår lille familie eit firkløver som betyr alt...Eg håpa vi skal få 20 nye gode og innhaldsrike år kjære!!...
Så til alle, ta vare på kjærleiken ♡♡♡
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle he...