søndag 22. juni 2014

For ein dag!!...

Eit av dagens høgdepunkt!! Tim Are med Barbro sin Labrador "Bolla" og Katja med "Nora" i Barn & Hund konkurransen... Begge to var veldig flinke!! Katja viste "Nora" utrulig bra og blei nummer 1 i konkurransen, Tim Are blei nummer 2 ilag med alle dei andre...
Fleire bilde av glade barn og lekre hunder lengre ned!!
 
...Å for ein energi det gir til sjela som berre vil fortsette med akkurat ditte!! ♥
"Nora" har vore her sidan mandag for litttur og sosialt for oss og barna som elsker å ha ho her innimellom..."Tommy" henta eg fredag og han sklei fint inn i gjengen etter han fekk hilse på alle etter han blei klipt og det vart ro og harmoni. Så hade eg DEN FØLELSEN!!......Eg står ved vasken på kjøkkenet fredag kveld, så ser eg meg over skuldra og der stod "Tommy" (Bajasson) med dekkenet på...vips, det var som å sjå "Bajas"!! ♥ gåsehud og hjertebrist...

Opp tidlig lørdag for å ta 07.10 ferga frå Sunde...eg hadde godt med tid, to hundar som skulle med, 3 barn Tim Are gjekk det radig med, to trulte Katja og venninna Ingeborg hadde litt mindre fokus på tid, tross alt første dag etter siste skuledag før ferien ;)
Men i bilen kom vi oss, då var det verre når eg såg bak bilen og Tom hadde problem med kontakta til hengeren som hadde låst seg...sukka og blei nesten grinete når det var 11 minutt til ferga skulle gå!!...Ej tok tak og vrei på nåkke og vis kunne Tom sette den på plass og eg fyke nedover vegane...Rakk heldigvis ferga, snakka med Janita undervegs og trur ho lurte på korsen eg fekk det til...Har for lengst funne ut at eg er "best under press" og det blei det i dag også ;)

Mellomstastjon nummer to då vi venta på ferga i Volda måtte Janita til pers å fjerne ein død liten sak som flaug seg på bilen min...satt jo eit hyl i bilen når eg såg ein vinge, men trudde ikkje den låg igjen...Stakkar...
Huffda...stakkar :(
 
Herlig å vere tilbake på Eid og hundeutstilling!!
Men, merka at "Tommy" sin familie ikkje var med for eg hadde NULL kontakt med han slik var det ikkje sist han var med, og det var faktisk flaut å stille han...men, gutten er fin og blei 4 BHK med ck og reserve cert!!... 
 Kvasneset`s Great Pretender etter NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart og Gunways Flying Butterfly - "Tommy" i ringen...Ser ut som eg har litt kontakt på bilde to...men det er nok berre slumpeflaks ;)
"Nora" som eg har trekt fleire ganga pga manglande pels for ho har det med å slippe den når utstillinga nærma seg...Har stilt ho il ufortjent VG pga manglende pels og slank hund. Men, blei derfor overraska når ho blei satt som nr. 1 i AK med fine tisper!!...Har lovd fleire å ikkje vere så kritisk til eigne hunda og skal pøve!!
 Kvasneset`s Himmelske Honoria "Nora" etter Boppalooza Jungman Jansson og Kvasneset`s Frøken Lisa i ringen...Tusen takk til Janita som knipsa bilde medan eg var i ringen ;)
Så bytting av hund og inn med vakre Nemi i vteran og ho har eg ikkje stilt sidan ho var heilt ung...Vi kosa oss i ringen og eg berre elska spreke vetrana ♥♥♥ Ho fekk super kritikk og CK. Dermed begge tispene inn igjen i beste tispe og eg og Janita bytta hund, der ho spring inn til seier med "Nemi" og eg nummer to med "Nora"!!...
Kennel Kvasneset nr. 1 og 2 beste tispe med cert og reserve cert!!...
 Kvasneset`s Catch Me If You Can "Nemi" etter NUCH SUCH Almanza Urgent Message to Stormy og Kvasneset`s Ayla  i ringen...
BIR Covenstead Catch The Point og BIM Kvasneset`s Catch Me If You Can på NRK avd. Sogn og Fjordane si utstilling 21. juni for dommer, og rasespesialist Lena Hägglund...Spreke veteraner

Fik fine kritikker frå dommer og rasespesialist Lena Hägglund og fleire rundt ringen som kom med fine kommentara om hundane!! Veldig kjekt å høre at nåkken sei at "hunder frå deg har så flott steg og viser seg så fint!!" Så utrulig fint sagt og kjekt å høre ♥
"Nora" ikkje i beste pels...men men ;) Tusen takk for bildetaking Janita!!...
 "Nemi" herlig dame på 10 år og 1 dag...
Vi venta lenge i går for barna ville stille "Barn & hund" i mellomtida blei det slått av finrat med forskjellige rundt ringen og litt bilde av hundane...når vi er på tur er det viktig å få med det som barna også lika så godt.
 Tim Are i fint driv ilag med "Bolla"...herlig ekvipasje ♥ Var fleire som huska Tim Are når han viste "Ayla" i ringen her for 3 år sidan då han skratta seg rundt ♥♥♥ men smilet og latteren var der i går også...
 The moment................då dei tok seg ei pause...
Barbro dømte Barn & Hund...
 
Katja og "Nora" og her kjem jaggu hunden til sin rett også ;)
 
Tim Are og Katja i aksjon... 
 Katja viste "Nora" å ein super måte!!...Kankje er det ho som skal i ringen neste gang!?...
Herlig dag på utstilling, måtte det bli fleir av dei!!..Utrulig stolt mamma og oppdretter i dag!!...Er så godt når ein kan kombinere hobby og familieliv, flinke var barna som oppføra seg fint rundt alle hundane...

Avslutta Eidturen med det faste besøket innom kinarestauranten før vi for heim... i og med vi ikkje fekk overnatting så blei det retur samme dag. Godt å komme heim til ein mann som hadde støvsuga og vaska medan vi var vkke og godt i gang med pizzalaging...

Prøvde meg opp i halv sekstida i dag, men ryggen ville ikkje på tur i dag så fekk berre ta det med ro og sjå resutata via facebook, sjølv om eg gjerne skulle vore der å stilt "Nora" igjen ;)
Men, det kjem heldigvis fleire muligheter...

Det som er problemet med å få dette ut på nettet er at hovudet til Nora ligg oppå tastaturet her ;)
Vi skal snart mobilisere oss ut av sløvemodus, levere "Nora" - så tur etc...

Ha ein innhaldsrik søndag rundtom...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...