fredag 7. mars 2014

Kvardagsglede ❤

...Kva anna kan eg kalle det når eg får slik ein overraskelse på ein heil vanlig fredag igjen!! Det he vore ein lang og koselig dag, den starta med behandling så frukost med mamma og pappa ❤ Etter det for eg og mamma ut på tur, skulle ha ein liten ting på moa som blei til x antal handlenett med "godsaker" må nevne at det er ting eg ikkje får i Langevåg!! Før vi reiste på besøk hos tante Trine og det er alltid like koselig!!...
Skulle innom veterinæren kl. 16.30 så då tok vi ein tur uttom byen for litt "snoping" der...på veg heim måtte vi stoppe på moa igjen for å få ut eit par resepta - huff så leit for lommeboka for vi klarte å legge inn litt meir shopping ;) Kjekt med slike impulsive handledaga for då finne ein så masse fint...

Så når eg kjem heim venta min kjære med nystekt pizza, raude roser og to flasker vin ❤❤❤
Ein flott fredag blir no avslutta med eit glas vin og fin tv underholdning...Utrulig godt å kunne få sitte  "så lenge" oppe på stua i kveld!! Den siste tida har eg lagt meg mellom åtte ni på kvelden, så håpe ditte lova godt for resten av helga :)

Tusen takk kjære for ein flott start på helga ❤
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle he...