torsdag 20. mars 2014

# Happyday...

...I dag er det "International day of happiness"...
Det har seg vel slik at det ikkje er så lett for alle å vere happy akkurat i dag!? Her i huset er vi for så vidt happy i dag også.........................men når Tim Are ikkje er i form kunne dagen sikkert vore enda betre, men med kos og kjeksbaking har ikkje dagen vore så gale likevel.
Det var virkelig vakkert over fjellheimen i går...skulle ikkje tru vi kunne stoppe og nyte plassen etter snøkava som var heile vegen oppover. På tur oppover kjørte vi kysten medan returen gjekk over Dovrefjel...
Eg og pappa hadde oss ein tur til Trondheim og besøk på Heimdal Dyreklinikk for øyenlysing blei då VELDIG HAPPY for at begge hundane blei frilyst!! og retur med ein flott tur over Dovrefjell og vel heime rett før kl. 20.00...Etter min tilstand tek ein slik tur på og eg har gått i "tåka" svimmel og låke, men visste jo at ei form for ubehag kom i dag.

Eg tenker ofte slik at vi gjer det vi gjer og som regel får det følger...men, er det slik at det positive for psyka vege opp for nåkken daga med kraftigere smerter/ubehag, ja så er det virkelig verdt det!!
Min kjære far stilte opp for å vere med meg på turen i og med Tom var på jobbtur til Geiranger, var planen å kjøre sjølv men papsen ville vere med å dele på kjøringa slik at ryggen fekk litt kvile.. Så i går fekk eg meg ein fin kjøretur med papsen, ein supergod middag på Oppdalsporten og sist men ikkje minst kan no få planlegge og forhåpentligvis sjå fram imot eit nytt kull med herlige små nøster...det er akkurat 4 år sidan eg gjekk med slik planar sist og no har eg tatt valget om å prøve igjen :))) 
"Bajas" var meir opptatt av alt anna enn å ville sjå bra ut på bilde...meina sikkert som fleire at eg har nok av dei ) Så sjarmøren min brydde seg lite om det eg sa og gjor kva han sjølv ville!! Er vel slik med alle aldrende hannkjønn...eller!?
 
Tenk på alt som kan gjere oss glade alt frå små ting som handplukka blomster av barna, til ein herlig kopp med varm drikke, nyvaska hus, ein god latter av små historier...ja så til dei større ting som er litt meir i det fjerne men nokså nære likevel - eg ser fram til påsketur til hytta :))

Jaja, vi kan ikkje pålegge folk å vere glad, men likevel greit å ha ein dag som minne oss på det...
Håper DU har ein gladdag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...