onsdag 26. mars 2014

Muscari

Muscari eller perleblomst er nåkke av det første som kjem i hus når jula er over og eg koser meg med desse skjønne blomstrane så lenge eg kan få dei...
Vakre både på kjøkkenbordet, på lysbrett, i gangvinduet og ikkje minst på trappa. Har planta fleire i fat som eg får igjen kvart år, men i fjor var det så masse regn at nåkken av zinkfata mine blei oversvømt og løkane blei kasta, men litt er igjen og så får man alltid nye og fine i butikken...


Muscari som vi ofte sei får du i kvit og blå, dei står sjølvsagt lengre om dei får stå ute eller ein litt kjølig plass i huset, dei treng ein del vatn i forhald til andre løkblomstra. Så koselig når dei utover våren kjem rundt huset, men før det så berre må man ha det i stua for då kjem den lille ekstra vårfølelsen.

Massevis av lekre vårblomstra å få i butikken no...Kos deg med dei vakre skaperverka ♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...