Nei, det er ingen som har spurt meg, men uansett kvar eg eventuelt måtte sjå på Facebook er det nokon som er ute å slenge med leppa. Å eg må berre sei at fleire av oss er ute å reagera på mobbing og haldninga mot folk i media, men kvar er oppdragelsen, moralen og normal folkeskikk når de alle omtala dei som jobbar i selskapet som har med renovasjonen vår i alle kommunene rundt Ålesund å gjer???
Eg er nesten rysta over kor mykje de klare å få slengt ut av dåkke..!
Alle vi i Sula som klare å gå vi skal klare å trille dunken «nokre» meter vekk frå husveggen. Om du har 100 eller 500 meter så er det ingen som tek skade av å gå denne strekninga ein gang for veka. Istaden for å heile tida henge seg opp i det negative å surre seg meir og meir inn i det når de slenge med leppa i sosiale medier så kan de berre sjå litt annleis på det å det er at det hjelpe på vår fysiske helse. Jaggu litt på den psykiske også for om de ikkje har merka det så har frisk luft mykje å sei for akkurat det. Å med tanke på korleis det «skrikast» rundt om så trur eg det er mange som treng hjelp til akkurat den psykiske helsa ❤️
Om vi tenke litt utanfor boksa så meina eg på at det er 12 kommuner i Årim - det er kun Sula kommune som har henting av avfall på dørene...!!! Asså så av dei 11 andre så er det kun på Sula det blæs, ja nei ikkje på Giske sant??? For å sei det slik der er det vel ikkje mykje le heller?
Om det er problem opp og ned bakkane så er det vel mulig å finne ei løysing med å feste den på bilen, eller kanskje det er mulig å trene litt...??
Trur faktisk fleire av kommunene har bakka som Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal for å nemne nokon.
Å om dunken skal vere framme til kl. 06.00 ein morgon eg føle det blir for tideling så kan eg nok berre få den ut kvelden før..?
Vi snakka om at det blir fælt å måtte ha dunkar langs vegen...kanskje smalt for skulebarna å gå, men eg trur dei klare å lkome seg forbi nokre dunkar på fortauet til og med.
Men, kva med disse store tunge bilane som må rygge på dei smale vegane i kommuna for det gjer dei å er det greit..!?
«Vi» sei vi kan betale litt meir for henting slik det er i dag - ja det er kun Sula som klaga på dette 1 av 12 kommuner.
Men, har vi råa til ei fatal ulykke langs vegen der disse kjøretøya skal rygge.!??
Skjer det noko vil debatten heilt klart endrast...som mykje anna i dette landet blir ting dårlegare å spesielt vegane å dårlege vegar ser vi mykje av på Sula, å med dårlege vegar kjem fleire uhell.
Eg har veffal ikkje råa til å miste nokon eller klare å sjå på den sorga som kjem om ei ulykke skulle skjer!!
Eg synes vi alle skal gå litt i oss sjølve å tenke kvifor vi skal vere så mykje latere enn dei andre 11 kommunene rundt oss..!?
Er det greit at dei andre skal betale lik pris som oss som har ei mykje dyrare løysing??
Eg kjenne at livet mitt vil vere det same om bosset fortsatt vert henta på døra eller om det blir den nye ordninga, men eg kan garantere at eg ikkje har vondt av å måtte gå nokre meter ekstra ein gang for veka.
Eg kjenne eg til tide bobla over av engasjement men samtidig skal eg halde litt igjen fordi eg «uheldigvis» bur saman med ein av disse arbeidarane i Årim. Men, eg har faktisk noko meir erfaring enn å berre vere gift meg ein som drive med gjenvinning.
For, eg har jobba i avfallsbransjen i rundt 10 år så derfor engasjera det meg litt meir enn berre som ei av kjerringane til ein av disse miljødustane!!
Pga mitt tidligare arbeid blir det derfor gjerne tatt diverse bilde av mellom anna avfallsløysingar når eg er ute på tur også bossbilar, dunkar etc.
Renovasjonsbil midt i Londaons gater...
Ein annan type renovasjonsbil i London...
Thailand...
Container i London...
Håpe gemyttene roa seg å at vi alle tenke litt på at vi kun har ein klode å den kan beklageligvis ikkje gjenvinnast!
Om vi ikkje tek grep no så er det ikkje så mange reserveløysingar å gripe etter.
Vi skal forvalte naturen og kloden vår på ein god måte slik at den kan overlatast til dei som kjem etter oss på ein god måte.
Til politikerane våre - eg håpe de høyre like mykje på innbyggerane i andre viktige miljøsaker i framtida.
Ha ein grøn kveld 💚💚💚
-Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar