torsdag 1. mai 2014

Kunstgrasbane - Skal ein idrett ha råderett?...


Min gode skatt Katja på ein av Sunnmøre flottaste stader 30. april 2014...Uansett kva retning ein tek bilde vil man få fantastisk utsikt

Jaja, eg har det med å ytre meg kanskje til forargelse for andre og komme med mine meiningar og dei er til tider rare, teite, gode og fornuftige men mest av alt - heilt ærlige...
Men, det er første gang eg har trykt på "send knappen" på emailen til avisa...eg tenkte no at det var på tide at eg eller nåkken andre viste ei anna side i saka og kva konsekvensa det vil få for dette området!
Eg har sikkert fått meg nye "uvennar" men det må eg berre tåle...eg står 100% bak det eg har skive og meina dette er til det beste for heile bygda...
Eg undrast meg opp fjellsida i går etter at eg såg fleire prata i Sundsmyra i går.........er det ein grunn til at dei no samlast for diskusjon skal tru? Tenkte først om eg skulle slå av ein prat, men ville dei snakke med meg om mine meiningar hadde dei sikkert gitt eit vink når eg kom istadenfor å virke "totalt overlegne" :)) sjølvsagt satt på spissen, for det er jo ikkje sikkert dei såg meg!..

Så i går kveld blei det ein fin fjeltur igjen!! Ein herlig og sein kveldstur for store og små, to- og firbeinte ja, kanskje litt seint for barna, men 1. mai og fridag i dag så kjekt å vere ilag på kveldsfjelltur...
Men at det skal smertast så inninannigranskauen i ryggen har eg inga forståing for, og stå heller ikkje 100% bak den avgjerelsen der!!... :)




Mitt lesarinnlegg i Sulaposten 30. april 2014...

Eg tek meg friheita å beklage til dei eg trakkar på tærne før eg gjer det. Av denne grunn har eg også dratt det ut med å legge meg borti debatten pga alle sure miner og drittprat. Men, eg vil tillate meg å minne alle på at vi har ytringsfridom i dette flotte landet og ikkje minst sak er ei sak og ikkje person.

Mange vil nok undre seg for kvifor eg som bur i Langevåg kan og vil engasjere meg i denne saka, men det er så enkelt at eg har heile livet nytta meg av denne flotte plassen i Sundsmyra. Her har eg trena både friidrett, fotball, hund etc. Rekreasjon er også viktig i denne samanheng, for eg trur det er ingen andre stader på Sula vi har eit så allsidig område der vi kan halde på med så mykje på ein plass og nyte roa samtidig.
Sundsmyra vart ikkje seld for at ei gruppe skulle ha einerett, det skulle vere ein plass der alle kunne samlast og kunne få nytte området! Hovudbodskapen om eit areal for heile bygda fell vekk om kunstgrasbana kjem…
Som mange av dei som ønskjer bana velkommen bur eg ikkje langs vegen opp Lervågdalen og difor bryr det meg faktisk ikkje så masse… Ja, slik er vi vel med oss alle - litt egoistiske, så lenge det ikkje råka meg så spela det inga rolle?


Eg må seie at eg vart veldig overraska då eg kom opp i Sundsmyra rett over påske og såg bana rasert. Ja, eg blei lett irritert og ikkje minst blei eg skuffa og kjente eit sårt stikk i brystet, rart? Ja, det er det heilt sikkert for mange, eg men synest liksom hjartet av Sundsmyra er rivd ut og det blir ein rar og heilt feil setting å komme opp dit når det har kome kunstgras, med gjerder, reklameskilt og netting rundt…

Eg undrar meg kva som skjer. Først er det eit stort spørsmålsteikn for meg korleis ei slik sak først skal kunne gå gjennom i kommuna og ikkje minst at dei kan starte prosjektet før det er kome eit endelig svar frå fylkeskommuna.

Ein ting som bekymrar meg er at kjem det kunstgras er dette ikkje lenger eit fellesareal for alle. Her kan vi ikkje lenger gjere som vi vil for her vil det bli restriksjonar for kva fottøy man har og kva man kan ha med inn på bana.
Eg har sjølv barn som elskar å spele fotball og likar det godt sjølv, men eg kan overhode ikkje sjå kva som har vore rett i denne saka.
Kven får bruke området etter kvart? Her i Langevåg har barna kome skuffa heim etter at dei no både på skule og barnehage ikkje får nytte området rundt Langevåg IL sitt anlegg, dette på grunnlag av at dei no må betale leige for bruken.
La meg få gjenta meg sjølv… eg kan ikkje sjå at dette som blir gjort kan gagne andre enn fotballen og Sundsmyra skulle vere ein stad for ALLE!!!
De kan gjerne komme med argumentasjon som at alle andre skal bli plassert bort i hjørnet (der froskedammen var), men den er ikkje god nok. Korleis skal man for eksempel kunne springe ein tilnærma god 800 meter eller kunne kaste spyd, slegge eller diskos på bana?
Eg veit at det er mange i Sula som trenar friidrett eller ønskjer det, men det blir beklageligvis ikkje lagt til rette for slik trening. Interesse for ting går i bølgedalar, og når noko ligg brakk kan man ikkje øydelegge muligheitene for seinare bruk.

Eg synest vi skal tenke på kva vi har rundt om i kommuna, for i dag har vi ikkje mindre enn tre kunstgrasanlegg og er ikkje dette nok når vi per i dag kun har tre idrettslag?
Kan ikkje vi halde nokon anlegg fri for kunstgras slik at alle kan nytte dei?
Kva vil dei gjere med 16. mai leikane som alltid har vore i Sundsmyra?
Kva skal dei gjere med den flotte sankthans-feiringa som brukar å vere i Sundsmyra? Det er vel ikkje så populært om man tenner opp eit stort bål og gnistrane flyg rett på kunstgraset?

Trur det er mange som burde tenke seg godt om i denne saka! Eg meiner, og sikkert mange med meg, at det ikkje er rett at det blir kunstgras i Sundsmyra.

Håper verkeleg at det kan skje ei endring i denne saka.
 Vennleg helsing
Anja Roiha Sunde Haugen


Så vil eg berre vise dåkke her som kanskje ikkje har hørt om saka før bilete av området sett frå fjellsida...
Bana sett frå fjellet...Som du ser er det eit fantastisk området som ikkje burde ekskludere alle andre enn berre fotballen...Den som trur at du kan drive friidretstrening på den lille firkanten baki kråa der må tru om igjen!!
Det skal ikkje bli lagt ned store treningsmengda frå mi side før eg kasta over den lengda der...........oj, kan det vere eg må bite i meg orda mine, eller må eg kanskje begynne å trene igjen for å få det til!????
Skal nok få til eit litt "koseligare" blogginnlegg ein 1. mai...men først vil eg dele dette, og håpe maivåren varma alle harde fotballhjerter rundt om slik at det ikkje berre er ei sak som tala til dei, men at dei kan klare å sjå fleire side av denne saka...
Ha ein herlig 1. mai!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...