mandag 28. april 2014

Magisk dag ♥

Dagen har rett og slett vore magisk...
 
Den starta så herlig med ein tur rundt vatnet etc. der eg og mi kjære "Sky" var ute i halvanna time...Planen var eigentleg at min kjære skulle stå først opp og lage deilig søndags frukost, men når eg våkna lenge før alle andre må ein berre nytte dagen på den beste måten. Då eg kom heim vekte eg folket og Tom laga frukost etter barnas ønske...

Planen var kvitveisdagen, gjekk visst ikkje glipp av nåkke for mange som sa den var "skuffande" i år men Katja hadde glømt ein bursdagsinvitasjon på Leikeland, så vi for alle innover med ho og Emilie. Etter turen til Spjelkavika tok vi - meg, Tom, Tim Are og hundane å reiste på Sunde til mamma og pappa. Åååå så herlig med vindstille, og med herlig temperatur kosa vi oss på verandaen med middag og dessert, litt ut i hagen og på berga for å ta bilde av "Sky"...
Fantastisk utsikt frå berga ♥ Hjørundfjorden...
Tim Are klatra for å sjå ned på det han har mista...han har no nåkken som tar etter, så her må det passast ekstra på ;)
 
Etterkvart tok vi turen inn til Emblem for å besøke Nora og husfolket henna...
 Her blei det masse leik og det måtte til med nåkken drikkepause i varmen...
 Katja kosa med Nora og Sky...
 Katja ♥ Nora...
 Sky og Nora i farta!

Sky og Nora...

Der inne diska dei opp med fantastisk sjokoladekake det sei sitt når eg i løpet av kvelden spiste tre stykker!! vafler med herlig rørt jordbær, du kan tru vi kosa oss i godt selskap! :)
Vi storkosa oss store som små,Katja var litt sliten i starten, men når ho fikk fylt opp igjen med litt energi blei det både klatring i tre, slenge, disse og leik med hundane. Til slutt blei det tur i fjøsen og der fikk dei mate og stelle med dyra og i tillegg gi ein to dagers kalv flaske ♥ Her gjekk hundane lause heile tida og det gjer "Nora" til daglig...Tenke seg til å kunne bo ein slik plass!! Eg fortsette å drøyme, for draumar kan faktisk gå i oppfyllelse...

I mellomtida får vi bo her vi bor og håpe det ein gang dukka opp drøymeplassen for oss :)
 Katja klatra i eit "kjempetre"...
 Ein todagers gammal skjønn kvigekalv suge på tommel...
 Spennande og kjekt inne med dei små kalvane...
 Her legge dei utover strø slik at det ikkje blir glatt for kalvane...
 To glade gutar som kosete seg i fjøsen...
 Tim Are fekk god hjelp og veiledning av Sebastian i det han begynte å mate kalven...
 
 Katja kosa seg på dissa...
Her er det sjekking av høns og skal tru om dei fann nåkken egg?...

Fin avslutning på ein fantastisk dg då eg og mi kjære mor hadde oss ein skikkelig trimtur på Lervågfjellet før ho kjørte meg heim...

Eg øsnka fleire slike daga ♥lig velkommen...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...