lørdag 26. april 2014

Familiekos i vårsola

Atter ein herlig dag her på Sunnmøre er over. Eg tenkte først på ein fin familietur i terrenget, men i dag hadde Tom store plana for masse jobbing ute...men vi gjor nåkke heilt anna!! Så istaden tok vi turen opp på Sloghaugvegen å henta svigermor hit, eg stekte vafler og tina syltetøy, god drikke, tok med ut blad og vi berre kosa oss nesten som "i gamle dager".
Vi var ute å kosa oss i nåkken tima og farmor hadde ein super dag ♥ ho var i så godt humør og storkosa seg ute, eg tok på ho ei god jakke då vi for og ho syns det var kaldt med ein gang vi kom ut, etterkvart kasta ho jakka i den lune kråa rett ved trappa opp til huset. Ikkje den finaste plassen å sitte men den mest lune og det var viktigst i dag.
Så kjekt når ho er i så fin form og godt humør i dag kalte ho meg gulljenta si igjen og det er jo godt da...
 Kjekt å ha farmor på besøk...

 Tim Are i kjent positur på tur med rullatoren...Kjekt ute når han kunne rulle litt nedover ;)
 Farmor som lese interiørblad...ho syns der var litt for både ung og gammel :)
 Finaste og koseligste blomstrane som er plukka av barnehender...Katja som kom med blomster for nåkken daga sidan. Må nevne at dei stod på kjøkkenbenken før eg tok dei med ut. Eg vaska og vaska alt på og ved kjøkkenbenken i går og lurte på kva som lukta slik, heilt til eg tok liljene opp til nasa ;)

Ho sa fleire ganga at ho hadde det bra der ho bor no, men lurte også på om vi kunne lage til eit rom til ho for det var kun det ho trengte ;)

Vi får håpe det blir fleire slike daga i løpet av sommaren ♥♥♥
Vårlig klem...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...