torsdag 10. april 2014

Min siste tur med verdens beste ♥♥♥

I går måtte eg reise heim frå dyrlegen med uforretta sak då dyrlegen sjekka Bajas og syns at han på få daga var blitt redusert og meinte vi tenke på at tida hans var komen...
Eg for inn til mamma og pappa, der tok eg med meg Bajas ein tur i "hauge" og satt oss ned på berga, berre sjøen og fuglane laga lyd og Bajas satt ved sida mi og kvila hovudet på skuldra mi ♥ Han virka som normal og nesten litt for fin form for å kunne tenke på at ditte er slutten...men, i dag tidlig var han enda meir redusert så det var nok dei siste kreftene han brukte på at vi skulle få ei herlig stund for oss sjølve...
Bilda frå min siste tur med min kjæraste venn ♥


...Å for ein dag det ar vore i dag, ein dag med masse skriking, fin musikk, stille og rolig - berre siste kos med verdens beste venn ♥
No i kveld har vi sagt takk for alt til våre aller beste og heilt unike "Bajas"...og det er ikkje lite denne fantastiske hunden har gitt oss av glede, opplevingar, turar i skog og fjell, mange mil på vegen i jakt etter cert, og masse meir kunne ramsast opp. Men, størst av alt er det han har gitt oss her i huset med omsorg i mange tunge tider  han har vore der ved sida mi dei siste åra når eg har trengt det som mest...Han har forstått situasjonen meir enn nåkken andre med sin varme snute og kloke auge har han søtte ved senga mi, lagt ved føttene mine, og alltid "hørt meg"...Det skulle berre mangle om du ikkje fikk sovne inn i fanget mitt i kveld ♥

Ufattelig vondt å no måtte la han få slippe, men det er vel vår plikt å seie stopp når dagen er der...Det har vore ufattelig vondt for oss alle fire i dag ♥ vi alle har vore forberedt på denne dagen, men vi hadde håpt å få kunne ha han her med oss ei lita stund til...

Måtte prøve å få med meg og Bajas ilag så men kvaliteten er der etter...
Du nøyde deg ikkje berre med å sjå på meg ♥

Vi nyte utsikta ein siste gang ♥

Bajas kvila hovudet på arma mi ♥

Tusen takk kjæraste Bajas ♥ du vil alltid ha ein spesiell plass  i hjertet mitt og håper du har det bra på dei grønne og evige jaktmarker...Gleda av å ha ein slik hund gjer at det er så ufattelig vondt akkurat no...

Takk ♥♥♥

4 kommentarer:

  1. Off,off,off Anja!!!!!Fole trist og tungt...veit du He kvidddeg til dinne dagen ( slik vi alle gjør).Ikkje nokke å skrive som kan trøste,men tenke på deg og tørka tårene av kinna no ~ sender en varm klem på en tung,tung dag!
    Toveklem :)

    SvarSlett
  2. Så trist å lese :-( Det er tungt å miste sin beste venn.
    Stor klem til deg.

    SvarSlett
  3. offa, gråter jeg også . Så ufattelig tungt og trist :(
    Pakk de gode stundene og de vakre minnene inn i hjertet ditt, der vil de være for alltid. Toril klem <3

    SvarSlett
  4. Tusen takk for fine ord og gode klemmer!!...Det har virkelig varma ♥ Dagane går, savnet er stort, men bedre dag for dag ♥♥♥

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...