lørdag 26. april 2014

Ny herlig solskinnsdag ♥

Har dei siste dagane nytt sola det eg kunne når eg ikkje har vore hit og dit med lega, fysio og undersøkelsar. Å kor fantastisk vårver det har vore og håpa det fortsette, men er litt redd det er sommaren vi har no...Derfor har eg prioritert å vere ute å "rydde" litt og ordne med plantar, beisa hytta i hagen og du og du kor deilig det var å få ny farge på den!!...
Herlig grå farge...vi hadde tyrilin tjærebeis som var ein skrikande oransjfarge pga at det er høvla material...Det her blei det litt meir ro over :)
Tim Are sitt "kongebord" med krone, muscari og skjønne viola...
 
Då eg fekk besøk i går skjønte ho nok at eg har hatt utetid og ikkje rydda og shina i heimen!! For her var det sammenbretta klede på heile spisebordet ja vaske klede må ein gjer sjølv om sola skinne, tørkestativ på stua, hundehår og litt sand inntråkka av barneføtter, puter i ein dunge i soffan, halvdaude blomstra i vasen på bordet. Huff, ikkje akkurat slik eg likar det og er komfortabel med, men eg klare ikkje ta både ute og inne samtidig så slik er det med den saken ;) Rett og slett alt til si tid...
 Gårsdagens DIY - stige som eg laga av drivved til den nye rosebuska som eg kjøpte i går...
Her blei det nyplanting, så om klatrerosa treng oppbinding kan eg feste den til stigen...

...I dag var det tidlig påan sjølv på ein lørdag!! Var innkalla til MR på sjukehuset i dag tidlig, måtte opp og hoppe i dusjen, lufte hund, kjøre til sjukehuset der eg hadde heile vegen for meg sjølv og eg kunne nyte kjøreturen med å sjå på landskapet der sola bade seg i sjøen og sklir så fint nedover fjellsidene!!...Ååååå så fantastisk vakkert vi har det her på Sunnmøre!! :)
Var heime igjen rett over ni og har no hatt meg ein betre frukost jadda resta frå fredagkveldens reker og vurdera no å få resten av husets tobeinte opp av senga ;) Har lyst å finne på nåkke...eigentleg har vi massevis av ting som burde vore gjort både i og rundt huset, men slike daga skal vel nytast!??
Kunne tenke meg ein tur til Runde, skal tru om dei andre har lyst å vere med? Gjekk inn i senga og fekk eit NEI for her skulle det visst beisast. I morra er det Kvitveisdagen her i Langevåg med aktivitetar rudt vatnet, så då blir det dagens aktivitet og etterpå skal vi på Emblem til "Nora" og husfolket henna :))) Det er så utrulig koselig der inne, både folka og ikkje minst plassen - åååå slik kunna eg også tenkt meg å budd!!...Gleda meg til å sjå kalven som var fødd i går og overraskelsen til Tim Are er at han skal få mate den med tåteflaske!...

Håper du også har ein solrik dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...