fredag 30. mai 2014

Eit lite eventyr ☆

Her blei ikkje innlegget posta før i dag...skulle ut i går ;)

Etter ein kjøretur som starta i går kveld kom vi på hytta nåkke mindre våkne...så vi tre vaksne prøvde å ta  ein cowboystrekk med tre barn som innimellom ønska litt oppmerksomhet.
Kosa oss utover formiddagen i det fine veret før eg og mi søster Eirin og dei tre barna hadde oss ein super dag på Blaafarveverket på Åmot og medan vi var der var papsen asså Tom på hytta å klipte plen...

Mine største skatta i livet ♡


Vi storkosa oss som alltid i dei flotte omgivelsane der og spiste som alltid pannekaker med blåbær og is, nåkken spiste vaffel med jordbær og is. Barna leika seg og ikkje minst så kjekt inne med alle dyra!! Har vore der før med masse folk, men i dag var der utrulig mange men der er godt med plass så merka det ikkje anna enn når skulle spise ;)

Litt mobilbilder...kjem bedre bilder litt lenger ned ;)

Katja, Tim Are og meg...
Katja så flink å rydde av bordet våra...
Tim Are på "fototur" og tok bilde av alle dyra han skal ha på garden sin...
 
Inne med dyra vart lille Ferdinand både mållaus og nesten trollbunde ;) Ja han vart heilt satt ut av at han fekk sjå og kunne ta på alle dei dyre han laga lydar til...Ja det blei rett eit lite eventyr.
Herlige dyr er der og det e jo kjekt for både store og små...
Her er det vår kjære Tim Are som var ute å knipsa...

Tim Are "stakk av" med fotoapparat mitt og begynte å knipse og han skulle ta bilde av alle dyra han skulle ha på garden sin og litt til. Den guten drøyme fortsatt om sin eigen lille gard så det skal bli artig å sjå etterkvart.
I den forbindelse ønska eg å få tak i "gammal" teglstein...har liksom igjen berre eit lite prosjekt eg ser for meg i hovudet :))) det er vel no eg må håpe at min kjære ikkje lese ditte for eg trur han ikkje Bør vite det før eg dit å rensa all den steinen ;) Har eg sagt det er sunt og godt med mange idear og nye prosjekt!?? Ja, for det er det nemlig...

Men tilbake til vår lille sjarmerande skatt her i skauen...vel tilbake på hytta med herlig Kina takeaway og ikkje minst planting av ein del avleggera som eg fekk med meg frå ho mor og litt til ♡ eg håpa det meste vil trivst og at dei kjem seg litt i år og at neste år er her enda meir blomster..."det skal bli" det er sikkert, eg må berre ha litt tid på meg. Eg skal ikkje lage det slik at det kun er arbeid når vi kjem, men at eg kan pusle rundt og ta vekk litt ugras og sjå på alle fine farger og kjenne nydelige dufter ♡ Ser for meg kor det kan bli, nåkken år vil det ta men det er kjekt for kvar nye ting eller endring ein gjer og då treng det ikkje gå så alt for fort...

Tim Are sprang rundt med hageslangen og leika som planta og busker stod i fyr...kjekt å bruke hagekanna etter eg var ferdig å plante ned også.
                             
Eg trakkar for ein fantastisk dag, dei små glede i livet som betyr så masse ♡♡♡
Ingen hytteluksus kunne få meg til å bytte vekk dinne lille sjarmerande skatten her...i år er det 19 år siden min første ferie her og det er faktisk så lenge sia Eirin og var her på ferie første gang...Ho var 6 år då eg hadde ho med på tur hit...utrulig kor tida he blitt av!!

Dagen i dag var alt eg kunne drøyme om og meir til ♡
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...