lørdag 26. oktober 2013

Ei herlig perle...

...på Sulesund!!..
Barna var spent då vi tok til høgre i krysset i Mauseidvåg og kjørte forbi parkeringa til Sulafjellet og fortsatte ei stund...Katja speida og til slutt kjente ho igjen huset langt der framme...

Vi var spente, men det tok ikkje mange minutta inne der før barna ropa ut om vi ikkje kunne kjøpe huset!!
Huset var fantastisk med herlige, sjarmerande rom med sjel og særpreg. Skeive tregulv, malt panel, vindu som gav ekstra romfølelse, ein fantastisk kakkelovn, gamle dører bevart akkurat som eg lika og som Tom sa når vi gjekk ned trappa "akkurat eit Anjahus ditte!"...

Velkommen inn på "grønnerommet"...

Det diskuterast om kven som skal ha kva rom...
I det vi går ut igjen døra for å sjå på at ute spør barna om vi ikkje kunne flytte inn i dag!? ;)
Vi forklara dei så godt som mulig at det er fleire ting å tenke på og at vi i dag kun er for å sjå på eit hus som vi likte godt...

Nede var ein "stilig" kjeller som eg sg for meg både slik og sånn, med flotte vinduskarma og grue...
Ute er det store muligheter for å lage til uteplass, plass til å gjerde inne for hunda, på nedsida kan vi gjerde inne maaaaange mål til alpakka!!...
Garasje/uthus var utrulig flott tillaga og her kunna vi hatt hobbyrom fleire av oss ;) Løa står for litt oppgradering, men her er også massevis av potensiale!!...
Hagen oppom huset måtte sekkast ut av minsten...
Hagen mot vest som Tom har lagt plana for kva vi kunne gjort her...
Katja på veg frå uthuset til løa...
Løe med stort potensiale...ser for meg sommaridyllen og julepynta til dei kvite julene...

Timmen måtte sjekke ut alt, så han var i fjøra å sjekka naustet og ikkje minst det gamle uthuset med den gamle utedoen bak...
 
No er vi tilbake i stua vår og har litt tenkepause...barna er fortsatt lysten på å flytte dit, men det er masse som tenkast igjennom spesielt med den plassen huset og den fantastiske tomta med stort potensiale ligg...eg ser liksom for meg fargar, plassering av møblar og ikkje minst ute med hage og dyr, men det må tenkast grundig gjennom fleire punkt, men lysta er der...
Grublande kveldshelsing frå sofakroken...
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. Karl blei også gira...et utrolig koslig hus....men det stoppa der for min del.Lykke til Anja :)
    Toveklem. :)

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...