søndag 6. oktober 2013

Fin og heilt "ordinær" laurdag...

Hei og hå for ein dag!! :))
Starta dagen med kos og "avslapping" så måtte eg ta meg ein tur ut for å handle litt god bakst for Mandel og Melis opna i dag!! 
Då blei det lunsj og kaffimat på butikken...reiste ned til mamsen som holdt fortet, prata med koselige kundar  kjente og ukjente, ordna litt blomster, drakk kaffi og "menga meg" :)) Små, men veldig betydelig glede for meg...
Det gjekk kjapt å stenge butikken så heiv vi oss rundt å for bort på Devoldfabrikken der hadde søskenbarnet mitt Cornelia offisiell opning av Celsius Glasstudio!! Åååå der blomstra kreativiteten og du finn dei vakraste, mest sjarmerande glassvarene du kan tenke deg, fine, også litt rar...
Du tenke at det er det samme som eg ofte sei om nåkke av blomsterbinderiet våra, men slik er det når man skal vere kreativ, då blir det ofte litt forskjellig ;)  Her er det vel verdt eit besøk for alle og ein kvar!!...
Har sett meg ut litt som eg skal fylle inn på ønskelista mi og det er faktisk praktisk og brukervennlig i tillegg og då må sjølv gubben bli glad :)
Litt handel til kveldens mat etc. så var "skrotten" klar for utstrekking...men å du å du kor herlig å få lov å gjer så små enkle ting i kvardagen da!! Livet er herlig :))
Til slutt etter ein del masing kom eg meg på beina for å laga kveldsmat........MONSTERBURGER i ordets rette forstand ;)  etter første streika gjekk eg ned ei tre fire siza og fikk ein passelig greie. 
Utskreka etter nok ei økt med lauken...kjempegoe og saftige hamburgera - syns det liksom var litt bedre enn gubbens forslag av amerikansk gryte...

Så er man utskreken og ser vakrere ut enn ever, mett og lykkelig etter ein "innhaldsrik" dag og litt ekstra glad for å ha kunne vore på butikken "min" i dag...
Vi fortsette å krysse fingrane for at ikkje fleire i huset skal bli sjuke etter at Katja har vore det nåkken daga, så kan vi kanskje sette kursen mot hytta og Vikersund!!...
Tårevåt kveld...løk og spysjuka blir eg liksom aldri heilt kloke på ;))
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...