lørdag 30. mars 2013

Godt å kunne sette pris på...

…det enkle!! Herlig ro i skogen med ein herlig familie ♥ lykke berre det å få vere ilag dag etter dag, ingen jag, kjas og mas…Berre oss heil enkelt ♥ ja, og enkle det er vi også…
Gutane mine ♥

Eg fikk ein elles så frisk start på dagen med ein iskald dusj……..brrrr…sjølvsagt måtte vi få trøbbel med varmtvannstanken midt i påska!! Jaja, ein må berre gjer det beste ut av det ;)
Alltid godt å få vaska håret så då er det berre å koke opp ein masse vatn og sette i gang :) 
Klargjering av stampen for ein herlig vask...Heilt greit ditte vel!??
Katja søtnosen min fikk vaska håret og etter det jumpa ho rett i storstampen – funka jo bra ditte!!
Eirin fikk vaska håret i vasken og tok ein iskald dusj etterpå…

Vi er på «skikkelig hyttetur» så då kan ein regne med litt av kvart ;) Nåkke luksushus er ditte ikkje, men det er den avslappa og herlige luksusen ein treng i ein elles så travel kvardag.
Skal vere den første til å innrømme at vi skulle hatt litt større plass både her og der, gjerne hatt litt ekstra soverom, men vi har akkurat det vi trenge for å ha kvalitetstid  Om vi smøre oss med litt tålmodighet kan det vere at vi kan få satt opp eit lite anneks der vi kan huse litt gjestar i…
Ei lita pause midt på dag er greitt…mens dei andre «kvila» laga eg Brownies til glede for store og små…Is, jorbær og blåbær er jo veldig godt til...

Vi avslutta ettermiddagen med skitur…under «oppvarminga» klarer sjølvsagt Eirin det mest utrulige!! Det å kjøre skia inn i eigen skistav for der etter flyge rett på trynet er nok berre ho som kan klare ;)  Å få skia ut var visst heller ikkje så lett, så då er det godt å ha ei lita tantejente som kan trå til…

Utrulig bra......eg fikk meg veffal ein god latter og det gjor dei to som satt på bakken også...

Etter oppvarminga var det i dag igjen klart for «kappløp» og i dag heiv gutane også seg med!! Først ut i dag var Tim Are som med ein latter som runga over heile Drolsum fikk han tida 2.27.00 vi fortsetta med gut nummer to og Tom fikk tida 1.04.03  Så var det klart for at jentene skulle gjere ein innsats og Katja kom i mål med tida 1.19.09 Vi må igjen innom dagens «klovn» hihihihihihi herlig å kunne kalle ho det innimellom og ho er nok einig denne gangen vil eg tru! Eirin begynte bra men hadde eit elegant fall og flira slik at ho ikkje kom seg opp og dermed blei det dagens dårlegaste tid på 2.29.08 Ho fikk sjølvsagt starte på nytt og forbetra tida frå i går og fikk  0.59.04 til slutt var det eg som for alle som ikkje veit det har eg eit syyyykt konkurranseinstinkt på somme plan så då var det berre å gli på ;) Etter litt «panikk» for å ikkje klare å slå dei kom eg i mål med tida 0.55.03 og dermed dagens beste tid igjen!! STEIKE asså…fornøgd og heilt greitt å avslutte etter nåkken litt rolegare runde.
Supert å vere på hytta vinterstid så vi gleda oss allereie til neste år ;) jada, vi vil ha vår, ein herlig sommar og fin haust først!!...

Påske#stemning#helsing#frå#Laupet
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...