lørdag 30. mars 2013

Ein herlig dag ♥


Herlig når hundane kan springe laust ilag med oss, så bestemme dei sitt eige tempo og ikkje minst kven dei skal henge seg på! Her er det «Bajas» som har slengt seg etter Katja :)

Skjærtorsdag..........på alle måta ein fantastisk dag!! Beste dagen på det eg kan minnast ;)
Tidlig opp til god frukost…ut på verandaen med strikketøy, eit glas med rødt i til medisinsk bruk for å nyte litt sol før skidagen begynne…
Vi måtte finne på litt ekstra i løypene i dag og då skulle vi sjå kven som var raskast rundt «lille løypa» og det måtte sjølvsagt gjerast på tid!!
Først ut var Katja som flira seg gjennom løypa på 1.16.79
Eirin var neste kvinne og der satt også latteren laust og ho kom i mål på 1.00.09
Eg var siste på startstreken for i dag J Flira sjølvsagt og litt problematisk å holde seg godt på beina når det plutselig kom tre bikkjer «inn i beina mine» men, det gjekk bra og kom i mål på tida 0.58.01 . JUHUUUU…gamle#skakke#operasjonsfiaskoen#av#ein#slappfisk fikk best tid!! Jada, overhode ikkje nødvendig å nemne at den eine var datera mi på 9 og andre søstra mi som fikk baby for 3 ½ mnd. sia…

Etter lang oppvarming er her Katja og Eirin godt i gang med si runde…
Tom og «Bajas» tek seg ei lita pause...
Katja og Tim storkosa seg med selskap av dei firbeinte i løypa…dei satt pris på å slippe strekklinene som vi som regel brukar ;)


«Nora» storkosa seg med «friheten» her på hytta…
Timmen er ein raser på ski og han er nok best for han klare å reise seg raskast ;)
Han måtte også bytte til skibukse for å sjå om han blei enda bedre...

Kan nesten ikkje bli bedre enn å kunne lufte dei firbeinte på denne måten...



Etter eg tok nåkken bilder av «Bajassen» blei dagen avslutta med ein betre middag og til slutt litt avslapping på sofan før køya ropte igjen…
Måtte dei siste dagane på hytte bli halvparten så bra ♥♥♥
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namn og bilde av m-kullet

Å hjelpes kor fort tida har gått!!...Skulle sjølvsagt tatt skikkelige bilde av kva enkelt valp før, men det har berre ikkje blitt. Må ha hje...