onsdag 20. mars 2013

Herlig start ♥


Dagen starta som vanleg med faste rutinar med alt det inneber…alle skal innom badet, spise litt, Timmen liker å ta det med ro (han er som regel alltid først opp) å sjå litt barne tv – det er nesten viktigare på morgonen enn på kvelden ;) Man skal ikkje gløyme dei firbeinte som skal ha mat og luftast…

Er det slik med fleire at en trur alltid en betre tid enn en har og tar seg litt god tid innimellom?? I dag brukte eg «den gode tida» på å sjekke mailen før vi skulle gå, og der var det komen ei melding på bloggen under «Det går tregt» - Mi gode veninne Janita hadde skrevet «Mi kjæreste søteste Anja. Love you alltid ♥» ååååååååå eg kunna ikkje fått ein betre start på dagen!! Det var berre så herlig ♥♥♥
Trur det ga meg meir «energi» til å orke å holde på litt i dag, det var gull verdt!! Eg tenker og kanskje fleire skal tenke på at det ikkje er så masse som skal til for å glede, gi omsorg og ikkje minst oppmuntre…For meg er gode ord, ein klem og litt forståelse ein gang i blant den beste gåva eg kan få 

Dagen har gått slag i slag, med levering i barnehagen (etter det skulle eg heim å ta litt «datagreier») eg hadde glømt at det var omvising på nye Langevåg skule og sjølvsagt måtte eg vere med på det!! Ein fantastisk skule har dei fått, men det skal eg komme litt tilbake til seinare ;)
Så var det ein hyggelig selgar som venta meg på butikken, har bestilt nye varer med han og venter i spenning til mai for då er høstkolleksjonen deira på plass!! – Etter det bar det rett på behandling hos Elke på Slapp av…kunne ikkje blitt betre akkurat då!! Herlig massasje hjelpe på ein «gammal skrott» - Aaaaalltid i dårligare periodar blomstra ideane mine :)))  Så istadenfor å bli liggande heime ein dag til (pga smerter) så tussla eg på butikken i dag/kveld, min kjære kom med pastasalat til meg så eg skulle ha litt mat, du e goe asså! ;)
Det vil vise seg i morra om eg har gjort masse gale, kan vere dei må ta opp igjen det meste, men men slik er det berre…men, eg håpar dei syns det var litt greitt, sjølv var eg fornøgd med litt, men ein plass tenker eg at det er berre å vente på neste palle med varer!! :))))
Eg tenkte i dag tidlig når eg såg på dette bildet…skal tru om det blir like vakkert i kveld som for to dagar sidan!?? 
Bildet er tatt frå soveromvindauget til Katja...



Ha ei herlig natt rundt om ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...