søndag 31. januar 2021

Mission not completed

...men sjølv om det vart eit litt vanskeleg oppdrag torsdag kan ein ikkje furte av den grunn. Men, det er jaggu ikkje ofte eg gir meg så lett, og det er ikkje alltid tid avgjer lengda på det ein prøva på. For etter ca. 35 minutt i stiv kuling (eller ka pokker det var som for over fjellet) der eg prøvde å få fyr på faklane måtte eg berre sei til meg sjølv at det her får du berre ikkje til!! 

Eit flott bilete som vise alle båla og faklane langs Veibuststranda til Kvasnesodden. Lyset på Leirvågfjellet er ei helsing frå meg...

Eg prøvde å lage godt skjul frå vinden, men det var jaggu ikkje enkelt der den kom frå alle kantar. I det eg trudde faklane fikk god fyr så skulle det berre eit litt friskare vindpust til før det vart mørkt igjen. Ideen om å tenne på faklane under Jervenduken vakje så dum og det varma godt, ja neste litt for godt så det vart ganske kort før eg fann ut at det kanskje ikkje var det luraste eg har gjort...På med hovudlykta, godt planta på stolsekken min under fjellduken var det heilt klart greit med ein varm og god solbærtoddy med eit hint av svovel! For oppi toppa låg nokre av den enorme mengdene med brukte fyrstikker. 

Så vart det ikkje eit stort brennande hjarte frå fjellet, men hjarte mitt har brent lenge for ein sunn og frisk fjord og det vil det fortsette med..!! 

Torsdag var det tid for at folk skulle trekke ned til fjorden for ei stille og fin lysmarkering mot reinseanlegget som dei planlegg i området. Det vil ikkje berre gå utover naturen og fjorden vår, det er samstundes mange folk som blir råka av dette. Folk møtte opp med eit brennande engasjement langs fjorden på begge sider av Vegsundet, og eg er så heldig å fått låne bilde som er teken frå begge sider av Øyvind Kåre Sunde, tusen takk!





Håpe alle opna augene sine og ser galskapen ved å få eit slikt anlegg inne ved ein fjord. Dette skulle heilt klart ha kome så langt ut mot ope have som mogeleg...

-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vårens vakraste eventyr...(?)

...Ja ein kan sjølvsagt spørre kva som er det vakraste, men det å sjå nye liv kome til og få vekse opp er eit eventyr i seg sjølv  ♥♥♥ Så då...