søndag 30. november 2014

Sulanissen

...Ja det kan nå vere så mange, men det fins faktisk berre ein Sulanisse og det er sjølvaste trenissen som står i nissehuset like ovanfor Gamlestølen!!
Eg og barna starta ved vasskummen kl. 15.30 og sprekingane mine var oppe tolv på fire!! :)
 Sulanissen helsa på oss også i år...

Blei litt bilder på fjellet mot Ålesund og Langevåg og det er vakkert sett frå fjellet...Utan stativ etc. så blei det ikkje beste kvalitet, men kva gjer vel det for eg ville berre fange stemninga ♥♥♥
 Glade barn ute i naturen...ja, då kan det nesten ikkje bli betre ♥♥♥
Etter ei stillesittande helg med kurs på parken var det godt med ein tur på fjellet og kvalitetstid med barna ♥♥♥ Tusen takk for turen mine aller beste og høgt elska skatta ♥♥♥
Ønska alle ein fredfull kveld første søndag i advent...
Klem -Anja- 


lørdag 29. november 2014

Storfint besøk i butikken ❤️

Ja det kunne eg nok sagt om alle dei flotte folka som var innom i går og den siste veka! ❤️ Herremin kor mange fine kommentara og gode klemma!!..I går var det kommentaren "å guri he du stått opp frå dei døde!" etterfulgt av klemma som gjor at latteren satt laust me både meg, dama som sa det og barnebarnet henna :) 
Men, i kveld kom det veffal tre samtidig inn døra - Nora med matmor og matfar i tillegg eit ukjend antal valpa!!...

Gjensynsgleda mellom meg og Nora er alltid stor. Den hunden er berre så herlig og gleda meg til nærare bekjentskap av det som kjem om ei fire vekes tid. Gleda er stor med tanke på at veffal eit avkom skal vere igjen i heimen ❤️❤️❤️

Ønska de ei fin adventshelg...her er det ventetid på både jula og den store gåva med mange skatta!!
Klem -Anja-

mandag 24. november 2014

Sorgbinderi ♥

Vi er no "godt i gang" på butikken og vårt først sorgarbeid er alt laga ♥ Blomster og binderi er nåkke som ligg hjarte nært...sorgbinderi er heilt spesielt og nåkke vi legg sjela vår i. Det er veldig viktig for oss at det vi levera er skikkelig og vi gjer vårt ytterste for at de skal få farga og blomster så de ønskjer slik at det skal passe til stunda.
Vi levera til kyrkjene i Sula, men sjølvsagt over brua til Ålesund når det er ønskje om det. 


Her er bilde av litt av vårt arbeid...
Må presisere at binderiet ikkje kjem like godt fram på bilde som i virkeligheten.
Dette hjarte laga Katja til Bestefar august 2013...då var ho 9 år og gjor alt sjølv, ho var til og med på Primaflor å tok ut farga  


Fikk no vist litt av sorgbinderiet vi har laga, og det er i mange fargekombinasjonar det er alt etter eige ønskje...
Vi er der når de måtte trenge det 
Klem -Anja- 



Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...