mandag 27. april 2015

Når enden er god er all ting godt


Tok med kameraet og det blei faktisk nåkken bilde som eg berre må dele med dåkke...Eg blir ikkje heilt metta eg asså ;)
Berre å trykke på dei for å få dei større!!

...og det er ein slik dag i dag, i fjell ved fjord og andre fjell!!
Eg sat med haveregrauten og eit glas grøn te i dag tidlig stille for meg sjølv og tenkte at turen måtte gå mot Rollonhytta, ja for på Langevågsida er der for mykje snøv for ein slik skrott som min ;)
Kjørte barna til skulen og var inne i Mauseidvågen ti over halv ni der eg heiv sekken på ryggen og "bikkja rundt magen"...rettare sagt i sele festa rundt magen ;) på Ullevål sa dei at dette sikkert var vldig fin trening for meg då det også går på indre musklatur! :)
Vi skunda oss oppover og "Sky" søkte godt i terrenget, ja vi sjekka litt i elva forskjellige plassa også...vi passerte Taustua og Rollonhytta i stor fart og fortsatte oppover på snøven, ja eg som ikkje skulle gå i snøv - men, du skjøna når eg er ute i fantastisk natur som vise seg frå si beste side jaja litt sur vind oppi der da, med den aller beste turkameraten i front og med eit mål om å prøve å finne ein sakna firbeint er det jaggu ikkje lett å stoppe.
Etter vi suste forbi Rollon såg vi oss litt tilbake, ein må uansett nyte litt av dette vakre her...
 Litt lenger oppe måtte eg ta meg tid til å ta eit panorama også...
 Her søke "Sky" litt ut mot venstre også går vi oppover...vi gjekk eit stykke til før vi snudde kunne nok berre gått til toppen så hadde eg fått på "check" lista mi også...

Vi gjekk bort til "foten av vardane" og då turde eg ikkje lenger, så gjekk vi mot Svanshornet ein liten topp før det og gjekk rundt der oppi i ulent terreng og med snøv som hadde føyka vart det nesten som ei bergogdalbane hadde sikkert vore lettare å gå opp til vardane. Då vi skulle gå nedover mot Rollonhytta bråsnudde "Sky" og begynte å snuse oppover igjen...jepp, der var eit ganske så ferskt firbeint spor alt anna var gjenføyka så vi fulgte oppover til det gjekk utfor...
 Her er spora og det gjekk heldigvis ikkje rett ned som det såg ut for først...Vi gjekk litt lenger opp for å få "oversikt" og eg ville ikkje gå for lagt ut på kanten...
 Her var kjerringa litt vågal og sank nedover eit par meter frå kanten...men klaup meg fast i ein lyngdott og "Sky" drog meg opp, ho måtte sjekke ut holet etterpå ;)

Når ein først er ute å leita i fjelet kunne det nesten ikkje vore på ein betre dag...med sol og fantastisk utsikt stoppa eg opp og nytte det eit par ganga, og då var det slettest ikkje dumt at kameraet var med...
Er det ikkje vakkert vel!?????...

Fornufta "seira" og vi er no på veg nedover igjen...Kom gjennom eit tett furukratt bak hytta her, ja faktisk ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne gå...
 Rollonhytta ligg der med sine fantastiske omgivelsa...

Ja, så måtte eg altså berre lytte til skrotten og begynne på turen ned igjen. 
Etter vel 3,5 tima i fjellet for vi heim for å slappe litt av. Ønske var å gå opp på Svanshornet frå Langevågsida no i ettermiddag kan no sei heldigvis så trengte eg ikkje det. Så lykka var stor då eg ein time etter heimkost fekk telefon om at hunden no var funne i god behold!!...Det er berre så godt med alle slike historier som enda godt!! Eigaren sat seg ned der han mista han og etterkvart kom hunden tilbake. Han har nok sprunge rundt der oppe i fjellet i formiddag, men leita/lukta seg heldigvis tilbake igjen...FANTASTISK!!
Storfjorden så vakker der du ligg å sola deg under fjella...

Etter ein mindre planlagt, men herlig tur i fjellet kan eg sei at mogonturen min var betre enn normalt, spesielt når alt enda godt :)
No må eg kvile og samle krefter til i morra, og tek med meg ei bok i senga. Så må de ha ein herlig kveld...
Klem -Anja-

mandag 20. april 2015

Wonderschøn...

Tim Are klatra i tre på veg oppover og "Sky" var med på leiken...Nesten oppe og "Sky" skua først litt utover mot Ålesund før ho ser søtt mot oss...

...Wonderschøn - var det ein turist som stod ved Storfjorden for mange år sidan å sa. Det var dårlig med engelsk på den tida og han fekk eit "Storfjorden" tilbake frå ein innbyggjar..."Oh wonderschøøøøøn" - "Nei nei, Storfjorden!"
Her er sjølve Storfjorden sett frå toppen av Lervågfjellet 20. april 2015 - frå Sykkulven til venstre til forbi Barstadvika...
Så tok er bilde rundt på toppen der så bildet under fortsette frå Storfjorden mot Sulafjellet, Langevåg, Breisundet, Ålesund...

Eg har nok ikkje akkurat den same husken som farmor hadde, ja og ekje så lett å spørre ho heller. Men akkurat den historia om turisten (som det ikkje var så mange av på akkurat den tida) fortalte ho nåkken ganga. Kanskje det var i den tida som ung at eg begynte å oppdage kor fantastisk natur vi har rundt oss, og hjartet mitt blei hengande litt igjen i fjorden og området rund??...
Ja, det gjer nåkke med meg på ein dag som dette då eg svinga ned mot Sunde i strålande sol der den sende herlige stråla gjennom småbølgene på sjøen...ser den knall blå himmelen og fjella like majestetiske som alltid, tenke det her blir nåkken herlige tima, med ein fjelltur og på verandaen til ho mor og han far ♥♥♥
"Sky" snur seg fint inn mot fjella, og eg velje og tru at "Sky" også drøyme om herlige tura i fjella i Hjørundfjorden igjen...
Så utrulig heldig eg er som har så superherlig turfølge ♥♥♥

I dag gjekk eg "morraturen" rundt vatnet med skodda hengande langt nedover Sulafjellet så skulle aldri tru at dagen skulle bli så fantastisk!!
Eg takka for ein herlig dag akkurat nok bunkra til minnebanken før flytur i morra...Ja, ekje så steike glad i dissa flya eg ;) Så i morra blir det tur til Ullevål og så tur rundt i Oslo`s gater, jaja grei avveksling for ein dag det...
Klem -Anja-

Verdiar i livet

Ja, kva verdiar bør ein ha og kva skal ein leve etter!?... Eg tenkjer slik at vi har ei lita tilmålt tid her på denne jorda og eg ønska veffal å gjere det beste utav det og vil tru dei aller fleste er av same oppfatning.
Eg vil fylle livet med rikt innhald, gode stunder, fine opplevingar, latter og glede! Ja eg vil leve live og håpe å kunne ha mykje positiv energi for meg og ikkje minst for dei rundt meg...
Ein treng ikkje leve kvar dag som om den skulle vere den siste, men leve livet rikt og godt...

For min del trur eg at eg har funne mine verdiar i livet å leve etter for å få eit så rikt liv som mulig. Eg trur også det er veldig viktig å finne ut kva som er viktig for akkurat meg for å kunne leve eit så meingsfullt og godt liv som mulig, og ikkje minst kunne vere stolt av meg sjølv for det eg gjer. 
Det første eg gjer er veffal å stå for det eg gjer, alltid vere ærlig (jaja, ei kvit ei innimellom må ein kunne unne seg i spesielle høve) og så prøva eg så godt eg kan å ikkje bry meg om kva andre meine og trur om meg.
Ein overlege spurte meg etterkvart som han såg at smertene plaga meg - "korleis kan du sitte her å prate slik og vere så blid når du har så store smerter!?"

"Det har seg slik at eg har eit liv og i utgangspunktet to val her i dette livet:
Leve livet eller gi opp!!.. Eg har valgt å leve livet mitt så lenge eg har det." Dette er kanskje noko som eg så gjerne vil at fleire skal innsjå slik at dei kan ta vare på livet her og no.
Det er ikkje alltid like lett, og som eg sa til mannen min for nokre veke sida..."eg klare meg med "innstillinga" mi no, men det kan kome ein dag for meg også sjølv kor lite eg vil det!". Eg håpa og ønska at den dagen aldri kjem, men om så skulle skje håpa eg at eg har motivatora rundt meg som hjelpe meg opp igjen. Det er jo litt av det livet handla om at vi skal vere der for kvarandre...og eg vil vere der for familien min og mine nære og kjære, og er der nokon andre som eg kan hjelpe skal eg prøve det også.
Det å ta vare på kvarandre i dagens samfunn er kanskje ikkje så utbredt lenger, men kva er vi utan dei rundt oss!?

Vi er heldig som er født og bur i Norge...eg tenke rundt om og ser det som skjer i Middelhavet, og andre stader med krig og elendighet. Det er berre så ufattelig at mennesker skal ha det så vondt rundt om, og då tenke ein ekstra på kor godt ein har det, men kvifor skal vi då ikkje vere god mot kvarandre!!?.........................
Det er nok eit ubesvart spørsmål, men eg er redd all ufin oppførsel handla om misunnelse av ein slags grunn. Det eg har følelsen av går igjen er at folk ikkje skal ha det bra, ja veffal så lenge dei som misunner det på eit vis ikkje har det så godt...

Å gå rundt med bøgd hovud for å gjere ting eg ikkje kan vere stolt av er veffal stikk motsatt av det eg ønska og er veffal ikkje eit alternativt. 
Eller kanskje er det slik at dei som går med nasen høgst i sky, og talar så vel om seg sjølv er akkurat slike som burde sjå kva dei gjer gale, men så klare dei rett og slett ikkje sjå galskapen som er rundt dei??...
...ja, det er sikkert at eg undrast innimellom kva slags verdiar nokre folk kan leve etter!?.. 
Hadde eg hatt så store problem å slite med sjølv så ville eg veffal gjort mitt ytterste for å ikkje påføre andre litt av mi liding...men kanskje er folk berre så syklig sjølvopptatte og narsesistiske at dei ikkje klare anna, ikkje klare å sjå det gode med livet og tenker at når eg ikkje har det heilt bra skal veffal ikkje andre ha det betre!!...
Eg kunne likt å sjå at det fins ein slags kur for slike som ikkje klare og ha evne til å sjå det gode i folk og med livet generelt. Om eg skulle levd i ei boble der eg utgir meg som ein person, og leve for å gjere livet surt for andre då hadde nok ikkje det vore mykje til liv tenke eg. Syns så synn i folk så slite slik på den måten at kunna eg sagt tryll tryll så skulla eg gjort det ;) 

Eg kjenne det at har dei rundt meg det bra, ja så har eg det mykje betre sjølv kor låke eg er.
Det er jaggu godt å kunne få ut litt tankar som kvernar i hovudet...I mange stunde tenker eg det er veldig godt med bloggen slik at "galskapen" kjem ut ;)  
Ønska alle ein fantastisk dag ♥♥♥
Klem -Anja-

søndag 19. april 2015

Fantastisk!!...

...fantastisk dag!!...
Først tur til Blåfjell, til middag på Sunde, avslapping og kaffi på verandaen medan Tim Are holdt på med hekkeløp ;) , så tur rundt om i bygda og opp i myra for litt meir leik...Avslutta dagen å berga der "Sky" var heilt oppslukt i tørrfisk så derfor heng halen på bilda...
 Ålesund heilt klart best frå "oven" i dag...
Oppe i Sundsmyra der blei det leik, litt fortball, hoppe lengde og så trente Tim Are litt utstilling med hundane...Han er jo sååå flink så eg la ut ein snut på instagram på #Kvasneset :) Trykk her og du kjem direte til den...

 #Storfjorden #Hjørundfjorden, ja eg treng vel ikkje sei meir ;)
Sjølv om eg no både er sliten og trøtt ser eg fram imot fleire slike daga ♥♥♥
#Terapi #avslapping #kos #kvalitetstid #godt for kropp og sinn #livet er virkelig best ute!!...
Klem -Anja-

lørdag 18. april 2015

På "Gofjellet" igjen!!...

...å det ilag med verdens beste "Sky" og ei god barndomsvenninne ❤️ kunne ikkje bli betre i dag!
Herlig turver, godt selskap og fin prat så gleda meg til neste tur...
 Barndomsminne med barndomsvenninne..
 "Sky" på fjellets høgste punkt...
 Utover mot Langevåg o Breisundet...
 Men, det er vakrare når ein snur seg og ser Storfjorden og innover Hjørundfjorden...Ja til og med når dei spektakulære fjella er delvis dekka av skyene... 

Var nok einaste denne dagen denne veka eg hadde klart å kome meg opp i og med det har vore ganske så skjærande smerter, men det her gjekk akkurat. Dusj og eit par tima med kvile etterpå så tok vi turen til Sunde igjen og på Sjøbuda å spise ilag med mamma og pappa, Eirin og Ferdinand - superkoselig og nydelig mat, så det der kan vi gjerne gjer igjen!!

Vel heime tok  eg med meg familiens fire fibeinte ut på ein liten kveldstur :)
Ønska de alle ei riktig god helg!!
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...