søndag 31. august 2014

Spektakulære Molladalen

Tenke seg til å gå oppover i fint og lett terreng gjennom skogen, så i litt åpnere landskap og ikkje nåkke meir spesielt enn stor gråstein dekt med litt mose, gras og lauv...nja, kan ein tenke, kva er så spesielt!? Så går du litt til og det blir brattere, smalere og steike langt ned, så ser du oppover og der framme så begynne tindane å vise seg, solkledde tindar som byr seg fram frå si aller beste side...over den digre gråsteinene med litt gras i forskjellige nyansar dansa tindane litt ujevnt og perfekt på rekke og rad!!...

Å då kan du berre gå der å nyte tindane for kvart steg du tek og du ser dei litt anleis for kvar gang du ser opp, og etterkvart dukka fleire og fleire opp...SPEKTAKULÆRT er det eg kan sei når du kjem opp på kanten og heile dalen åpna seg for mine føtter!! Ååååååååååå...fantastisk, magisk, ja akkurat der kan eg ikkje skjønne at ein kan ha det betre!!

No har eg berre gått kjapt gjennom nåkken bilde frå dagen...og vil sjølvsagt dele med dåkke :) Blei ein del, men hellandussan den plassen er magisk og skulle gjerne delt enda fleire ☆☆☆ fortsettelse følger etter alle bilda...For kvar tur denne skrotten klare er det meir og meir som eit lite eventyr
 Vi nærma oss og her stoppa vi for å suge inntrykket av tindane, ja åsså få oss ein dråpe eller to med vatn...
 
Vel framme kosa vi oss med trening, kaffi og matpakke, hundane bada og vi sugde berre inn det vi kunne av inntrykk og energi som fjella og tindane strålte utav seg...
Hadde tatt med ein rosa dummy og trena litt med hundane, trykk på linkenher for å sjå bilder - FUCK CANCER!!
Det er fleire av toppane eg kunne tenke meg å bestig, sjølvsagt ikkje uoverkommelig men når ein slite sykt med å berre komme meg ned igjen frå Molladalen, vil eg ikkje med det første kjenne korleis det vil vere frå mellom andre Jønshornet eller Randers Topp! Men eg har som alltid ein draum ;)
 "Mille" tek imot "Pekka" etter ein svømmetur...
 Papsen rett over oss nede ved vatnet...
 "Sky" med "Mille" i bakgrunnen...
 "Sky" så fint med tindane bak...
 Her er det "Tutta" som posera så fint... 
 Åj...så blei eg også med på eit bilde ;)
 Spektakulære Molladalen med sine vakre Molladalstindane...
 Vi var alle samde at det var ein gilde tur... 
 Skiten vise på lyse bikkjer... :)
 Takk for denne gang
Her er det greit å gå over elva og på stien under her, eller som pappa og "Pekka" gjekk over åsen der...Her er ein kjetting så du bør halde deg i, men for bratt for store hunda, papissane kunne ein berre tatt under arma ;)
 Nåkken nysgjerrige ulldotta...

Har hatt ein fantastisk tur med super følge!! Tusen takk til mamma og pappa, "Tutta", "Pekka", "Sky" og "Mille" ♥ med det har eg fantastiske bilder og ein god oppleving lagra i minnebanken...
Klem -Anja-


NB! Veldig fint å kunne campe der oppe ei helg......men eg ber dåkke alle enten om dåkke campa eller berre på dagstur; Må dåkke gjere dåkka fornødne så for all del grav det ned, og ikkje drit inn til kvar ein stein der som det er så fint for folk å sitte å raste!!!.......Skjønna at det er geit å ha ryggstøtte under arbeidet, men tenk litt på andre også og ikkje berre deg sjølv!! ;)

Fuck Cancer

I dag tok eg med meg ein liten dummy i sekken og det måtte bli ein rosa........I spektakulære Molladalen hadde eg ikkje med meg ei rosa sløyfe, men ein dummy. Det blei nåkken apporta og eg set inn pengar for kvar gang den blei henta - FUCK CANCER...

Kreftforeninga har eg støtta før og dette var eit veldig bra tiltak, så det kjem nok nåkken små drypp frå meg også ;) 
 Kan vel ikkje trene hund i flottere omgivelsar!?...
 "Sky" in action...
 "Pekka" har super fart!!...
 Litt av nåkken svev under treningsøkta i Molladalen i dag...
Så var det plutselig fleire i driv på samme tid...

Med dissa bilda av herlige hunda med rosa dummy sei eg FUCK CANCER ein gang til i kveld!!...
Klem -Anja-

lørdag 30. august 2014

Kos med Eplekake i langpanne

...på legevakta i går kveld fekk eg beskjed om å gå heim å slappe av ☆ blei i grunn glad for den beskjeden og sa til legen at då stikke eg heim, tek eit glass med vin og eit herlig bad...Det syns han hørtes fornuftig ut :) og slik blei det, min kjære gjor badet klart og eg kunne ta ein dusj og ta med meg vin- og vant glass ut...

I dag skal eg berre tussle rundt, plante litt ute og kanskje kose meg med ei bok...Har også plan om å ta med meg mine p&p dummyer ut å kaste litt til "Sky" og samle inn nåkken kroner til Kreftforeninga ♥

Men etter ein rolig morgon har eg vore i hagen å henta inn epler og bakt eplekake...Laga ei stor i langpanne i tilfelle eg skulle få besøk her kjem veffal ein kompis som skal hjelpe oss med litt opprydding eller berre familiekos.
 

Eplekake i langpanne

500 gr. smør
350 gr. sukker
8 egg
500 gr. kveitemjøl
3 ts. bakepulver
3 ts. vaniljesukker

Smør og sukker rørast kvitt og luftig, tilsett 1 og 1 egg om gangen, ha så i alt det tørre og rør godt...
Røra has i ei langpanne med bakepapir og er klar til at du skrella og dele epler og har på...
Epler akkurat passe nedtrykt slik at dei som ikkje lika eple kan pirke dei vekk...akkurat slik eg sjølv gjorde då eg var lita ;)

På toppen

9 epler i litt forskjellig størrelse
Passe mengdre kanel og sukker, har ei ferdig blanding som eg bruka til barnas graut etc. Strødde eit passelig lag og tok litt ekstra kun med kanel...

Kaka sette eg midt i forvarma ovnen på 190 grader i ca 45 minutt...


☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆☆


Tim Are har besøk og no skal barna få seg ein god smoothie - Katja har tatt fram det vi treng og vil gjere det meste sjølv :)
Kaka dufta herlig og vi gleda oss til å smake...
 
I skrivande stund er kaka endå ikkje ferdig stekt, men her lukta det himmelsk i heile huset...Ha ein rolig, fin, koselig, innhaldsrik og ikkje minst avslappandes laurdag ☆☆☆
Klem -Anja-

fredag 29. august 2014

Pastasalat for jegerspira

I dag har Tim Are kort dag på skule og det var tid til å lage lunsj til Katja kom frå skulen...Dei lika godt forskjellige pastasalata, så då var det berre å hive sammen ein.

Pastasalat
1 pk. Fullkornspasta
1 pk. Jegerbacon
1 stk. Chili
1 pk. Spekeskink
1 stk. Paprika
1 pk. Rucola salat
1 Lita boks mais
Oliven

Dressing
Ca. 1 dl olivenolje
Stor bunt med basilikum
1 fedd kvitløk
God klype med Maldon salt
Dressing med finkutta basilikum, finhakka kvitløk, Maldon salt og olivenolje. Lar det stå litt for å la smaken "sette seg"... 

Kokt pasta legges i ein stor bolle. Steik baconet i små biter og mot slutten tilsettes finhakka chili. Ha alle ingrediensar i bollen og bland godt. Hell over dressingen, vend om og vips deilig pastasalat klar for servering...

Dagens tre barn og meg sjølv blei mett, og resten satt kjølig klar til morradagens lunsj ☆☆☆
Klem -Anja-

torsdag 28. august 2014

Herlig tur ☆

Først må eg berre beklage kvaliteten på bilda...i dag blei det mage bilder her, men tatt med ein stakkars knust iphone som eg ikkje heilt såg kva eg tok bilde av ;)

I dag fekk eg etterkvart koordinert beina og eg kunne ta meg ein kjapp tur på fjellet for å samle inn litt energi... Mi kjære søster Irja ringte og eg skravla med ho på veg oppover, då eg kom til Blåfjell var det fleire som gjekk oppover mot Eltrane og eg blei så frista! Det skilte har lyst mot meg fleire ganga og no var det jaggu på tide å sjekke ut den stien der :)
Litt oppi der fekk eg meg eit kjekt turfølge...kjempe koselig med litt skravling og slå følge med vant "turfjellgåar".  
 Tatt på Blåfjell mot Ålesund...
 Bilde tatt på veg oppover frå Blåfjell mot Hessa og Ålesund...
 På veg utover, ser nok ikkje enden enda...
 

Å kor flott det var der oppe, sola på himmelen og ikkje ei sky å sjå...blå himmel og vakre omgivelsar - eg kunne ikkje hatt det betre!! Heilt fantastisk å gå utover, litt høgdeskrekk er det i meg enda å dei store sprella blei det ikkje. Mine kjære firbeinte hadde sikkert lyst å "springe laust" sjølvsagt under kontroll å kose seg men det var ikkje aktuelt då eg er sååå redd for at dei skal gå seg utføre, ja sjølv om vi innimellom gjekk langt innpå fjellet...

Sitte utpå enden der er medesin i seg sjølv, og ein balsam for sjela som du verken får på resept eller anna måte...Uansett kor låkt ein får etterpå spilla ingen rolle for no har eg fått lufta sinnet, og fått påfyll av goder i "minnebanken" min.

 På enden av Sulafjellet, så vakkert og fantastisk!!
 Fine "ulldottane" som var litt nysgjerrig på oss...baki der ser du Hareid...
 Spreke lille "Mille" - skulla hatt skritteller på ho i dag gitt og den hadde sikkert gått i sjokk ;)
 Dei vakre "ulldottane" ha begynt å reise på seg...
 Selfie, som ikkje skulle vere selfie...såg nok ikkje at telefonen hadde snudd kameraet, så slik kan det altså sjå ut bak kameraet når eg tek bilde av utsikta!! - Ein kosete svart dott på fanget, der hadde nok "Sky" litt før fått lillefingern, og tok heile handa og litt til ;)
 På veg tilbake har vi lagt igjen nåkken fotavtrykk og fylt opp "minnebanken"...
 Utpå den dingsen her gjekk eg med to hunda...kan godt sei at hjarte fekk seg litt ekstra trim ;)
 Stilig både oppå og ved sida den steindingsen...
 Hundane gjekk fint foran, ved sidan og nåkken ganga nesten inni beina til turfølget våra...
På veg tilbake delte vi veg, turfølget mitt gjekk mot Varden TAKK FOR TUREN!! og eg luffa oppom Grøthornet for der har eg ikkje vore før, så då veit eg kva det også er...herlig tempo i mjukt underlag nedover mot Vonhytta i litt forskjellige retninga, og vips så begynte helvete!!!...Tenk kunna eg berre fløge ned igjen derifra!!?...Men, den som har komt opp må ned, berre å bite tenna sammen og gjere kvart støt så lett som mulig ;)
 "Sky" på Grøthornet med Ålesund bak...
 Her var det nåkken som har gløymt igjen staven sin...
 Selfie på Grøthornet...Nåkken har nok sett det på Facebookstatusen at eg har funne igjen alle solbrillene mine som eg la på ein lur plass i vinter ☆ Valget stod mellom lilla, rosa, kvite, blanke, beige, brune og svarte...på dinne flotte solbrilledagen blei det dei lilla med blingbling - fjongt på fjellet...
Vel ned på Vonhytta...var det flotte med turen unnagjort og tid for å kvinne seg opp til skjærandes smerter nedover...

Ned kom eg i dag også ...jadda, litt vondt akkurat no, men akkurat som forventa... med minnebanken full av fine glimt, og doser med positiv energi ☆☆☆ Herlig!!.
Klem -Anja-

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...